Ulv, ulv!
Apologies to the Queen Mary av Wolf Parade(Sub Pop)
Wolf Parade er nok eit band som har store forventingar knytta til seg, og eit av fleire band frå Montreal som i det siste har blitt blåst opp som dei neste store. Tidlegare har dei kun hatt ein sjølvtitulert EP å vise til. Bandet blir stadig samanlikna med ein av fjorårets store heltar på indiescena, The Arcade Fire, som forøvrig óg kjem frå Montreal. Desse to banda har turnert Canada i lag med Modest Mouse, ei anna kjend gruppe på denne scena. Vokalisten i Modest Mouse har sågar produsert denne skiva, og det kan kanskje høyrest ut som om Wolf Parade legg seg midt i mellom dei to nemnde referansane.
Musikken går glatt inn i båsen indiepop, om vi skal vere så frekke at vi set ting i slikt. Synthmelodiar glir elegant fram i lydbiletet, og er den dominerande melodiskaparen saman med vokalen. Gitar, trommer og tangentar, alt prosessert gjennom ein pc, gjev eit pent men ikkje særleg spanande komp i dei tolv låtane som sjeldan strekk seg mykje over tre minutt. Det manglar tyngde i kompet før spora er dansbare på lik linje med band som Bloc Party og Franz Ferdinand. Av låter som skil seg ut finn vi den fengande «We Built Another World», ei av få låtar på dette albumet som ville gjort seg veldig bra på eit trangt og svett dansegulv. «Same Ghost Every Night» er ein vakker ballade og kanskje platas beste. Første låta, «You Are a Runner and I am My Fathers Son», kunne nesten ha vore med på siste plata til Kaizers Orchestra, med eit ompalignande komp og ein vokal Janove Ottesen ville vore stolt av. Diverre er desse låtane dei einaste som peikar seg ut, og heilskapen blir litt anonym.
Sjølv om tittelen tilseier det, skal Wolf Parade få sleppe å unnskylde seg. Dei oppnår akkurat godkjent med denne debutplata, men eg trur dei kan betre enn dette.