Politivald og rasisme opprører unge amerikanarar

18-årige Michael Brown vart i august skoten og drepen av ein politimann i byen Ferguson. Mange håper at demonstrasjonane som følgde, er byrjinga på ein revolusjon.

Publisert Sist oppdatert

Tilfellet Brown, som var katalysator for dei store protestane i mange amerikanske byar, er ikkje eineståande. I dei mange sakene som liknar, har politimennene i ettertid sluppe å bli straffetiltalt. Dette har skapt raseri, og seinast i desember var det store protestar i Berkeley etter at ein 18-åring vart skoten og drepen.

Fakta

POLITIVALD I USA:

• Ifølgje ein analyse frå ProPublica,basert på tal frå Foreign Bureauof Investigation (FBI), er forholdetslik at sjansen er heile 21 gongerstørre for å bli drepen av politietsom svart enn som kvit.

• På grunn av at politimyndigheiteneikkje rapporterer inn tal påpolitidrap systematisk, er voldsstatistikkenusikker.

• The Swat App (Safety withAccountability and Transparency)er ein app i utvikling, somskal betre dokumentasjonen avpolitivald.

• Av heile USAs svarte befolkningsit tre prosent i fengsel, sett oppmot 0,5 % av den kvite befolkninga,ifølgje offisielle tal frå Bureau ofjustice statistics (BJS)

Strukturell rasisme

Brandon Anderson er ein amerikansk gründer og app-utviklar, og fordømmer den manglande straffa av politimenn.

– Dette er eit bevis på at institusjonane våre ikkje fungerer, seier han.

Anderson meiner rettssystemet i USA ikkje jobbar for å tene borgarane, men for å halde oppe makta til den kvite eliten.

– Denne rasismen går lengre enn stygge tilrop, eller det å bli nekta ein jobb på grunn av hudfarge – dette handlar om strukturell rasisme, seier han.

Han meiner rasismen er innebygd i institusjonane, og på denne måten vert legitimert og normalisert.

– Kvite blir rutinemessig favorisert foran svarte. Å bli kvitt den strukturelle rasismen er det viktigaste i denne revolusjonen, seier Anderson.

Utviklar app for å dokumentere valden

Joseph Gruenbaum er student ved Georgetown universitetet i Washington D.C., og kollega av apputviklar Anderson. Han er langt på veg einig i Andersons diagnose.

– Den svarte befolkninga vert forskjellsbehandla, både kva gjeld i møte med politiet, og i møte med rettsvesen og skulevesen, seier Gruenbaum.

Saman med Anderson er han sterkt engasjert i kampen mot politivald, og dei to er med på å utvikle appen The Swat App, som skal gjere det lettare å dokumentere og rapportere inn valden.

– Det store problemet med politivalden og drapa er fråveret av dokumentasjon. Politivesenet er ikkje lovpålagt å rapportere talet på dødsfall årsaka av tjenestemenn, seier Anderson.

Trass i at mangelfull rapportering frå politidistrikta gjer tala usikre, syner tilgjengelege tal at det er heile 21 gonger større sjanse for at svarte blir drepne av politiet, som at kvite blir det (sjå faktaboks).

– Nye verktøy og mediemerksemd har æra for at problemet har vorte belyst og mobilisert så mange i USA den siste tida, meiner Anderson.

Toppar dei negative statistikkane

Sjølv om svarte i 1965 fekk gjennomslag i kampen for sivile rettar, er ulikheitane store framleis i dag. Den svarte befolkninga, då i hovudsak menn, kjem dårleg ut på statistikkar som dreier seg om kriminalitet.

– Hyppigheiten av svarte som blir fengsla, og lengd på straffa dei får, er uproporsjonal samanlikna med det kvite får, seier statsvitar og professor Jennifer Leigh Bailey ved NTNU. Måten politiet behandlar minoritetsgrupper har lenge vore eit problem i USA, seier ho.

Svarte opplever å bli mistenkeleggjort for dei mest kvardagslege ting.

– Dersom ein svart mann køyrer rundt i ein stilig bil vert han sannsynlegvis stoppa av polititet, mistenkt for å ha stole bilen, seier ho.

Bailey meiner fortida til USA framleis spelar ei stor rolle for måten ein behandlar svarte på.

– Det er ein historisk arv som gjer at svarte blir utsett for systematisk diskriminering, seier ho.

Forsiktig håp om betring

Sjølv om Anderson håpar på ein revolusjon, er Gruenbaum meir tvilande til raske endringar. Han meiner amerikanarane må bevisstgjerast tankesetta sine.

– Ein kan bruke politiske verkemiddel for å bidra til å utjamne dei økonomiske skilnadene mellom svart og kvit. Men det trengs òg ei haldningsendring. Kvite må innsjå deira eige privilegium, og erkjenne at samfunnet systematisk diskriminerer den svarte befolkninga, seier han.

Bailey er forsiktig optimist. Ho tykkjer det er positivt at USA no har ein svart president, og at den yngre generasjonen verkar meir open kva gjeld likestilling. Samstundes er mange framleis fanga i gamle førestellingar.

– Dessverre tek det veldig lang tid å endre haldningar, seier ho. Bailey understrekar til slutt at ein burde ha vore forbi desse problema no.

– Kor lenge skal vi forvente at folk er tålmodige, spør ho.

Powered by Labrador CMS