Håp for den gløymsame
Det starta med forsøk på å få kattar til å slappe av. I dag får studentar betre hukommelse, på psykologisk institutt ved NTNU.
FORSKING
Foto: Therese Marie Tande, Under DuskenHØG HJERNEAKTIVITET: På psykologisk institutt er det høg aktivitet både blant forskarar og forsøkspersonar. Andreas Husby Christensen er ein av mange som har vore under hetta hos forskar Stig Hollup.På 60-talet fekk amerikanske søvnforskarar ei openbaring. Dei studerte kva slags hjerneaktivitet som styrte muskelavslapping hos kattar. Kvar gong denne typen aktivitet førekom, ga dei katten ei påskjøning, i form av melk eller kylling. Dette førte til at denne hjerneaktiviteten hos kattane auka, og at kattane slappa av. Slik oppdaga ein for fyrste gong ein metode for å trene hjerneaktivitet på direkte vis.
Eit tiår seinare vart metoden prøvd for å kurere hyperaktivitet. Hyperaktive barn fekk elektrodar kopla til hovudet. Elektrodane var igjen kopla til ein videofilm som barna fekk sjå. Når merksemdsaktiviteten i hjernen gjekk ned, byrja filmen å skurre. Barna fekk berre sett fortsetjinga om dei var konsentrerte. Denne treninga viste seg å endre merksemdsevna til barna på permanent basis. Dermed var det funne ein ny behandlingsmetode for hyperaktivitet, like god som medisinar.
Nytt og revolusjonerande
No fører gløgge hjernar ved NTNU denne forskinga vidare, til andre område. Dei tek føre seg hukommelse fyrst.
– Det er færre enn ti publiserte artiklar om dette frå før, fortel labsjef og fyrsteamanuensis Stig Hollup.
For eitt år sidan starta dei opp. I januar i år var dei klare for den fyrste ordentlege forskinga, med 40 frivillige studenthjernar.
Metoden vert kalla nevrofeedback. Det er ein metode for å styre hjerneaktivitet.
– Det er som å leggje make-up, forklarer stipendiat Alexander Olsen, ein av fleire engasjerte på laben i kjellaren på Dragvoll.
– Ein treng ein spegel for å sjå korleis sminkinga går. På same måte kan hjerneaktivitet òg styras med feedback.
Med hette på hovudet
– Fyrst skal vi finne ut korleis normale hjernar ser ut, forklarer han.
Så skal dei prøve å få dei til å hugse betre.
Men korleis skjer dette i praksis?
– Forsøkspersonane får på seg ei hette, og vert så plassert framfor ein skjerm. På skjermen er det ei søyle som vert styrt av aktiviteten i hjernen, forklarer stipendiaten.
Oppgåva er så å få søyla til å stige over ei viss grense. Denne grensa nåast når maskina registrerer hjerneaktivitet som er gunstig for hukommelsesoppgåver. Kva slags aktivitet dette er, har forskarane funne ut på førehand, gjennom å studere kva slags aktivitet som heng saman med gode hukommelsesprestasjonar.
Det er ikkje noko oppskrift på korleis ein skal greie å styre søyla reint praktisk. I byrjinga stig søyla i tilsynelatande hytt og pine. Men etterkvart, på merkeleg vis, opplever deltakarane at dei kan kontrollere søyla meir og meir.
Eksamenstriks for framtida
Etter 15 sesjonar med søyletrening, har det ofte skjedd ei endring hos forsøkspersonane.
Dette kjem til syne på hukommelsesoppgåver.
– Majoriteten får då etter kvar færre feil, forklarer Hollup.
– Kanskje kan dette i framtida brukas i samband med eksamen, filosoferer Olsen.
Han leikar med tanken om å trene seg til betre hugs før pensum skal puggast. Ei muleg redning for skippertaksstudenten kan altså vere i emning.