Stryk i nynorsk

HiST innfrir ikkje nynorskkrava dei er pålagde av Språkrådet. Nynorskeksamenane til Høgskulen er så grammatisk dårlege at dei minner meir om bokmål, meiner student.

Publisert Sist oppdatert

Språkrådet sin rapport for 2008 viser at ved Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST) er 15,8 prosent av papirtilfanget på ein til ti sider på nynorsk, medan kun 0,9 prosent av papirtilfanget på over ti sider er på nynorsk. Når det gjeld ulike skjema fins åtte av 39 i begge målformene. Nettsidene til HiST inneheld omlag tre prosent nynorsk.

Språkrådet ber om at HiST vil styrkje nynorskbruken i 2009.

Feilskriving og bokmålsord

Språrådet presiserer spesielt at alle skjema må ligge føre i begge målformene, slik at brukarane kan utrykkje seg så presist så råd på si eiga målform.

Nils Rune Hjelle er nynorskbrukar og studerer Drift av datasystem ved HiST. Han seier at så lenge han får eksamensoppgåva på nynorsk, er det det viktigaste.

– Men eksamensoppgåvene HiST lagar på nynorsk er nok kanskje meir bokmål enn noko anna. Det er veldig mykje feilskriving og bokmålsord, seier han.

Hjelle legg til at sidan det kun er to nynorskbrukarar i klassa hans, mot opp mot 45 bokmålsbrukarar, forventar han ikkje at lærestoffet skal vere tilgjengeleg på nynorsk.

– Eg har innfunne meg med at når eg studerer på ein bokmålsstad, må nødvendigvis det meste av undervisingsmateriell vere på bokmål, konkluderer han.

Ikkje åleine

Leiar i Studentmållaget i Nidaros (SmiN), Kristin Fridtun, seier at HiST ikkje er åleine om å bryta mållova på nemnte punkt.

– Dei fleste universiteta og høgskulane gjer det same. Endåtil NRK er langt frå å innfri krava. Språkrådet kan ikkje straffe lovbrot som dette, men vonleg rettar institusjonane seg noko etter det rådet gir pålegg om. Men eg trur dessverre at saker som dette kjem langt bak i rekkja av alt som skal gjennomførast, seier ho.

Fridtun trekk fram at Språkrådet understrekar at HiST må auka nynorskprosenten av omsyn til brukarane, ikkje til mållova i seg sjølv.

– Dette er særs viktig. Det finst ein haug nynorskskrivande studentar og tilsette ved HiST. Nynorsk og bokmål er jamstilte mål, og då er det på sin plass at HiST, ein statleg institusjon, tek seg på tak og gir nynorsken større rom, seier Fridtun.

– Arbeider med saken

Direktør Kari Berget ved Seksjon for studier, FOU og samfunnskontakt ved HiST seier at det er fleire grunnar til at høgskulen ikkje har klart å oppfylle dei ulike krava i mållova.

– Vi vil likevel understreke at vi arbeider kontinuerleg med saken og legg meir og meir innsats og ressursar i å betre nynorskandelen i dei dokumenta vi sender ut, seier ho.

Berget meiner at ei viktig forklaring på at HiST er på etterskudd, er at det er ein stor organisasjon med sju avdelingar på fleire campus.

– Vi trur og at dei rapporterte tala for 2008 kan være noko for låge, fordi ansvarleg sakshandsamar var ute i svangerskapspermisjon nett da rapporten skulle utarbeidast.

Berget seier at HiST har utarbeida ein konkret tiltaksplan, Tiltaksplan 2, som mellom anna har ført til at HiST i år har tatt spesielt tak i nettsidene sine.

– Etter tiltaksplan 2 skal det òg vere ei veksling med nynorsk tekst i fjerdekvar brosjyre, stillingsannonse, kunngjeringar i media, rundskriv og pressemeldingar.

Powered by Labrador CMS