No vert semesteravgifta di høgare
På Velferdstinget-møtet tysdag 21. april vart det vedtatt ei auke av semesteravgifta.
Velferdstinget varsla til Universitetsavisa 17. april at dei ville føreslå å auka semesteravgifta til studentane frå 700 kroner til 750 kroner frå våren 2027.
Då uttala leiar Vilja Sofie Nystad at ho ville auka det ho omtala som studentane si «skatt», og peika på at det vert gjeve lite til mellom anna studentidretten.
Minus 200 000 kroner
På nettsida til Velferdstinget heiter at det semesteravgifta finansierer ulike velferdstilbod for studentar i Gjøvik, Ålesund og Trondheim – som skal bidra til ein betre studiekvardag.
Siste gong semesteravgifta vart auka var i 2024, frå 600 til 700 kroner. Dette utgjer ein sum på kring 61 millionar kroner i året. Forslaget om å auke med ytterlegare 50 kroner vil utgjera kring 4 millionar kroner.
– Me vil gå i minus med kring 200 000 kroner i semesteravgiftsbudsjettet for 2026. I 2027 vil me sannsynlegvis gå i minus med 260 000 kroner om me ikkje aukar.
Arbeidsutvalet peika på brå inflasjon, auka kostnadar og ynskjet om å halda ein stabil økonomisk vekst som bakgrunn for forslaget.
– Dette kan mogleggjera meir handlingsrom til utvikling av helsetilbod, psykisk helse og fastlege for studentar.
Bred eining
Representant Rawan Jouhar stilte seg som mange av dei andre representantane positiv til forslaget.
– Me lev i ei dyrare verd. Denne auka vil koma før eller seinare. Heller auka med 50 kroner no enn å ha ein større auke seinare.
Representant Kjartan Roalsvik meddela i diskusjonen at det er feil å auka avgifta i takt med alt anna.
– Eg synast me bør venta til avtalen om å redusera støtta til Studentersamfundet til to millionar kroner i året. Det er tullete å sitja på ein stor pengesekk ein ikkje nyttar.
Etter litt diskusjon vart fleire av representantane positive til auken, der det vart peika på at effekten av ein auke på 50 kroner vil følgja inflasjonen.
Slik lyd vedtaket: Velferdstinget vedtar å øke semesteravgiften med 50 NOK fra våren 2027. Den nye semesteravgiften blir dermed 750 NOK.