Smir framtidas politikk
Tankesmier har vore viktig for den politiske utviklinga i Storbritannia og USA. Utviklinga av eit toblokkssystem i norsk politikk kan føre til at dei styrkar posisjonen sin i Noreg også.
TANKESMIER
Ei tankesmie er eit forskningsinstitutt eller ein anna organisasjon som gjer råd og idear om politikk, næringsliv, eller militære spørsmål.
Illustrasjon: Thatcherisme, nyliberalisme og neokonservatisme har ein ting til felles. Dei er politiske innovasjonar født utanfor det politiske systemet. Dei er produkt av tankearbeid gjort i såkalla «think tanks», eller tankesmier.
Polarisering gjev grobunn for tankesmier
– Tankesmier er ein viktig faktor i amerikansk politikk, seier informasjonsrådgjevar Kjell Terje Ringdal i kommunikasjonshuset Dinamo.
Sidan 2000 har han arrangert studieturar til Washington. Der deltek norske politikarar og journalistar for å studere politisk journalistikk, medieteori og korleis nyhende blir skapt.
– Det finst mange typer tankesmier. I USA er det klare skillelinjer mellom konservative og liberale tankesmier.
I Norge er tankesmier mykje mindre utbreidt enn i USA. Dei har også ein annan funksjon.
– I USA ligg tankesmiene mykje nærmare beslutningstakarane, altså politikarane. I Norge er avstanden mykje større. Dei mest innflytelsesrike amerikanske tankesmiene har direkte «access» til politikarane.
Ringdal ser imidlertid for seg at tankesmiene vil spele ei viktigare rolle i norsk politikk i tida framover.
– Norge ser ut til å gå mot eit politisk toblokkssystem. Ein effekt av dette kan vere at det blir fleire og større miljø som arbeider opp mot desse to blokkene.
Ringdal meiner at ein eventuell framvekst av tankesmier vil vere positivt for samfunnsdebatten og for demokratiet.
– Dersom dei politiske partia ikkje vil diskutere eit spørsmål, blir det ikkje teke opp. Førre valkamp var til dømes alle partia einige om at EU ikkje skal vere eit tema. Tankesmier kan ta opp tema uavhengig av kva det er politisk opportunt å diskutere.
Langsiktig arbeid
Forskningsleiar Bernt Aardal ved Institutt for samfunnsforskning er ikkje like sikker på at vi vil få ein stor framvekst av tankesmier i Noreg.
– I Noreg kan det vere vanskeleg å få finansiert slik aktivitet. Vi har andre reglar og ein annan kultur enn til dømes i USA.
– Tankesmier arbeider jo særs langsiktig. For å få pengestøtte til slik verksemd må det finnast folk med penger som ser viktigheita av langsiktig arbeid med politiske og ideologiske spørsmål. Eg trur ikkje der så mange av desse i Norge i dag.
Aardal trur også at det kan bli vanskeleg for norske tankesmier å fylle rolla som politiske innovatørar.
– Ein må hugse på at det partipolitiske systemet i USA er veldig ulikt det vi har i Noreg. Det demokratiske og republikanske partiet er i stor grad valkampmaskiner og ikkje politiske parti slik som vi har i Noreg. Dei politiske parti i Noreg er heller ikkje så nyskapande, men handterer slik prosessar betre en dei amerikanske.
Norske tilstandar
Den norske tankesmia Civita siden den vart oppretta i 2003. Civita vert omtala som ei liberal-konservativ tankesmie, og får støtte fra NHO.
Leiar Terje Svabø meiner tankesmier kan vere med å gje eit positivt bidrag til samfunnsdebatten fordi dei argumentere ut frå sin ideologiske ståstad utan å vere bundne av partiprogram.
– Det er ei utfordring for ei tankesmie å vere synleg i media. Vi er nye aktørar og har ikkje kortsiktige populistiske saker, men driv langsiktig og seriøst om prinsippielle tema. Men tankesmier på leggje vekt på spørsmål på prinsipielt nivå. Eg seier ikkje at vi skal melde oss ut av den dagsaktuelle debatten, men vi bør ha eit langsiktig perspektiv.
På den andre siden av den politiske skalaen finn vi Manifest, venstresidas tankesmie.
Leiar Magnus Marsdal trur framveksten av norske tankesmier vil halde fram.
– Eg trur at tankesmier kan spele ei viss rolle i Noreg i framtida. Politikken er i ferd med å bli meir polarisert enn tidlegare. Det fører til meir konflikt, og interessen for ideologi aukar. Og ideologi fordrar meir tankeverksemd, fordi den må grunngjevast. Ein treng ikkje om å grunngje pragmatisme. Alt ein treng då, er ein dose snusfornuft og vanleg feigskap.
Men Marsdal trur det kan bli vanskeleg å få økonomisk støtte til mange tankesmier. Han saknar ei velfinansiert og velfungerande tankesmie på venstresida.
– Det er relativt enkelt for Civita, som stadig får pengar frå NHO. Dei fekk nyleg mange millionar høyrer eg, medan vi har 7 000 kroner på konto.
Han årvarer også mot den rolla tankesmier kan spele i framtida.
– Dei har fungert som ein reiskap for å omsetje pengemakt til idelogisk makt.