Intervju med rektor:

– Eg var ikkje spesielt skuleflink

Det er ikkje alltid like skummelt å kallast inn til rektor sitt kontor.

Publisert

Då Anne Borg trekte seg frå rektorstillinga, vart dåverande prorektor for forsking og formidling, Tor Grande, konstituert som rektor ved NTNU fram til mai. 

I dag har han sett av noko av si dy r ebare tid til å fortelja livshistoria si til Trondheim sine studentar.

Spreking 

Tor arbeider heile dagen, kvar dag, for tilsette og studentar. 60-åringen er likevel sprekare enn at han set seg ned for å kvila etter ei lang arbeidsveke. 

– Ungane og eg har heldigvis felles interesser. Me er mykje på fjellturar og syklar offroad ute i Estenstadmarka eller Bymarka. 

Både far og søner har stor glede av å vera ute i naturen. Og gjerne i dei bratte Alpane. 

– Me budde i Sveits då eg hadde forskingstermin. Då budde gutane og eg der, og kona pendla herifrå. So me tek gjerne ein ferie på fjelltur i Mellom-Europa. 

Som student dreiv han med handball i det som den gongen heitte NTHI, men det slutta han med som førtiåring. 

– Du er like god i hovudet, men kroppen toler det ikkje. Eg berre skada meg og hadde rett og slett ikkje styrke nok, so eg var nøydd å byrja med noko anna. 

So då vart det utforkøyring med sykkel? 

– Ja, det hender at ein ramlar der òg, men ein toler vel ein støyt. 

Saknar fritid 

Tid, og spesielt fritid, er ei eksotisk mangelvare når ein er rektor, men det er viktig for Tor å taka seg heilt fri med jamne mellomrom. 

– Eg har fått til å taka heilt fri i helgene, men kvardagane går stort sett med til arbeid. 

Han anar ikkje kor mykje tid jobben faktisk tek. 

– Det tør eg ikkje tenkja på. Mykje meir enn førti timar i veka, i alle fall. Men eg har vorte flink til å sørgja for at eg ikkje tråkkar over grensa, for då jobbar du ikkje bra, rett og slett. Men fritid er noko eg saknar litt. 

LES OGSÅ:  Her er det nye UKEstyret: – Hold av hele høsten 2025!

– Du er nøydd å prioritera 

Jobben er ikkje ferdig klokka fire. Som oftast er han ikkje heime før klokka seks eller seinare. 

– Slik er det å ha leiaransvar. Det er mange andre enn rektor som har det sånn i organisasjonen, men folk ved NTNU er generelt glade i jobben sin, so det vert ikkje alltid opplevd som ei påkjenning. 

Tor er oppteken av å vera far òg. Då gutane var små, var det viktig for han å ha pappapermisjon. Mykje av fritida går til familien. 

– Far min døydde i vinter. Då gjekk det ein del tid til det. Jobb er no éin ting, men ein vil jo bruka tid på familien òg. Tida vert dyrebar. 

Tor veit korleis han skal bruka tida. 

– Du er nøydd til å prioritera. Medan pappa levde, prioriterte eg å vera med han kvar veke. Eg var den einaste slektningen som bur her, so det var viktig. 

Testa ut grenser 

Det er ein kortreist rektor NTNU har funne. Tor er oppvaksen på Nardo og har stort sett vore i byen heile oppveksten. 

– Eg har trådd mine barnesko og ungdomssko her i byen. Eg gjekk på Nardo barneskule, Singsaker ungdomsskule og Strinda vidaregåande. So arbeidde eg eitt år, før eg byrja på NTH, som det heitte den gongen. 

Han tok sivilingeniørutdanning i kjemi, som han har vore oppteken av sidan han var unge. I tiårsalderen fekk han nemleg eit kjemisett. 

– Det gjaldt å testa ut grenser. Eg var veldig nysgjerrig på kjemi, og det var vel inga overrasking for dei ikring meg at eg enda opp innanfor realfag. 

– Ikkje spesielt skuleflink 

Det var ikkje kjemi som var fyrstevalet. 

– Eg er dyslektikar og var ikkje spesielt skuleflink; dei som har slite med det, veit jo kva det inneber. Eg hadde skrivevanskar, men ikkje særleg lesevanskar, og kom ikkje inn på studiet eg ville søkt på om eg hadde betre karakterar. 

Han kunne godt tenkt seg å studera fysikk. 

– Men det var heilt urealistisk, so eg tenkte aldri på å søkja. Eg var nøgd med kjemi, men eg hadde nok ikkje kome inn på noko anna. Mykje av det eg har forska på, er i grenseland mellom fysikk og kjemi. 

Til trass for alle åra som kjemikar og forskar kan han ikkje taka stilling til kva som er yndlingskjemikaliet hans. 

– Det var eit godt spørsmål. Eg såg på periodesystemet ein gong og tenkte på kva for grunnstoff eg ikkje hadde arbeidd med i forskinga. Det var ikkje mange element, so eg trur ikkje eg har nokon favoritt. Eg arbeidde mykje med fluoridar ein gong, men det fagområdet døydde ut. 

LES OGSÅ:  ATB setter ned billettprisene

– For radikale i mitt hovud 

Dessutan var han mykje på Samfundet i studenttida. 

I dag finst det mange alternativ til Samfundet, men den gongen var det meir avgrensa. Den gongen var Samfundet arven etter studentopprøret. Storsalen var delt i to. 

– Då sat den konservative fraksjonen på éi side og den raudare på andre sida. Det var eit gap imellom og veldig polarisert. 

– Kva for side sat du på? 

– Eg var nok meir på venstresida, men dei var litt for radikale i mitt hovud. Den gongen såg ein spora etter marxistleninist-rørsla endå, og dei var kjende for å vera kompromisslause. Det var ikkje noko negativt med korkje den eine eller andre leiren, men lite rom for dei i midten og for mangfald. 

Tor var der mest som tilskodar og deltok ikkje i debatten sjølv. Det engasjerte dei spesielt interesserte, men ikkje dei fleste, trur han. 

– Samfundet er nok litt sunnare og meir konstruktivt no enn den gongen. I dag er mange opptekne av miljø og andre saker, ikkje berre partipolitiske ting. 

Ein rektor for alle 

Som student vart Tor fort glad i akademia. 

– Allereie i andre klasse hadde eg funne ut at eg skulle taka doktorgrad, og såg føre meg å verta professor og å ha ein karriere innanfor akademia. 

No har han vore tilsett ved NTNU i 30 år og professor i 27 år. 

– Fram til no har eg hatt ein fot i fagmiljøet. Eg har vore rettleiar for master- og doktorgradsstudentar.

 Han kunne ikkje rettleia masterstudentar etter at han vart prorektor, men rettleiar framleis stipendiatar. 

– Avstanden mellom den einskilde tilsette eller student og rektor vert opplevd som stor, altso. Eg vil aldri få treft dei 8000 tilsette eller 45000 studentane; det går ikkje. 

Det er viktig for Tor å ha forståing for og erfaring med korleis det vert opplevd å vera tilsett eller student. Han trur heller ikkje at han vert oppfatta som einsidig, sjølv om han har sine røter på Gløshaugen. 

– Eg vil ikkje oppfattast som ein rektor for berre éin del av institusjonen, men for alle. 

– Det var enklare før 

Tor har mykje på hjartet når han skal svara på kva han tek med seg frå tida som student inn i jobben som rektor. 

– Du ser jo kor viktig det psykososiale arbeidsmiljøet er, og kor viktig det var for min del å ha gode vener, både dei eg studerte med og dei eg spelte handball med. Det å ha tilhøyrsle og ikkje kjenna på einsemd, slik eg trur mange gjer i dag, var viktig. 

Sosiale medium får skulda for noko av skulda for problema. 

– Møte mellom menneske trur eg er viktigare i dag enn nokon gong, med dei digitale utfordringane som kjem. Du vert menneske medan du studerer; det er den søkjande perioden når du slår deg til ro og finn personlegdomen din. 

Han trur studentar i dag står overfor fleire val. 

– Det var enklare før. Når du byrja på eitt studium, var det ikkje eingong sikkert at du hadde råd til å byta. Men so var det sikkert ikkje so dyrt å vera student den gongen. 

Tor tykkjer at alt verkar meir dramatisk i dag. 

– Eg har undervist i mange år og høyrer ein del tvil hjå studentane, til dømes kring om dei har teke rett val. Då plar eg seia at ein ikkje sluttar å læra når ein er ferdig utdanna. Du står ikkje ved eit vegskilje heile tida, det er mange mogleikar. 

Dette er noko han prøver å få studentane til å skjøna. 

– Berre gjennomfør, so får du interessante arbeidsoppgåver seinare. Studievalet er ikkje so dramatisk som ein kan få inntrykk av. So eg tenkjer mykje på å skapa trygge rammevilkår og gode omstende for å trivast, men samtidig læra. Eg arbeidde mykje under studiet sjølv. 

LES OGSÅ:  – Vi kjenner oss som driten under skoen til studieadministrasjonen

Rektor med liten r 

Når han vert spurd om korleis han som rektor arbeider med dette, er han brått ikkje Tor lenger, men rektor. 

– Det er jo ein av dei viktigaste tinga me gjer, ikkje berre som rektor, men gjennom heile leiarlinja på NTNU. 

Det er jo veldig organisert og strukturert arbeid i måten me arbeider med studia. 

– Men kva med deg? Korleis er det du arbeider med dette? 

– Eg har heilskapsansvaret. Eg har jo hatt meir ansvar for forsking før, men no er eg nøydd å vera mykje meir oppteken av utdanningsoppdraget og studentar. Der har det vore klåre prioriteringar som handlar om å leggja til rette for gode læringsmiljø og gode studium. 

Han er slett ingen eineveldig herskar og audmjuk når det gjeld ambisjonane som rektor. 

– For det fyrste trur eg at ein lyt passa på å ikkje overdriva påverkinga av éin person i ein stor organisasjon. NTNU fungerer godt fordi me er eit lag. Som rektor har du gode prorektorar og ein hovuddirektør – ein god rektorstab. 

Han tykkjer at dei er mange flinke folk og seier at summen av det dei får til, er det som institusjonen haustar av. 

– Eg er oppteken av mange ting. Akkurat no står me i ein vanskeleg situasjon med stagnerande budsjett. Då er det viktig å taka vare på arbeidsmiljøet til dei tilsette. 

Ikkje allmektig 

Når han seier at det er avgrensa kva éin person kan utretta åleine ved NTNU, er det naturleg å spørja kva han som rektor faktisk har makt over. 

– Heldigvis er ikkje ein rektor allmektig. Institusjonen byggjer mykje på medverking og medbestemming. Avgjersler som vert tekne på NTNU, er godt forankra. 

– Men du, rektor med liten r, kva er i di makt? 

– Det som rektor er oppteken av, er å ikkje berre ha ein symbolverdi, men ei påverkingskraft i tillegg. Det er viktig å vera tydeleg. 

Studentmedverking er heilt avgjerande 

– Viss du skal vera heilt ærleg, tykkjer du at me studentar stiller rimelege krav, eller tykkjer du av og til at me er litt plagsame? 

– Nei, veit du kva, eg er rett og slett berre imponert over dei tillitsvalde. Eg treff jo både dei i Studenttinget og dei som sit i styret, og dei bidreg berre konstruktivt. Det er ikkje alltid eg er einig, men eg har til gode å verta irritert. 

Han tykkjer ikkje at dei klagar og skulle heller ynskt at dei var endå meir engasjerte. 

– Me ser at dei som arbeider for studentdemokratiet gjer ein kjempeinnsats og er viktige røyster. 

Då er det naturleg å spørja kven som vert tillagde mest vekt når ei avgjersle skal takast – dei 8000 tilsette eller dei 45000 studentane. 

– Eit universitet utan studentar, kva ville det vore? Det seier jo eigenleg alt. 

Han utdjupar heldigvis likevel. 

– Me har vore utruleg heldige med å ha fått studentar som er so motiverte, men ein skal ikkje tru at ein ikkje har eit forbetringspotensial når det gjeld utdanningskvalitet. No kjem jo kunstig intelligens og digitale utfordringar, og då er me berre nøydde til å vera frampå. 

LES OGSÅ:  Rektorkandidatene om NTNU sin rolle i verden

– Men når ei avgjersle skal takast, og studentar meiner éin ting og tilsette meiner noko anna, korleis vektlegg du dei synspunkta? 

– Eg meiner at me er ein organisasjon som lyttar, det vil eg absolutt seia. Det vil ikkje seia at me alltid er samde, men at me til dømes justerer eit vegval ut frå studentperspektivet. 

Det er noko dei gjer dagleg, seier han. 

– Og det er eit ganske stort apparat knytt til utdanningskvalitet, der medverking frå studentar, frå referansegrupper og tilbakemeldingar, er heilt avgjerande. 

Nokre velmeinte råd 

– Kva vil du fortelja til studentane? No har du eit talerøyr ut til alle studentane i Trondheim. 

– Akkurat no håpar eg at eg får gleda av å halda ein tale på immatrikuleringa. Å vera rektor og seia nokre forhåpentlegvis fornuftige ord til studentane på starten av semesteret. Engasjer deg, vil eg seia. Ikkje berre fagleg, men menneskeleg òg. Sørg for å taka vare på medstudentane dine. 

Han er uroa for utanforskapen hjå studentar, og at ikkje alle opplever ein fellesskap. 

– Dei som ikkje får oppleva det å studera med ein kollega eller å ha eit friviljug verv, dei mistar noko som menneske. Det var ei veldig viktig tid som prega korleis eg vart, og det å ikkje vera åleine i den prosessen trur eg er viktig. 

Det uroar han å høyra om kor mange unge som opplever einsemd. 

– Det håpar eg at alle tek eit ansvar for, inkludert organisasjonen. Det er viktig, til dømes, at du er nøydd å møta fysisk for å treffa andre menneske og oppleva ein fellesskap. Og bruk tida godt. Det er trass alt viktig å få med seg kunnskap undervegs. 

Vegen vidare 

Tor er ikkje sikker på kva for veg han går når han trappar av som rektor. 

– Det er avhengig av når eg vert ferdig. Viss eg er ferdig om to månadar, er eg framleis prorektor, men eg har håp om å få vera rektor i den neste leiarperioden, altso i fem år til. 

Og viss han går av som prorektor, gler han seg til å undervisa studentar. 

– Eg har jo ei professorstilling, so eg skal leva godt med det. Forskingskarrieren har nok fått seg eit skot for baugen, for å seia det sånn, men eg skal gjerne taka ansvar for undervisning. 

Han veit kva han aller helst vil når neste rektorperiode går ut om fem år. 

– Då er eg 66 år, so eg kan jo taka ein runde til.

LES OGSÅ:  Fem tips til deg som skriver bachelor eller master i år

Powered by Labrador CMS