Som forventa

Publisert Sist oppdatert

STUDENTRADIOALBUMET

Foto: The Shins. Wincing the Night Away. Sub Pop records.

The Shins song seg inn i hjarta våre i filmen Garden State, og gjer eit nytt forsøk på det same med skiva Wincing the Night Away. Framleis sit gladpopen i førarsetet, med nokre melankolske element i bagasjerommet. Skal ein tru Rolling Stone er albumtittelen inspirert av søvnproblema til frontfigur James Mercer. Vi kan rekne med han er kvitt desse vanskane no, dette albumet er i alle høve eit drepande godt sovemiddel.

Første gjennomspelinga er over før ein veit ordet av det, utan at nokon av songane eigentleg har festa seg til hovudet, bortsett frå andresporet «Australia», der ordet «conundrum» får deg til å spisse øyrene nokre gongar. Der dei to førre skivene til The Shins skrangla seg framover, er Wincing the Night Away tettare samanskrudd. Og det er her albumet misser slagkrafta.

Men albumet har også kvalitetar. Minimalistiske «Australia» kan faktisk minne om The Margarets på sitt beste og mest livsglade, og det skal godt gjerast å ikkje lette på foten til den enkle, men effektive rytmen. Feelgood blir erstatta med feelbad når melankolien tek overhand med dei subtile penisreferansane i den fantastisk vakre «Phantom limb». The Shins er like seg sjølve i «Girl sailor», der dei leverer smilepop frå øvste hylle.

Det hadde vore fint å kunne fjerne ei av låtane. Og då hadde «Sealegs» vore ein saga blott. Med falske trommer og vokal utan interesse kunne denne låta like godt vore henta frå b-sidene til Scissor Sisters.

Alt i alt er denne plata så god som ein kunne vente, men ikkje fullt så god ein kunne håpe på.

Indie har blitt mainstream, ogWincing the Night Awayer definitivt indie. The Shins leverer eit tidvis keisamt album, men med tre-fire kanonlåtar som løftar standarden markant.

Powered by Labrador CMS