MÅ TAKLE ELDREBØLGJA: Shah og Frøyen meiner at studieadministrasjonen undervurderer kor viktig samfunnsoppdraget til sjukepleiarstudentane er.

– Vi kjenner oss som driten under skoen til studieadministrasjonen

Jamila Hussain Shah og Ingrid Walseth Frøyen er inne i sitt siste semester på bachelor i sjukepleie ved NTNU og fortel om dei dårlege forholda på studiet.

Publisert Sist oppdatert

– Det seiest jo at det er slik vi kjem til å oppleva det i arbeidslivet og, so dette er nesten meir arbeidslivsførebuande enn noko anna på studiet, seier Shah. Etter snart tre år på campus Øya sit dei att med ei kjensle av å vera nedprioritert.

Annanrangs

IKKJE GODT NOK: Sjukepleiarstudent Ingrid Frøyen er bekymra over den låge utdanningskvaliteten ved på sjukepleiarstudiet på NTNU.

Frøyen seier at ho alltid har kjend seg som ein andrerangs student.

– Eg har inntrykk av at studieadministrasjonen sit med den haldninga at desse skal jo berre verta sjukepleiarar – dei skal berre turka rumpa uansett – so det spelar inga rolle kva vi gjer med denne utdanninga.

Shah er samd og legg til at ein internaliserer ei slik haldning sjølv.

– Du skal ganske aktivt motarbeida den kjensla for å tenkja at du faktisk fortener noko som sjukepleiarstudent, fortel ho.

Ho tykkjer at dei fortener ei betre studietid enn dei har.

– Eg er student i Noreg, på NTNU. Snittet går opp kvart år, men det følgjest ikkje opp med tilsvarande kvalitet. Kvifor skal eg arbeida so hardt for å verta nedprioritert frå første semester, spør Shah.

Dei opplever seg ikkje høyrde.

– Tilbakemeldingar vert ikkje tekne imot. Du ser inga endring. Vi får høyra frå kullet over at det var akkurat likeins med dei, seier Shah.

FASTLÅST: Sjukepleiarstudent Jamila Shah fortel at tilbakemeldingar vert ikkje tekne imot, og at forholda på studiet ikkje betrar seg.

– Vi er på det siste semesteret og kjenner at det har vore tre år der vi har kjempa for studiekvaliteten før vi til slutt har gjeve opp. No tenkjer vi at det ikkje vert noko betre. 

Det er dette som er grunnen til at dei vil uttala seg offentleg om omstenda. 

– No har vi mogleiken. Eg har frustrert meg over dette so lenge og skulle ynskja at eg kunne gjera noko, seier Shah. 

Shah meiner at alle ressursene går til Gløshaugen. 

– Vi unner dei det, altso. Eg tenkjer berre at det kan henda eg skulle vorte ingeniør i staden. Då hadde eg spara meg mykje av dette.

LES OGSÅ:  Rektorkandidatene om NTNU sin rolle i verden

Kall og krise

– Summen av dette får meg til å tenkja når vert det eigentleg verd det å arbeida i helsevesenet, undrar Shah.

Ho er redd for at det er ein egoistisk tanke.

– Men ein gjer jo ikkje jobben berre fordi ein vil passa pasientar og løysa eit samfunnsproblem.

Ho fortel at ho kjenner på ei skuldkjensle når ho seier det.

– Det skal liksom ikkje handla om deg. Det handlar om at det kjem ei eldrebølgje som vi skal taka imot.

Det er vi som skal passa på at dei lever til dei vert 140 år gamle, seier Shah.

Frøyen seier at det er mykje snakk om eit visst kall.

– Som om dette er noko ein gjer fordi ein bryr seg so mykje om andre folk at den dårlege løna og dei dårlege arbeidsforholda berre kan passera.

Då lurar ho på kven dei skal gjera det for.

– Det er ikkje for oss sjølve, i alle fall. Og det er altfor tidleg å sitja med den kjensla allereie før du er ferdig med utdanninga. Sjukepleiarkrisen kan ikkje løysast av at einskilde kjenner eit kall.

Manglar forskriftsfesta kompetanse

Frøyen seier at viss ein sjukepleiarstudent reiser på utveksling, kan ikkje NTNU garantera for at ein får riktig praksis.

– Eg tykkjer ikkje at dei burde ha lov til å skriva frå seg ansvaret på den måten.

Ho seier at universitetet i utgangspunktet berre tilbyd fem av dei sju forskriftsfesta praksisområda dei skal innom i laupet av utdanninga, og at ein, viss ein reiser på utveksling, risikerer å berre få praksis i fire av dei.

– Eg vart oppfordra til å reisa, men no kjem eg til å mangla tre av praksisområda når eg fullfører  utdanninga, noko som gjer at eg tvilar på kor kompetent eg kjem til å verta som sjukepleiar.

Og det finst fleire emner med manglar.

– Studentar i anatomi står ikkje på grunn av undervisninga som NTNU tilbyd. Både førelesarar og eldre studentar råder oss til å nytta Med Easy, altso digitale, kommersielle førelesingar, som kostar tusen kroner i året. I tillegg kjem dyrt pensum, seier Frøyen.

Shah stadfestar at ein lærer meir frå Med Easy enn frå førelesing.

– Korleis står NTNU inne for at undervisningskvaliteten er so låg, spør Frøyen.

Ho ser føre seg kva administrasjonen vil svara på eit slikt spørsmål.

– Dei kjem til å seia at dei manglar kapasitet til å handtera det administrative ved å byta praksislaup. Det er det same svaret dei gjev på alt, men då må dei ikkje taka inn so mange studentar viss dei ikkje taklar det. Det er uforsvarleg, meiner ho.

LES OGSÅ:  Kutt i tilleggspoeng til høgare utdanning

Uforsvarleg opptak

Dei tykkjer at det er trongt i førelesingane. 

– Eg skjønar ikkje kvifor dei tek opp so mange studentar når det er so trongt på campus. Det seiest heile tida at det eigenleg ikkje er plass til oss, men at dei prøver å skvisa inn alle likevel.

I byrjinga tykte dei det var triveleg å vera eit stort kull, men etter kvart har mangelen på plass vorte plagsam.

– Eg skjønar at ein treng fleire sjukepleiarar, men då lyt ein faktisk leggja nok ressursar i utdanninga. Når det er lite pengar til studiet, er det jo vi som tek støyten for det.

Ho har ikkje tru på at dette er noko som kjem til å endra seg.

– Det handlar jo om midlar ovanifrå. Det NTNU kan gjera, er å ikkje taka opp fleire studentar enn dei kan gjeva eit verdig tilbod til.

YNSKJER GOD KVALITET: Fakultetstillitsvald Fredrik Neumann tykkjer det er leit å høyra at sjuke - pleiarstudentane ikkje opplever god kvalitet på studiet sitt.

Fredrik Neumann er fakultetstillitsvald på Fakultet for medisin og helsevitskap ved NTNU og seier at Studentrådet ikkje er kjend med hendingane og opplevingane Shah og Frøyen deler.

– Det er leit å høyra at desse studentane ikkje opplever god kvalitet på studiet sitt, seier Neumann.

Vidare fortel Neumann at Studentrådet MH er kjend med at praksis er problemfylt for mange, og at Studentrådet MH har arbeidd med å gjera dei økonomiske forholda rundt praksis betre.

– No får studentar dekt reiseutgifter på 125 kroner kvar dag og tilskot til husleige på 5000 kroner kvar månad. 

Neumann oppfordrar studentar til å ytra seg når ting ikkje er som dei skal vere.

– Vi som tillitsvalde vil visa dei til kvalitetssystemet for utdanning. Til dømes finst det referansegrupper for kvart emne og studentrepresentantar for alle programområda. Dette er sterke reiskapar for studentmedverknad.

– Helsa vår har ingenting å seia

Gjennom studietida høyrer Shah og Frøyen stadig at samfunnet treng fleire sjukepleiarar.

– Likevel kjennest det som at vi ikkje er verd nokon ting, at helsa vår og tida vår ikkje er verd nokon ting. Det kjennest som at vi berre er her for å verta sjukepleiarar og for å lida oss gjennom livet deretter, seier Shah.

Ho skjønar at det kan høyrast ut som småtteri, men poengterer at det handlar om måten det vert lagt fram på, og at småtinga ballar på seg.

– Vi hadde fysisk anatomieksamen og fysisk seminar i exphil, medan dei andre studentane hadde hatt digital undervisning sidan rett etter fadderveka under koronautbrotet. Ein fortel eigentleg sjukepleiarstudentane at «vi drit i dykk», seier ho.

Frøyen fortel at dei ikkje fekk vita at eksamenen skulle vera fysisk før dagen før eksamen.

– Vi fekk kontrabeskjedar att og fram heilt til kvelden før. Det var fleire, meg sjølv inkludert, som var sikre på at eksamenen vår vart avlyst, slik som alle andre, og som difor ikkje hadde motivasjon til å øva.

Ho seier at det i kvar e-post dei fekk, stod at sjukepleiarane skulle få endeleg avgjersle etter kvart. 

Shah tykkjer at det skal visast respekt for helsa deira, sidan dei trass alt skal ut i helsesektoren sjølve.

– Vi er sjukepleiestudentar. Det er vi som skal taka hand om alle sjukdomane, men vår helse har ingenting å seia. Vi var 240 på kullet, men måtte likevel samlast til fysisk eksamen på Sluppen.

Ho tykkjer at det er i overkant tidleg å oppdaga at å vera sjukepleiar er akkurat slik ein ofte får inntrykk av i media.

– Du er alltid nøydd å slåst for å koma deg gjennom. Og det er alltid noko som lyt veljast bort, anten det er svevn, karakterar eller å vera sosial.

Shah seier at det er lite gøy å vera sjukepleiarstudent i Trondheim.

LES OGSÅ: Eksamensfri 18. mai: – Det er jo ikke en rød dag

Måtte dela seng med framand medstudent

– Eg måtte flytta til Oppdal til min første praksis, seier Frøyen.

Ho skulle finna ein stad å bu sjølv.

– Men når ein midt i semesteret skal finne ein korttidsleigd bustad på kort varsel på ein liten stad, er ein ikkje akkurat på leigetakar sin draumemarknad.

Det enda med at ho delte seng med ein medstudent som ho ikkje kjende frå før, i to månadar.

– Og ein får dekt éi reise frå praksisplass med billegaste reisemåte.

Ho seier at billegaste reiseveg frå Oppdal er med lokalbussen.

Han køyrer ei mjølkerute og tek tre timar, med førti minutt venting på Støren. Dei dekkjer ikkje Dovrebanen som tek to timar og går direkte.

Når ho har helgejobb i Trondheim, for å få endane til å møtast, lyt ho dekkja den reisa sjølv.

Og Gud forby at du skal treffa nokon ei helg eller gjera noko sosialt, seier Shah.

NTNU har prestisje

NGEN KOMMENTAR: Instituttleiar ved Institutt for samfunns - medisin og sjukepleie Solveig Grudt vil ikkje kommentera sjukepleiar - studentane sine opplevingar.

Shah undrar seg over at slike problem kan oppstå på eit prestisjefylt og stort universitet som NTNU.

– NTNU har vel so godt rykte på seg at dei ikkje treng å ha nokon høg kvalitet på utdanninga si; dei får søkjarar uansett, seier Frøyen.

Ho meiner at dei andre mindre universiteta har meir å bevisa, og gjev studentane høgare kvalitet på undervisninga.

– Alle dei høgskulane som no har vorte universitet, særleg USN, har eg høyrd mykje bra om.

Dei har færre plassar og gjev studentane høgare kvalitet på undervisninga.

Shah meiner det er mykje viktigare med kompetanse enn rykte.

– Det er ikkje NTNU sitt rykte som sikrar at eg veit kva eg skal gjera når eg står aleine med ein pasient, seier Shah.

Kritikken frå sjukepleiarstudentane er lagt fram for instituttleiar Solveig Grudt ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie. Ho svarar dette i ein e-post:

– Studentane sine utsegn er subjektive einskildutsegn det ikkje vil vera riktig av meg å kommentera, utover at vi ikkje kjenner oss att i deira beskriving av utdanninga.

Under Dusken har ved flere anledninger skrevet om krevende forhold ved sykepleierutdanningen. Dette kan du lese mer om her:

Powered by Labrador CMS