
Meditasjon som medisin?
Bli med og få eit innsyn i det buddhistiske diamantveg-miljøet i Trondheim.
Eg fantaserar om eit tempel, men det er i Folkets Hus små grupper samlast til buddhistisk meditasjon. Dei deler blokk med blant anna Trondheim Arbeidarparti og Anonyme Alkoholikarar, og ein kan kome kvar torsdag eller søndag kveld. Nokre kjem ofte, nokre berre ein gong i blant. Utanfor heisen møter eg kvinna som skal leie økta. Ho vil gjerne vere anonym.
– Eg driv med så mykje andre ting, og er ein del i media. Eg vil ikkje mikse rollene seier ho, og smiler breidt. Lat oss kalle ho “Brit”.
– Buddha er ein kompis
Brit tek meg med til lokalet. Det er eit lite og intimt rom vi går inn i. Eit hint av røykelse heng igjen i lufta. Vi set oss ned på golvet på små puter. På veggane heng bilete som minnar om dei av hinduistiske gudar. Eit bilete visar ein mann med kvinnebryst.
– Djupast sett har ikkje mennesket noko kjønn, forklarar Brit.
Eg ser foto av tre menn. Den yngste er reinkanert frå den eldre mannen i midta, som er død, blir eg forklart. Sistemann skil seg ut. Han er kvit, dansk og heitar lama Ole.
– Han har undervist 250.000 elevar i Vesten seier Brit.
– Buddha er ikkje ein gud, men en kompis. Han sa sjølv at dersom det seinare skulle bli bevist at deler av læra hans var feil, skulle ein gjere endringar, seier Brit.
Med dette poengterer ho ein viktig skilnad mellom buddhisme og dei abrahamske religionane jødedom, kristendom og islam: buddhistane trur ikkje på nokon gud.
Dei kallar si form for buddhisme for Diamantvegen, "Vadsjrayana" skriv ein det tibetanske namnet med latinske bokstavar. Ifølgje deira lære er diamanten eit symbol på høge verdiar: ikkje mogleg å knuse og noko som lyser opp. Sinnet blir skitna til av dårleg karma, og kan gjerast reint med meditasjon og innsikt. Sjel er ikkje eit omgrep dei nyttar, det vert avvist som eit kristent omgrep. Sinnet er i motsetning til sjela, ikkje avgrensa, men er overalt og ingen stads på ein gong.
– Ikkje for kven som helst
Det er meditasjonen som står i fokus.
– Det er mykje kraft i det vi gjer. Meditasjonen vår er som ei bombe som ikkje bør falle i gale hender. Det vi gjer kan lett misoppfattast, seier ho.
Ho legg til at ho ikkje seier dette for å halde opplegget hemmeleg i seg sjølv.
Vadsjrayana-buddhisme, er den mest populære forma for buddhisme i Vesten. Det finnast to hovudgreinar til: Therevada ( dei eldres lære) og Mahayana (den stora vogna). Brit fortell at Diamantveg-meditasjon ikkje er for alle:
–Dei fleste kjem hit fordi dei har lyst til å lære seg avslapping. Det vi driv med er 10 prosent avslapping og 90 prosent hardt arbeid. Nokre blir skremt og lar det bli med den eine gongen, fortell ho.
Ho held fram med at det dei gjer absolutt ikkje har som mål å vere mystisk.
–- Det er filosofi, psykologi – kall det sjølvutvikling. Nummer ein i buddhismen er indre ro og innsikt, seier ho.
Brit forklarer at Buddhismen vart tilrettelagt for Vesten i Europa fyrst på 70-tallet, og då vart han populær.
–På denne tida hadde ein også så mange bleike kopiar, vi hadde New Age-beveginga som rota saman alt mogleg, frå tarotkort til meditasjon, til ei røre, hevdar ho.
Kjenner seg psykisk styrka
No kjem fleire inn i rommet. Vi ender til slutt opp med fem personar, inkludert meg og Brit. Den eine er studenten Harald Andersen. Harald spør høfleg om han skal hente te til oss andre, medan vi sett oss i lotusstilling. Eg blir fortalt korleis hendene skal ligge anten på knea eller i fanget, med tomlane mot kvarandre, og høgre fot, framfor venstre fot. Det tek ikkje langt tid før eg blir bekymra for korleis det vil verte å sitte lenge stille i denne posisjonen. Vi pratar litt før vi byrjar å meditere.
Under Dusken og dusken.no har hatt fleire saker om at ein god del studentar har psykiske vanskar.
Som student kan Harald svare på kva han tenker om diamantveg-meditasjon for studentar som slit psykisk.
– Eg opplevde at den nye kvardagen og alt stresset som førte med, leia meg inn i depresjon, fortell han.
Han fortell vidare at meditasjon dreier seg om å temme sinnet, og at det har hjelpt han:
– Det fjernar ei byrde, tar vekk tankar som tappar meg for energi og fjernar hindringar som gjer meg trøytt, seier Harald.
– Opnar energibanar, skyt Brit inn, og Harald nikkar.
Eg spør Harald kva det kan vere med samfunnet og livsstilen vår som skapar stress og psykiske vanskar.
– Teknologien har utvikla seg ekstremt fort og vi tek i mot store mengder informasjon heile tida. Biologien i oss er nesten uendra sidan steinalderen. Vi er ikkje evolusjonært tilpassa, seier han.
Til studentar som bruker mykje tid på isolere seg og sitte å gruble, vil Harald seie at dei ikkje må kaste bort energien sin. Han peikar igjen på korleis meditasjon verkar positivt på han:
-Eg blir betre kjent med meg sjølv, noko som er viktig skal ein bli kjent med andre, og eg får mykje betre konsentrasjon i studiane.
Han poengterer at gjennom å meditere får ein betre kontroll over kva som er viktig og ikkje.
La tankane flyge
Vi sit på golvet. Det er valfritt om ein vil ha auga igjen. Eg må anstrenge meg for å sitte roleg. Kanskje er det mentale spenningar eg sloss mot. Eg blir sveitt på innsida av hendene. Eg får ei kjensle av å skulle svime av. Vi lyttar mens Brit les frå ein filosofisk tekst som er spesialutvikla for meditasjon.
Plutseleg får eg ein sterk trong til å le av det heile der vi sit i den djupaste andakt, og freistar oppnå innsikt og sjølvutivkling. "Kva er det eg har rota meg borti no", tenker eg. Eg tek meg saman. Snart slepp spenningane i meg taket, eg går inn i ein tilstand der eg gjer som dei stryømande orda seier: lar tankar flyge forbi uten å bry meg om dei. Det einaste som tel er å byggje opp konsentrasjon. Eg stirrer på Buddha-figuren. Han viser veg.
Verknadsfull meditasjon
Ola Kulsrud Storroste har meditert ved Buddhistisk senter Trondheim i tre år. Først nokre gonger i veka i fellesskap, under rettleiing. No kvar dag, gjerne aleine. Han meiner at all liding i verda skyldast forstyrringar i menneskesinnet som fører til dårlege handlingar, forstyrringar alle kan bli herre over, om dei prøver. Akkurat som studenten Harald, påpeiker han at effekten av meditasjonen er verknadsfull:
– Eg har nedturar som alle andre, men eg lar dei ikkje lenger gå innpå meg i same grad, seier han.
Han fortell at han får meir positive vanar og ikkje lar seg så lett forstyrre. Han har blitt mindre mottakelig for stress.
–Under meditasjon blir ein tvinga til å vere ærleg med seg sjølv, seier han.
Han meiner det er både krevjande og styrkande
–Dessutan ser eg ser verda klarare utan å vere fanga av fordommar, fortell han.
Nokre menneske som slit psykisk har gjerne ein tendens til å isolere seg, og bli meir sjølvopptatte. Kan ikkje det å skulle drive sjølvutvikling heller forsterke problema?
– Meditasjon er berre ei god løysing dersom ein er normalt fungerande. Viss ein verkeleg er psykisk sjuk anbefaler eg psykolog, seier Ola.
Han held fram med at det å hjelpe seg sjølv og andre ikkje er motsetnadsfylt, og at et er viktig å balansere evna og vilja til å hjelpe andre.
Ateist
Kvifor er Diamantveg-buddhisme populært i Vesten?
– Dette blir spekulasjonar, men denne buddhistgreina gir raske resultat, og folk ser at vener oppnår noko. Greina har fokus på kraftig meditasjon, medan det som omhandlar munkar, og den biten er tona ned, seier Ola.
Han fortell at det var ønskjet om å utvikle seg sjølv som drog han mot det buddhistiske miljøet i Trondheim, men definerar han seg eigentleg som buddhist?
– I den forstand at eg fordjupar meg i visdomen, er eg buddhist. Det er ein stor del av livet mitt, men samtidig avhenger ikkje sjølvbilete mitt av det, fortell han.
Han ønskjer å påpeike noko som skiljar buddhisme frå andre former for religion, ja kanskje gjer buddhismen feilplassert under denne kategorien:
– Jo meir du trur, jo mindre buddhist er du, og jo meir du veit jo meir buddhist er du. Som ateist med humanistiske verdiar kjenner eg meg heime, fortel Ola.
Lærer/elev-forholdet er essensielt i Diamantvegbuddhisme:
Ola seier det er eit paradoks at Diamantvegbuddhisme har vorte så populært i Vesten, der utvalet av lærarar ikkje er så stort.
-Det er viktig med ein lærar som passar deg. Likar ein festing, eller vil ein helst bli asket, spør Ola retorisk.
Han held fram med at det å utvikle seg sjølv gagnar alt rundt ein:
Etter meditasjonsøkta går eg langs gatene i Trondheim sentrum. Armane heng usedvanleg slapt. Eg må over veien. Vanlegvis pleier eg å springe over på raud mann. Treige lyskryss gjer meg vanlegvis svært rastlaus. No har eg ei analytisk stemme inni meg som seier "slapp av og vent på grønn man". Heilt avslappa ventar eg på grønn mann og går rolig, men fast over vegen.