PANELET: Anders Gåre Søraunet, Susanne Lervik og Susanne Strøm Gutterud er leiarar for sex-workshopen under ISFiT 2011. Dei meiner medias dekning av sex ofte er misvisande, men stillar seg i utgangspunktet positive til NRKs nye program «Trekant».

Positiv til Trekant

NRK satsar på tv-sex. Tre trondheimsstudentar om sex og slikt.

Publisert Sist oppdatert

«Hvordan sugde Pia?». «Marie etter tantrisk sex». Dette er overskrifter ein kan lesa på NRK sine nettsider. NRK meiner ungdom får for dårleg opplæring om sex. Difor har dei samla tre ungdomar i alderen 18 til 22 år, som skal opplysa gjennom tv om dette. Ungdommane har i åtte veker fått ulike sex-relaterte oppgåver som dei skal utføra og dela med publikum. Blotta for hemningar brettar dei ut noko av det mest intime og personlege eit menneskje kan gjera. Programmet har fått det passande namnet «Trekant» og startar allereie onsdag 3. november.

Spenninga rundt nysatsinga er stor, og NRK har blitt nedringt frå rasande menneske etter at dei annonserte programmet. Det har òg gått heitt føre seg på debattforuma allereie før programmet er starta.

I SOFAEN I EDGAR på Samfundet sit tre av fira leiarar for Sex-workshopen som skal vera under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT). Anders Gåre Søraunet. Susanne Lervik og Sussane Strøm Gutterud stiller gladeleg opp for å snakka om det nye tv-programmet til NRK, men òg om sex.

Alle er einige om at det er bra at NRK har laga eit slik program.

– Eg håpar at programmet er med på å lære ungdom å godta sin eigen seksualitet. Eg har ikkje sett programmet ennå, men ideen bak likar eg veldig godt, seier Susanne Lervik.

Anders er einig.

– Eg synes det er positivt, me jobbar med å få eit ope og positivt forhold til seksualitet. Ungdom vil få informasjon om sex ein eller anna plass, så å formidla sex på ein open, ærleg, direkte og rett måte synes me er positivt, seier han.

– Trur de NRK med dette programmet er med på å auke sexpresset blant unge?

– Presset er overalt allereie, og viss dette programmet blir gjort rett, kan det vera med å redusera det, seier Anders.

Susanne Strøm Gutterud er derimot litt ueinig.

– Eg har faktisk ikkje tenkt på at NRK er med å setja ein "standard" for kva som er naturleg, og viss det er slik, synes eg ikkje at det er så positivt, seier ho.

Susanne Lervik meiner media er med på å setja feil fokus på kva sex eigentleg handlar om.

– Sex handlar i bunn og grunn om nyting, og det blir ofte gløymd. Program som Paradise Hotell og pornofilmar er misvisande. Der dreiar det seg om prestasjon. Det er feil, det bør vera fokus på ynskjet om å gje den andre nytelse. Difor er det bra å ha eit program som har fokus på det, seier ho.

SJANSEN FOR AT «TREKANT»-deltakaren vil bli stempla for å ha vore med i detta programmet, og at det kan bli ein tung bagasje i seinare tid er noko dei må leva med.

– Eg trur ikkje det er positivt for guten som søkjer jobb som «ingeniør» at sjefen hugsar han igjen frå «Trekant» diverre, seier Susanne Strøm Grutterud.

– På tide at ein ikkje blir stempla for sine sexsuelle preferansar, seier Anders.

Jenter må særleg passa på kva dei gjer i Noreg. Det er synd, meinar dei.

– Då eg var 18 år og skulle inn i millitæret, blei eg kalla «feltmadrass» første dagen, berre for at eg var jenta, seier ei irritert Sunsanne Strøm Gutteru.

Anders legger til:

– Det er feil at folk blir stempla fordi det er seksuelt aktive, særleg får jenter som har fleire sexpartnarar fort eit dårleg rykte på seg. Slik bør det ikkje vera, ein bør sjølv kunne velja kor mange sexpartnarar ein vil ha utan at det skal ha negative konsekvensar. Så ein er ikkje heilt i mål i Noreg enno, seier han.

Likevel meiner dei at Noreg ligg eit godt stykke føre andre land når det gjeld openheit rundt sex.

– Eg snakka med studentpresten angåande ISFiT-festivalen der me vil leggja fram kondomar for å fremja sikker sex. Då sa ho at land utanfor Europa ser på nordmenn som villdyr. Dei meinar at me har sex overalt, med kven som helst og når som helst. Morosamt at dei har det inntrykket av oss, seier Susanne Strøm Grutterud.

ALKOHOL OG SEX er noko som går hand i hand blant studentar i Trondeim. Kvifor har ting utvikla seg slik at jenter og gutar er som oftast berusa når dei sjekkar opp kvarandre?

– Det blir ofta lettare å komma i kontakt med menneskjer når ein har drukket alkohol for då er ein del av dei sperrene ein har når ein er edru vekke, seier Anders.

Susanne Strøm Gutterud nikkar.

– Er du usikker drikk, du deg helst sterkt rusa, for då har du ein unnskyldning for ting du gjorde eller ikkje gjorde dagen derpå. Nordmenn er feige, seier ho.

Anders meiner nordmenn må bli flinkarare til å sosialisera seg utan alkohol, og at det er problematisk at alkohol må til for at ein skal tora å sjekka opp andre.

NRK SØKJER ETTER uerfarne deltakarar i alderen 18-25 til å leie programmet, men gjengen frå ISFiT skjønar ikkje kvar dei ville finna ein uerfaren 25-åring i dag.

– Du skal leita lenge etter ein uerfaren 25-åring, seier Silje.

Likevel er det ikkje lett å vite kva definisjonen på uerfaren tyder.

– Kva er det å vera uerfaren, lurer Susanne Lervik på.

– Er det ikkje å ha hatt samkvem med mange ulike partanarar, eller er det ikkje å kunna nok «fagleg» om kva sex er, seier ho.

– Det var kanskje difor den eldste deltakaren i programmet er 22 år, ler Susanne Strøm Gutterud.

FORVENTNINGANE til «Trekant» er altså store, og meningane om programmet er mange:

«Reagerer med att dere skal sende programmet Trekant jeg hadde ikke trodd at dere skulle falle så laft. Dere åpner opp for mer overgrep og sexuelle misbruk som vil komme i kjølevannet av dette. DET DERE SÅR VIL DERE HØSTE. Dere burde skamme der», skriv ein motstandar på P3s nettforum.

Det er ikkje dei tre Trondheimsstudentane einige i.

Powered by Labrador CMS