Trondheim Pride: Brennande hjarte, festival og flagg

Christine Hesla har vore friviljug i store delar av livet sitt. No er ho med på gjennomføre Trondheim Pride som startar fredag.

Publisert

Frå 4. september til 12. september vil Trondheim Pride gjennomførast. I over ei veke skal byen malast i alle fargar i regnboga, og i spissen for det heile står Christine Hesla.

Under lunsjen i ein travel arbeidsdag tek karriereveiledaren Hesla seg tid til eit intervju. På kvelden skal ho halde føredrag om friviljugheit på Ila. Hesla er leiar for FRI Trøndelag, friviljug ved Østbyen frivilligsentral og skal no vere festivalsjef for Trondheim Pride. Ho brenn for friviljugheita, noko som har forma store delar av livet hennar.

– Eg har nok vore friviljug i 14 år om ein tek med tida eg var medlem av Skeiv ungdom, seier ho entusiastisk.

PRIDE: Festivalsjef for Trondheim Pride er overtydd på at det vert ei bra feiring i år også.

No i september skal altså Trondheim feire skeive sine rettar. Trondheim Pride er ein festival med laup, tur, dragshow, workshops og ikkje minst parade.

– Det er ei feiring som bringar vener og familie saman, fortel Hesla.

Det skal vere tilbod for studentar, arrangement for skeive familiar med born (regnbogefamiliar) og møteplassar for unge og politisk engasjerte. 

Brennande sjelar og utbrente friviljuge

Ei så stor feiring føregår sjeldan utan komplikasjonar, og for Trondheim Pride har økonomi og nok friviljuge vore vegblokadar for folkefesten.

Hesla fortel at det år etter år har vore mykje arbeid på få skuldrer.

– Leiinga vert rett og slett utbrent, fortel Hesla.



Ho legg til at dette har skapt ein mangel på kontinuitet, då få friviljuge vert med over fleire år. Om friviljuge gjev seg fordi dei er utbrente, tek FRI Trøndelag rattet. Og år på år vert har det endt godt, noko som det ligg ann til i år også.

– Dei siste åra har FRI Trøndelag stått for «slukkinga av brannen», seier Hesla.

FRI Trøndelag er ein organisasjon for skeive med 20 undergrupper som mellom anna inkluderer gruppa Skeive studentar og ein ny bokklubb organisert for og av skeive studentar.

– Trondheim Pride er ei av desse undergruppene, sjølv om det har vore diskutert å separere dei frå FRI Trøndelag for å redusere arbeidsmengda, seier Hesla.

Sikkerheit og flaggbrenning

– Eg startar diverre kvart år med ei tale der eg seier at «pride i år er viktigare enn pride i fjor», fortel Hesla.

Ifølgje politiet sin hatkriminaltitetsrapport har talet på politimeldingar stadig auka dei siste åra, med toppar i juni og september. 

– Fleire einskilde hendingar i år har vore rystande, spesielt terrorangrepet i Berlin og bilisten under Orkanger-paraden, fortel Hesla.

Ho påpeiker ei veksande høgrebølgje, diskriminering på nett og eit aukande tal på flaggbrenningar. I juni vart pride-flagget ved Ila skule funne med brannmerke og dynka i urin.

– FRI Trøndelag har fått eit eige budsjett for flagg, slik at me kan sende erstatningar til skular der flagga vert øydelagte, legg Hesla til.

I år har Trondheim Pride auka budsjettet for sikkerheit under paraden. Sjølv om sikkerheita har auka, påpeiker Hesla at dette ikkje er grunna noko fareteikn eller trugselmelding.

– Det er viktig for oss at dei som går i paraden skal kjenne seg trygge, fortel ho.

Eit støtt gnist av håp for framtida

Sjølv om noko av utviklinga me ser i dag, ikkje ser ut til å gå i rett retning, påpeiker Hesla at skeive har fleire rettar i dag enn for få år sidan, og at FRI Trøndelag stadig arbeider for å sikre skeive sine rettar.

– Eg er kanskje evig optimist, seier Hesla.

SKEIVE SIN BESTE VEN: På Østbyen frivilligsentral har tilbod for alle studentar, om dei vil lese pensum, vere sosiale eller kose med hundar.

Ho fortel at dei har hatt eit godt samarbeid med Trondheim kommune og Trøndelag fylkeskommune. 

– No skal me endeleg få i gong ein handlingsplan for skeive i Trøndelag, som skal setje retningsliner for opplæring i næringslivet og offentleg, fortel ho.

Å vere leiar for Trondheim Pride er ikkje det første eller det siste vervet for Hesla. Ho skal halde fram med å vere friviljug og politisk aktiv så lenge ho kan førestille seg, og sjølv om det er harde tak, er Hesla sikker på at festivalen vert bra i år òg.

Powered by Labrador CMS