Studentar les seg nærsynt

Alle timane på lesesalen og datasalen styrkjer kunnskapsbanken, men svekkjer synet.

Publisert Sist oppdatert

STUDENTHELSE

Foto: Therese Marie Tande, Under DuskenNÆRSYNT: Etter fem år på lesesalen merkar Cecilie Gjære at ho har blitt mykje meir nærsynt.– Allereie etter ein time framfor dataskjermen har auget byrja å endre seg, åtvarer åtferdsoptikar Eldar Kjelbotten Evensen.

– Synet er svært påverkeleg.

Forsking viser at om ein driv med mykje nærarbeid, og slik låser auget til å sjå på kort avstand over lengre tid, vil auget etterkvart endre struktur. Mellom anna vil auget bli større. Dette kan gjere deg ute av stand til å sjå klart på lengre hald.

I utakt med evolusjonen

Evolusjonsmessig er vi ikkje skapt for å lese.

– Vi er eit jegrrfolk. Vi er vant til å flytte blikket mellom ulike avstander heile tida. Når vi fokuserer lenge på nært hald, utsett vi auget for stress. Lesing kan samanliknas med at du løftar noko som er litt for tungt for deg. Det går ei stund, men så vert belastinga for stor, forklarer åtferdsoptikaren.

På sikt rammas fleksibiliteten til auget.

– Jo høgare utdanning, jo høgare er førekomsten av nærsyntheit, fortel Evensen.

Ved Trondheim øyelegesenter har dei stor pågong frå studentar som ønskjer laserbehandling for nærsyntheit. På grunn av all lesinga rådar fagpersonalet studentar til vente med operasjon til dei er ferdige med studiet.

Dataskjermen er verst

Å sitje foran dataskjermen er verre enn å lese bøker, ifølgje åtferdsoptikaren.

– På skjermen er det større avstand mellom bokstavane. Dette fører til såkalla punktlesing. Du fokuserer på eitt og eitt punkt, noko som gir meir stress for auget. På papiret står bokstavane nærmare kvarandre, og blikket får flyte meir.

Han rådar studentar til å skrive ut tekstar dei skal lese.

Gløsstudenten mest utsett?

Augelege Bettina Kinge har gjennomført ei doktorgrad på realfagsstudentar sitt syn. Ho fann at studentane vart i gjennomsnitt 0,5 dioptri meir nærsynt i løpet av ein treårsperiode.

Evensen tenkjer seg at studieretning er relevant for utvikling av synet.

– Eg kan tenkje meg at det vert fleire nærsynte blant dei som til dømes studerer matematikk og IT, enn på fag der du ikkje berre sit med nasen i boka, som til dømes psykologi.

– Betyr dette at stereotypien om datanerden med tjukke brilleglas faktisk kan ha noko føre seg?

– Ja, absolutt, ingen tvil om det.

Synet kan reddas

– Mange studentar kjem til oss, men dei kjem ofte for seint, fortel åtferdsoptikar Evensen.

Han oppfordrar studentar til å oppsøkje ein optikar straks dei er usikre, for synet kan bergas.

– Hos dei som akkurat har byrja å bli litt nærsynte, kan vi til dømes redde synet med førebyggande tiltak som trening av synet og midlertidig bruk av ei lesebrille.

Som nemnt kan lesing samanliknas med løfting, og optikaren forklarer at ei lesebrille gjer at ein får teke av litt av vekta, slik at ein får løfta riktigare og held ut lenger.

Ikkje alle vert nærsynte av lesing.

– Nokre av oss er arveleg disponert for nærsyntheit, fortel augelege Kinge.

Det er desse som er mest sårbare for miljøfaktorar som lesing.

– Det kjem også an på om ein har ein buffer, forklarer Evensen.

Det hjelper å vere langsynt. Då har du bufferen som gjer at du kan lese mykje utan å dette over på minussida.

Powered by Labrador CMS