REKTORDEBATT: Redaktør i Universitetsavisa, Tore Oksholen, leia gårsdagens debatt mellom dei tre rektorkandidatane Øyvind Gregersen, Monica Rolfsen og Tor Grande.

Desse kan bli rektor

Tida for utpeiking av ny rektor nærmar seg. I går stilte kandidatane mot kvarandre til debatt for første gong.

Publisert Sist oppdatert

I den først publiserte versjonen av denne saka stod det «Rektoren skal bli tilsett ved slutten av våren av eit eige utval av NTNU-tilsette og ein studentrepresentant». Dette er no endra til «Rektoren skal bli tilsett av NTNU-styret 15. mai».

Rektoren skal bli tilsett av NTNU-styret 15. mai. No som søkjarlista er klar gav Universitetsavisa kandidatane moglegheit til å fortelle kva dei vil og arrangerte debatt i Storsalen. 

Tre av dei ti søkjarane stilte i panelet: noverande konstituert rektor, Tor Grande, dekan ved Faktultet for økonomi, Monica Rolfsen, og dekan ved Fakultet for naturvitskap, Øyvind Gregersen. 

Kjærleik til NTNU

Debatten opna med spørsmål frå Samfundetleiar Astri Elgethun og tidlegare leiar av Studenttinget Morten Eidsvaag Althe. 

Elgethun spurde kandidatane kvifor dei vil bli rektor, og Monica Rolfsen trakk fram eit ynskje om å stake ut ein meir miljøvenleg kurs.

Gregersen meinte at å vere rektor er ei moglegheit til å bestemme kva retning Noreg skal bevege seg i.

– Tilsette og studentar ved NTNU utgjer ein prosent av Noreg si befolkning, så det vi gjer er betydeleg.

Grande fortalde at hans viktigste motivasjon er kjærleik til NTNU som institusjon.

Ytringsfridom på agendaen

Etter ein turbulent rektoravgang på tampen av fjoråret, har ein ny diskusjon om akademisk ytringsfridom vakse fram. Redaktør i Universitetsavisa, Tore Oksholen, som leia debatten vidare, spurde kandidatane om diskusjonen rundt ytringsfridom er ferdig.

– Ytringsfridomen er stadig aktuell, og kjem aldri med eit «men», sa Rolfsen.

– Kierulf-rapporten viser viktigheita av å verne om ytringsfridomen, og det er ikkje berre rektors oppgåve, men óg kollegaar og studentar si, seier Grande.

Gregersen legg til at det likevel er leiarane som skal bere hovudansvaret for å bidra til eit godt debattklima. 

MEDVERKNAD: Representant i NTNU-styret, Anders Lie Hagen, nestleiar i Studenttinget, Gina Aarheim, og tillitsvald på IE-faktultetet, Odd Arne Fosse, seier at studentane kan påverke rektorvalet gjennom sin representant i innstillingsutvalet.

Studentpåverknad

Sjølv om rektor ikkje skal veljast, forklarte nestleiar i Studenttinget, Gina Aarheim, at studentane påverkar kven som blir rektor gjennom 25 valde representantar i Studenttinget.

– Studenttinget valde Didrik Nohre Lønvik som representant i innstillingsutvalet, og slik blir han studentanes røyst i utpeikinga av ny rektor. 

Anders Lie Hagen er ein av dei to studentrepresentane i NTNU-styret og understreka at Lønvik sit som likeverdig medlem i innstillingsutvalet. 

– Utvalet legg fram eit forslag om kven dei meiner bør bli rektor for NTNU-styret. Så er det NTNU-styret som tilsett ny rektor. Alt dette skjer i hemmelege møte, seier Lie Hagen.

Blei studentanes siste ord om rektortilsetting sagt då dei røysta på representantar til Studenttinget? 

– Kva studentar som skal delta i prosessen i å tilsette rektor er satt. Det er studentrepresentantane sitt ansvar å stille kandidatane gode spørsmål, seier Lie Hagen.

Odd Arne Fosse er tillitsvald på Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk og legg til at det er skilnad på medbestemming og medverknad.

– Sjølv om me ikkje får bestemme kven som blir rektor, kan me framleis vere med på å påverke valet av rektor. Spørsmål som blir stilte av studentar under opne debattar som dette er med på å vise kva me er opptatt av og kva som blir viktig i tilsettingsprosessen.

LES OGSÅStudentens innflytelse på rektorvalget

Powered by Labrador CMS