HJELP Å FÅ: Sine Bjerregård Hanssen lærer studentar korleis dei skal meistre eksamenssituasjonen.

Eksamensklar på 1-2-3

Slit du med eksamensnervar eller prestasjonsangst og ynskjer å gjere noko med det? Då burde du lese dette.

Publisert Sist oppdatert

No nærmar det seg eksamenstid med stormskritt og studentane går ei stressande tid i møte. Med dårlegare søvnkvalitet, eit fjell av pensum og altfor lite tid tek studentlivet ei heilomvending. Då er det jammen godt å vite at det er hjelp å få, kvart semester arrangerer Studentservice eksamensmeistringskurs der studentar får lære nyttige tips og triks om korleis ein skal takle tida før eksamen og sjølve eksamenssituasjonen.

Stress ned

Stress er ofte forbundet med arbeidsmengde, krav, forventingar og knapp tid. Det er lett å rote seg vekk i eit virvar av tankar som «eg blir så stressa» og «eg klarar aldri denne eksamenen», auka fokus på kor langt andre har kome og kor mykje andre har gjort i forhold til deg er også vanleg. Det luraste ein kan gjere i eksamensperioden er difor å halde fokuset på seg sjølv og eigne arbeidsmetodar, hugs at det som fungerar for naboen din fungerar nødvendigvis ikkje for deg. Det mektigaste våpenet mot stress er ditt eige hovud, så bruk heller dei hjernecellene du har til råde på deg sjølv.

Kunsten å slappe av

I følgje kursleiar Sine Bjerregård Hanssen er det sunt med litt eksamensnervar, men ein må ikkje la dei ta overhand. Hanssen påpeiker også at det er viktig å ta seg pausar innimellom for å halde på konsentrasjonen, så ja, det er faktisk lov å ta seg ein pause utan dårleg samvit. Er konsentrasjonen dårleg fins det også hjelp for det. Avspenningsteknikkar der du spenner og avspennar muskelgrupper for å kjenne at du slappar av, eller sjølvsuggesjon som går ut på å skape positive tankar og førestillingar om seg sjølv er to effektive måtar å roe sinnet på.

Unngå vonde sirklar

Når ein har over ti bøker i pensum er det lett å miste motet, men på eksamensmeistringskurset lærer ein å sjå lyset i enden av tunellen. Ein effektiv lesemetode er å ta seg leseøkter på eksempelvis 25 minutt, etterfylgt av ein fem minuttars pause, på den måten klarar ein å halde konsentrasjonen lenger.

Bekymrar du deg for at du ikkje kjem til å komme gjennom pensum? Prioriter! Våg å velje vekk noko som du allereie kan litt om, og les heller på det du er usikker på, eller finn anna litteratur som for eksempel bøker, artiklar eller filmar. Sist, men ikkje minst: dersom du set deg fast, finn på noko heilt anna og unngå vonde sirklar som du aldri kjem deg vekk frå.

Prat med eksamensvakta

Når endeleg eksamensdagen kjem, start med noko du er sikker på. Med få timar til råde er det viktig å disponere tida si godt, men ta deg også tid til pause, det har du råd til. Er du ein av dei uheldige som plar å bli råka av jernteppe? Ikkje få panikk, ta deg heller ein tur med eksamensvakta og slå av ein prat, ofte når ein tenkjer på andre ting og gløymer stresset kjem hjernen tilbake.

Lønn deg sjølv

Hjelper ikkje det heller kan du anten bruke avspenningsteknikkar eller skrive ned alle tankar som kjem forbi på eit ark, det får hjernen til å kople ut. Når du endeleg er ferdig med eksamen - lønn deg sjølv! Uansett korleis det gjekk.

Powered by Labrador CMS