Gal, men genial

Grigory Perelman er ein av verdas smartaste menn. Men han gir omgrepet «gal vitskapsmann» ei heilt ny meining.

Publisert Sist oppdatert

INTERNASJONAL FORSKING

I 1904 formulerte den franske matematikaren Henri Poincaré det som seinare er blitt kalla «Poincarés formodning». Men å bevise dette teoremet har vist seg vanskeleg, trass i stor innsats frå mange profilerte matematikarar gjennom heile det 20. århundret.

Det vakte dermed stor oppsikt då russaren Grigory Perelman la ut eit mogleg bevis på internett for tre år sidan.

Kollegaer har brukt tida på å gå beviset hans i saumane. Men ingen har funne noko feil med det, og dei fleste går ut frå at Perelman har knust den hundre år gamle nøtta. Det var derfor stor semje om at den russiske matematikaren fortente ein feltmedalje, matematikkens svar på ein nobelpris, i år.

Men tysdag 22. august, då verdas fremste matematikarar møttest i Madrid for å dele ut feltmedaljen, sat Perelman i den vesle bustaden sin i St. Petersburg – der han bur saman med mor si – og såg på tv.

Det var lenge usikkert om russaren kom til å akseptere prisen.

Epler og appelsiner

Poincaré arbeidde med topologi, ei grein innanfor den moderne geometrien. Topologi handlar om dei eigenskapane til ein lekam som handlar om korleis lekamen heng saman. Desse eigenskapane endrar seg ikkje sjølv om figuren blir deformert, så lenge den ikkje blir riven i stykker.

Eit døme på ein topologisk eigenskap, er om ei lukka kurve i rommet dannar ein knute eller ikkje.

Eit anna døme: Ei kule og ein terning er topologisk likeverdige. Ein torus (som har form som ein smultring) er topologisk forskjellig frå desse. Grunnen er at torusen har eit hol.

Det er lett å forstå Poincarés hypotese for to dimensjonar.

Tenk deg eit gummiband strekt rundt eit eple. Vi kan krympe gummibandet uendeleg mykje utan å dele eplet.

Men dersom vi tek eit gummiband rundt ein smultring. Fordi smultringen har eit hol, kan vi ikkje krympe gummibandet utan å dele smultringen i to.

Det er verre å forstå Poincarés hypotese når vi utvidar den til tre dimensjonar. Det er vanskelegare å sjå forma til ein lekam i 3-D. Når vi ser for oss ei sfære eller eit eple, ser vi eigentleg eit todimensjonalt objekt innhylla i tre dimensjonar.

Det har vorte funne prov for at hypotesen gjeld både for fire, fem og fleire dimensjonar. Men oppgåva med å finne eit bevis for den i tre dimensjonar var for tøff for sjølv dei skarpaste matematiske hjernene i verda.

Heilt til Grigory Perelman la ut tre artiklar på internett i 2003.

Nøktern og sky

Perelman har også avvist ein premie på ein million dollar (om lag seks millionar kroner). For seks år sidan sette Clay-instituttet opp ei liste på sju problem. Dei som klarte å løyse eitt av desse problema fekk ein millionpremie.

Men i staden for å leve i sus og dus vel Perelman eit særs nøkternt liv.

Spekulasjonane rasar no over kvifor russaren nektar å ta imot noko slags form for påskjøning for arbeidet sitt.

Han har fått tilbod om ei rekke stillingar på anerkjente universitet som Stanford og Berkeley. I staden valte han å jobbe ved Steklov-instituttet i St. Petersburg. No er han arbeidslaus.

President John Ball i Den internasjonale matematiske unionen reiste til St. Petersburg for å møte Perelman og prøve å forstå kvifor han ikkje ville ta imot feltmedaljen.

Perelman oppga personlege røynsler med det matematiske miljøet som grunnen til at han valte å halde ei viss distanse. Men Ball ønskte ikkje å gjengi desse kommentarane offentleg.

– Han ser på livet på ein annan måte, sa han.

Michael Gromov, ein russisk landmålar, har samarbeida med Perelman.

– Han liker å vere aleine. Han kan minne litt om Newton; oppslukt av ein idé, arbeider for seg sjølv og bryr seg ikkje om kva andre meiner. Newton var vemmeleg. Perelman er hyggjeleg, men veldig oppslukt i arbeidet sitt, seier han til The New Yorker_._

– For å gjere framifrå arbeid, må du ha eit reint sinn, seier han vidare.

– Du kan berre tenkje på matematikk. Alt anna er menneskeleg veikskap. Å ta mot prisar er veikskap. Den ideelle vitskapsmannen tenkjer berre på vitskap, og ingenting anna. Perelman ønskjer å vere ein slik vitskapsmann.

For medan mange studentar søkjer seg til matematikk og realfag på grunn av utsikter til ein god jobb og ei bra karriere, finst det framleis dei som utelukkande let seg lokke av naturmysteria.

Powered by Labrador CMS