Ein livsfarleg kamp

I Colombia risikerer studentane å bøte med livet dersom dei engasjerer seg i studentpolitikk.

Publisert Sist oppdatert

INTERNASJONAL UTDANNING

Foto: FARLEG ENGASJEMENT: Colombianske studentar reagerer på at dei ikkje kan engasjere seg utan å risikere livet. Her protesterer dei etter dei to siste drapa på ACEU-medlemmar.Natt til 4. oktober steig Julián Hurtado Castillo ut av drosjen som hadde ført han til heimen hans i Las Granjas-distriktet i byen Cali, vest i Colombia. Idet han skulle gå inn døra kom to sicarios, leigemordarar, og skaut han i hovudet. Dei to mordarane – ein mann og ei kvinne – kom til fots, men brukte ein bil i flukta.

Drosjesjåføren som hadde bringa Castillo heim, frakta han til sjukehuset i Carlos Carmona. Derifrå vart han frakta til universitetssjukehuset i Valle. Neste morgon erklærte doktorane han død.

Seksten dagar seinare kom meldinga om at Milton Troyano Sanchez hadde blitt drepen.

Sanchez hadde minst to ting felles. Begge var studentar og medlemmar av Fellesorganisasjonen for studentrørsla i Colombia (ACEU). Og begge var kjende kritikarar av styresmaktene.

Då Ana Paola Romeros mottok Studentanes fredspris for ACEU under ISFiT-festivalen i februar 2005, anslo ho at 47 studentar hadde blitt drepne dei to siste åra.

Chilenske Juan Manuel Torris Aguilar studerer ved NTNU. Han er aktiv i ISFiT har god kontakt med fredsprisvinnarane i ACEU. Han meiner det er risikabelt å vere engasjert student i Colombia.

– Dersom du engasjerer deg i studentpolitikk ved universitetet du studerer, kan universitetet finne på å forby deg å studerere vidare. Då må du finne ein ny stad å studere, men dette er ikkje alltid den nye lærestaden anerkjenner utdanning frå andre stadar, seier Aguilar.

Han er også kritisk til privatiseringsreformene av høgare utdanning som Uribe gjennomfører.

– Desse reformene gjer det vanskelegare å få utdanna heile folket. Privatisering fører også skolepengar med seg, og då vert høgare utdanning berre for dei med pengar.

Eit delt land

Som mange andre land i Latin-Amerika, er det ei stort sosial skilje mellom den rike overklassa av spansk opphav og den store underklassa av fattige colombianarar, som ofte er etterkomarar av indianarar eller slavar. Dette skiljet vert også avspegla i det politiske landsskapet.

Den store gruppa fattige – 14 prosent av innbyggjarane er underernært – har danna grunnlaget for venstreradikale opprørar. Denne rørsla er i hovudsak sett saman av to grupperingar, Farc (Colombias revolusjonære hær) og ELN (Colombias frigjeringshær).

På den andre sida av den politiske skalaen finn ein paramilitære grupper. Desse har opphav i borgarvern som landeigarar oppretta for å verne eigedommane sine mot opprørarar. Dei paramilitære gruppene har etterkvart blitt mektige og sterke på grunn av inntekter frå narkotikatrafikk og har støttespelarar både i politiet og hæren. Den mektigaste gruppa er AUC (Colombias sameinte forsvarshær).

Fordi den colombianske staten er svak, hamnar folket i krysselden. I 2004 uttalte FNs høgkommisær for flyktningar at den største humanitære krisa på den vestlege halvkula var i Colombia. 3000 personar døyr på grunn av konflikta kvart år, og landet har verdsrekord i kidnappingar per år. Kvart år vert 1900 personar kidnappa. Dei med ein høg profil i samfunnet er særleg utsett, som til dømes politisk aktive, menneskerettsførekjemparar, fagforeiningsrepresentantar – og studentar.

Ein kontroversiell president

I mai 2002 vann Alvaro Uribe presidentvalet i Colombia. Statistikken viser at han har gjort ein god jobb som landets overhovud. Talet på arrestasjonar av paramilitære og terroristar har auka med 133 prosent. Meir enn 4700 paramilitære har demobilisert, talet på mord sakk med 22 prosent frå 2002 til 2003 og talet på kidnappingar med 27 prosent. Men tala er framleis høge.

Uribe gjorde nok til å sikre seg gjenvalg i haust med god margin. Men presidenten har også kritikarar. I vår avslørte colombianske media at sjefen for tryggingstenesta i landet hadde samarbeidd med dei paramilitære styrkene for å myrde fagforeiningsleiarar og hindre operasjonar mot narkotikahandel. Dette gav vann på mølla for dei som hevdar at banda mellom presidenten og dei paramilitære er tettare enn Uribe vil vedkjenne seg.

Statsleiaren har generelt fått mykje kritikk for avtalene han har gjort med paramilitære organisasjonar. Desse organisasjonane står ansvarleg for alt frå massedrap til kidnappingar, men regjeringa har under Uribe inngått avtaler med dei om frivillig desarmering mot at dei får milde eller ingen straffer for brotsverka sine.

Regjeringa meiner at politikken er ein suksess, i og med at han har ført til ein reduksjon i valden, men menneskerettsgrupper ser med uro på at presidenten let drapsmenn og narkotikabaronar gå fri.

Uribe vert også sett på som ein høgreliberaler. Regjeringa hans er kanskje den mest USA-vennlege i Latin-Amerika, og han gjennomført ei relativt omfattande privatisering av høgare utdanning i Colombia. Den politiske ståstaden hans fører til at grupper som ACEU – som i stor grad er samansett av sosialistar og kommunistar – ser på han med skepsis.

ACEU engasjerer seg mot ei utviklinga med stadig meir privatisering av høgare utdanning, men for ein høg pris. Maryenis Galván Potes i ACEU summerer opp kampviljen til dei colombianske studentane slik:

– Vi forskanser oss bak våre bøker, vi trur på kampen om ideane og vi fortsetjer kampen ståande, for som det heiter: «for våre døde, ikkje eit minutts stillheit, men eit heilt liv i kamp».

Powered by Labrador CMS