STOR AUKE: Representantane valte å gå over den opphavlege innstillinga frå arbeidsutvalet.

Velferdstinget gjev 465 000kr meir til studentidretten i 2027 og 2028

På velferdstingsmøte tysdag 21. april inngjekk representantane avtale om økonomisk støtte til studentidretten.

Publisert Sist oppdatert

Avtalen gjeldt NTNUI, NTNUI Ålesund, NTNUI Gjøvik, Aktiv Campus, Dronning Maud Minne Høyskoles Idrettslag (DMMHI) og BI Athletics (BIA). 

– Per no går 2,9 prosent av semesteravgifta til studentidretten. Forslaget vårt er å gje ein total auke på 320 000 kroner, sa arbeidsutvalet under presentasjonen av innstillinga. 

Kvar av dei seks studentidrettsorganisasjonane presenterte sine organisasjonar, økonomi og statistikk for representantane. Etter kvar presentasjon følgde kortare diskusjonar kring kor mykje kvar av dei skulle få, og til slutt ein større oppsamlingsdiskusjon.

RAUSE: Arbeidsutvalet innstilte på å gi ei auke på 320 000 kroner til studentidretten.

Imponerande småorganisasjonar

BIA imponerte representantane med å ha fått ein massiv auke i medlemmar og stabilisering av økonomien sin, etter å ha starta opp for relativt kort tid sidan. 

– Me har hatt ein 167 prosent auke i medlemmar, men berre ein auke på 20 prosent i inntekt. Mange droppar ut i starten fordi dei skjønar dei ikkje får plass på laga våre, seier leiar av BIA, Katarina Huse Ekroll. 

Representant Michell Johansen la merke til ordbruken då BIA sa dei hadde danna ein bufferkonto for å hindra framtidig sløsing med peng, med referanse til det førre styret som satt. Ho påpeika at dei ikkje skal løyve peng til å byggja eigenkapital. 

– Dette er peng som skal beskytta oss. Det er ikkje til eigenkapital, det ville gått direkte til studentidretten, svara Ekroll. 

IDRETTSENGASJEMENT: Det var engasjerte småorganisasjonar som stilte opp på møtet, som leiaren for BIA, Katarina Huse Ekroll.

NTNUI Ålesund kunne fortelja at dei hadde greidd å mobilisera mange medlemmar frå fagskulane i regionen, noko som imponerte representant Tom-Børge Belsaas stort. I tillegg retta han eit stikk mot representant Njaal Ellegaard Melby, som inntil nyleg var leiar av NTNUI. 

– Dette er noko av det beste eg har vore med på i heile mi tid i representantutvalet. Eg har høyrt frå mange fagskulestudentar at det er fleire av dei som er misnøgde med NTNUI enn nøgde, sa Belsaas og spesifiserte at desse får høyra at dei ikkje får plass sidan dei ikkje er NTNU-studentar. 

Melby haldt seg stille under store delar av diskusjonen om støtta til sjølve NTNUI, men svara Belsaas på stikket.

– NTNUI er hovudsakleg til for NTNU-studentar, og med ventelister på over 2500 må NTNUI prioritera dei.

Tilfeldig fordeling

Når representantane diskuterte støtte til NTNUI kom fleire forskjellege synspunkt fram. Representant Tom Børge-Belsaas var skeptisk til om dei eigentleg ville ha løyva peng til lågterskel tilbod, når NTNUI presenterte at volleyball 2.divisjon nyttar over 7000 kronar i året per person. 

– Er det lågterskel tilbod når volleyball i andre divisjon aktivt søkjer til å vere med på stevner mellom anna?

MEKTIG IMPONERT: Representant Tom Børge-Belsaas fremja eit endringsforslag om å auka støtta til NTNUI Ålesund med 250 000 kroner.

Representant Koryachko Johansen poengterte at NTNUI har mange andre lågterskeltilbod. Det vart også påpeika at volleyball er ein dyr sport som må trena innandørs. 

– TILFELDEG: Rawan Jouhar var kritisk til å gje høg auking i studentidretten, men ikkje til andre.

Mykje av argumentasjonen for maksimal auke dreia seg om at studentidrett fremjar god psykisk helse, betre livskvalitet og gjev studentar eit sosialt nettverk. Representant Rawan Jouhar meinte at noko av argumentasjonen gjeld for fleire tiltak og ikkje studentidretten åleine.

– Eg synast det er litt tilfeldig kven me gjev støtte til og ikkje, og eg synast at med argumentet om at studentidrett fremjar god psykisk helse so er det fleire andre tiltak for dette me også kan finansiera. Eg vil ikkje kasta alt på studentidretten, sa Jouhar. 

Trakk endringsforslag

ENDRINGSFORSLAG: Representant Alexey Koryachko Johansen trakk sitt forslag på å innfri søkesummane hjå alle seks organisasjonar.

Innstillinga representantane vedtok gjekk gjennom fleire endringar etter lang diskusjon. Mellom anna sendte Alexey Koryachko Johansen inn endringsforslag om å auka til søknadsbeløpet hjå alle organisasjonane.

– Eg trekk forslaget mitt om å auka til maksbeløp for alle om forslaget om å auka støtta til DMMHI på 50 000 kroner ligg utafor dette. 

Representantane voterte då for endringsforslaget om støtta til NTNUI som gjeldt ei avtale på 1 350 000 kroner, ikkje 1 500 000 kroner som var den opphavlege innstillinga frå arbeidsutvalet. 

– Ein auke på nesten ein halv million er ikkje ein ubetydeleg auke. I framtidsvisjonen er eit handlingsrommet ganske viktig å ha, argumenterte Tom Børge-Belsaas.

Det endelege vedtaket gjeld ei total auke på 465.000 kroner. 

Begeistra møringar

NTNUI Ålesund fekk ein auke på 90 000 kroner og jubla høgt då vedtaket var eit faktum. 

– Me har mange studentar som er sjenerte og som mister det sosiale i klassane sine. Studentidretten har vore viktig for oss.

Mørerepresentantane kunne fortelja at dei det siste året har måtta kutta trening for alle sine 16 idrettar av økonomiske grunnar, og slit med å få nok sponsorar. 

– Det har vore eit enormt kutt som har vore veldig trist for oss. Denne avtalen var akkurat det me trong. 

NTNUI Gjøvik var også ein del av avtala, men var ikkje til stades på velferdstingmøtet. 

Dette er avtalane som blei vedtatt til studentidretten på møtet

Vedtak for Sak 73/25:

“Økonomisk avtale med NTNUI Ålesund” pålydende 250.000 kroner.

“Økonomisk avtale med BIA” pålydende 175.000 kroner.

“Økonomisk avtale med NTNUI Gjøvik” pålydende 220.000 kroner. 

“Økonomisk avtale med AktivCampus” pålydende 200.000 kroner. 

“Økonomisk avtale med DMMHI” pålydende 50.000 kroner.

“Økonomisk avtale med NTNUI” pålydende 1 350.000 kroner.

Powered by Labrador CMS