Urokkeleg tyrannregime

I Burma står studentane i spissen i kampen for demokrati, helse og utdanning. Dei vil ha resten av verda med på laget.

Publisert Sist oppdatert

INTERNASJONALE STUDIER

Burma er militærdiktaturet der regjeringa gjer som den vil, utan forvarsel. Til dømes å flytte hovudstaden 320 kilometer. På ei helg.

I verdas største militærdiktatur lever halvparten av innbyggjarane i fattigdom. Ytringsfridom har vore eit framandord sidan general Ne Win kuppa regjeringa i 1962. Regimet isolerer seg meir og meir, og stoda i dag skildras som «svært alvorleg».

– Det er verre enn på lenge, hevdar prosjektkoordinator i det internasjonale parlamentarikarnettverket PD Burma, Camilla Buzzi.

Kjem ikkje fram til døra

Det vert no gjort fleire framstøt. Malaysia sin utanriksminister reiste nettopp slukøyra heim, etter å ha vitja Burma i håp om å få prate med Aung San Suu Kyi og andre politiske fangar. Han vart blankt avvist, med argument frå burmesiske generalar om at Suu Kyi og hennar parti NLD ikkje lenger hadde noko innverknad.

– Eg svarte at om det er tilfelle, så la meg møte dei, fortel ministeren til medieorganisasjonen Democratic Voice of Burma.

Innanriks er opposisjonskreftene aktive. 27.mars vart det avvikla ein større politisk demonstrasjon i den tidlegare hovudstaden Rangoon, med krav om at militæret no må samarbeide med valvinnaren NLD, og at dei politiske fangane må setjast fri. Studentane stod sentralt i denne demonstrasjonen.

Studentar fyller opp fengsla

Buzzi fortel at det å vere student i Burma er risikabelt.

– Den burmesiske studenten har tradisjon for å vere politisk engasjert. Dette veit regjeringa, seier prosjektkoordinatoren ettertenksamt.

Ho forklarer vidare at regjeringa har innført ei rekkje lovar som skal stikke kjeppar i hjula for eventuell opposisjon, og presenterer eit illustrerande døme:

– I Burma er det ikkje lov å vere fleire enn fem menneske samla på ein stad samtidig.

Studentane utgjer ein stor del av dei 1400 politiske fangane i Burma. Mange har flykta til Thailand, og driv politisk studentarbeid derifrå. Dei vanskelege arbeidsforholda gjer at studentrørsla i dag er svakare enn tidlegare.

Svært få kjem så langt som til universitetsnivå i Burma. Problema startar allereie på grunnskolen. Kvar fjerde elev droppar ut, mykje på grunn av fattigdom. Dei som meistrar å henge med, får heller ikkje noko særleg kompetanse å skilte med. Universiteta er av dårleg kvalitet, med ei opningstid av karakter «no og då». Konsekvensane vert dramatiske:

– Det er fare for at ein heil generasjon vert så å seie utan utdanning, slår Buzzi fast.

Det vert spekulert i om dette er medvite frå styresmaktene si side. Studentane må liggje lågt. Men dei legg seg ikkje flate.

Humanitær krise

Eit av dei største skritta vart teke hausten 2005. Ei offentleg erklæring vart lansert, med adresse myndigheiter, oppposisjon og resten av verda. Bodskapen var klar: Annakvar burmesar lever under fattigdomsgrensa. Folket treng helse og utdanning. Eit rop om meir humanitær bistand, signert studentar og politiske fangar.

Dei understreka at krisa i landet no er så stor at internasjonale krefter må bidra. I tillegg vart leiarar i landet oppfordra om å sørgje for at hjelpa når dei som må hjelpast. For pengar kan hamne så mange stadar.

På spørsmål om kva regjeringa ville ha brukt eventuelle bistandspengar til, svarer talsperson for Democratic voice of Burma, Aye Aye Mon:

– Hæren.

Difor må bistand gå via andre kanalar.

Forskar ved Christian Michelsens institutt i Bergen, Hugo Stokke, forklarer:

– Den stønaden som gis er kun målretta bistand til friviljuge, private organisasjonar.

Buzzi opplyser imidlertid om at det vert stadig vanskelegare å hjelpe på denne måten òg. Regjeringa har stramma grepet, i form av «nye retningsliner for bistandsarbeid» anno januar 2006. Røde Kors har fått kjenne på dette. Organisasjonen overvåka tidlegare tilhøva i fengsla, men får ikkje lenger lov til å vitje fengsla utan fylgje av regjeringsstyrker. Dei nekta å godta dette, og trekte seg ut. Resultat: Ingen kan kontrollere kva som hender bak lås og slå i Burma.

Verdsrekord i uavhenta prisar

Verda har signalisert sympati med opposisjonen i Burma gjennom fleire prisutdelingar. I 1999 fekk Aung San Suu Kyi Nobels fredspris, medan ho satt i husarrest. Der sit ho òg i dag, no for tredje gong.

ISFiT fylgde opp i 2001, då studentane sin fredspris gjekk til Min Ko Naing, leiar for den forbodne organisasjonen All Burma Federation of Students Unions (ABFSU). Det var uvisst om han sjølv visste at han fekk denne. Han sat i fengsel, med forbod mot vitjing frå utanforståande.

Verda prøver med sanksjonar

Boikottar og sanksjonar pregar forholdet mellom Burma og resten av verda.

Noreg har lagt seg på ei sanksjonsline saman med EU. Underdirektør i UD sin Aust-Asia- seksjon, Tanja Hegge, orienterer:

– Vi yter inga bistand til statlege organisasjonar. Vi har ingen offisiell kontakt med regimet, og næringslivet oppfordrast til ikkje å handle med, investere i, eller reise til Burma. Medlemmar av regimet får heller ikkje visum hit til Noreg.

Sanksjonspolitikken har imidlertid kun ein viss innverknad, ifølgje Buzzi. Ho meiner det vert for svakt så lenge sanksjonane ikkje er overgripande internasjonalt. EU har ein ikkje-omfattande sanksjonsline, USA er langt strengare, og nabolanda til Burma har ikkje sanksjonar i det heile teke.

– Det er for mange hol i systemet, slår ho fast.

Det er alltid eit system som kan ta over, når eit anna nektar å samarbeide.

– Vi veit at dette ikkje er nok, innrømmer Hegge. Kva som må til for å få til forandring er uvisst. Nøkkelen ligg hos dei burmesiske myndigheitene sjølve, hevdar ho.

Underdirektøren vedgår at situasjonen i Burma har vorte verre dei siste åra. Trass i at presset frå verdssamfunnet har auka.

-Betyr det at verdssamfunnet stangar i veggen i denne saka?

– Her er det viktig med eit langsiktig perspektiv, repliserer Hegge.

– Er det realistisk å tru at ein kan få til noko forandring i Burma?

– Det er det umogleg å svare på.

Powered by Labrador CMS