POLITISK KOMMENTAR: Ein ukjend aktivist distribuerte flygeblad på Gløshaugen med bilete av tidlegare rektor ved NTNU Anne Borg og eit sitat frå meldingsinnboksen til Knut Sunde i Norsk Industri.

Rektorskandalen er over – Kva no?

I kjølvatnet av at Anne Borg gjekk av som rektor 15. desember har ein ny debatt vakse fram. Somme meiner at det er på tide at rektor blir vald demokratisk.

Publisert Sist oppdatert

I den først publiserte versjonen av denne saka hadde ikkje Under Dusken fått kommentar frå representantar for studentdemokratiet. Vi har i etterkant vore i kontakt med leiar i Studenttinget, Didrik Nohre Lønvik, som fekk svare på utsegna til Aksel Tjora. 

Førjulsstria blei hard for NTNU-styret etter at tidlegare rektor, Anne Borg, refsa to NTNU-professorar som kritiserte ein rapport bestilt av næringslivet.

MEIR DEBATT: Bioteknologistudent Filiz Emirli håpar at Borg-saka fører til meir samtale rundt ytringsfridom i akademia. Kjemistudent Oscar Andresen til venstre.

Tidlegare prorektor for forsking og formidling, Tor Grande, blei konstituert som midlertidig rektor etter at Borg gjekk av, men har sagt at han vil søke på den permanente rektorstillinga. Det vil òg dekan Monica Rolfsen ved fakultet for økonomi.

– Minnar om korrupsjon

På Gløshaugen campus har dei fleste studentane kome tilbake til studiekvardagen. Sjølv om dramaet rundt den tidlegare NTNU-rekoren fekk sin ende før jul, dukkar saka stadig opp i samtalar blant studentane. Bioteknologistudent, Filiz Emirli trur at den uheldige episoden kan ha ført til noko positivt.

– Den siste månaden har tema som ytringsfridom i akademia blitt godt diskutert. Eg berre håpar at den diskusjonen fortset, seier Emirli. 

KRITIKKVERDIG: Kjemistudent Victor Nesmoen meiner det er problematisk at næringslivet har for stor påverknadskraft på forskinga.

Då meldingane mellom Borg og direktør i Norsk Industri, Knut Sunde kom ut i media, spreidde ein anonym student ark med bilete av den dåverande rektoren rundt på campus, med eit sitat frå meldingsutvekslinga deira: «akademisk ytringsfrihet og forståelsen av denne er en del av utfordringen».

– Eg synest at det er meldingane mellom næringstoppane og Borg som gjer saka verkeleg kritikkverdig, seier kjemistudent Victor Nesmoen. 

Han meiner påverknadskrafta næringslivet har på avgjerder hos NTNU kan minne om korrupsjon. 

– Det er kanskje litt urealistisk å vera prinsipielt i mot bestillingsrapportar. Likevel vil det alltid vere forventningar om eit resultat som gagnar næringslivet når det er pengar i forskinga, seier Nesmoen.

Han og fleire medstudentar i deira omgangskrets er positive til val framfor tilsetting av rektor.

– Mange av oss som studerer biologi, kjemi og bioteknologi kjem til å drive med forsking, og er veldig opptekne av at den skal vere så objektiv som mogleg. Å inkludere studentane i valet av ny rektor kan gje oss ei stemme i spørsmålet om kva NTNU skal stå for, meiner biologistudent Omar Chelbi Rusten.

LES OGSÅ– Vi skal inspirere fremtidens entreprenører

POSITIV TIL VAL: Biologistudent Omar Chelbi Rusten meiner at rektorval vil gi studentane ei stemme i spørsmålet om kva NTNU skal stå for.

Lite tiltru til medstudentar

I eit anna hjørne av «Gløs» kritiserast den tidlegare rektoren si handtering av mediedramaet. 

STYRET VEIT BEST: Kjemistudentane Kurt-Inge Midtbø, Jacob Ravnestad og Sivert Ask er skeptiske til å la studentane velje ein ny rektor.

– Det var ein veldig rotete prosess, seier kjemistudent Sivert Ask.

Han og medstudentane Jacob Ravnestad og Kurt-Inge Midtbø meiner det var det beste for NTNU at Borg gjekk av. No lurar dei på kva som skjer vidare med NTNU-leiinga.

– Som kjemistudentar ser me jo på Tor Grande som ein legende. Eg har trua på at han kan leie universitetet på ein god måte, seier Midtbø.

Likevel synest studentane at ansvaret for å peike ut NTNU-rektor bør overlatast til styret.

– Eg har fått med meg oppropet om rektorval, men eg trur ikkje det er realistisk å forvente at studentane klarar å velje den beste kandidaten, seier Ravnestad.

Ask er einig og påpeikar at valdeltakinga blant studentar er veldig låg. 

– Dessutan kjem dei fleste berre til å stemme på den ein har nærast forhold til gjennom studieretninga. 

Tar til orde for rektorval

Dette har skjedd:

  • To rapportar om kjernekraft med motstridande konklusjonar blir lagt fram.

  • Rapporten frå Rystad Energy avviser kjernekraft som eit alternativ for Noreg, medan NTNU-forskarane Martin Nodland Hjelmeland og Jonas Kristiansen Nøland sin rapport peikar på det som ein moglegheit.

  • Rystad-rapporten er bestilt av NHO, Norsk Industri og Fornybar Norge (interesseorgansiasjonen for fornybarnæringa).

  • 27. november kritiserer NTNU-forskarane Rystad Energy for å ha levert eit bestillingsverk i eit intervju i Dagens Næringsliv (DN). Dei meiner altså at rapporten i for stor grad er styrt av interessene til dei som bestilte den.

  • 5. desember publiserer DN eit lesarinnlegg frå Anne Borg med overskrifta «Det grønne skiftet er tjent med en sunn ytringskultur».

  • Innlegget oppfattast umiddelbart som refs av dei to forskarane som lot seg intervjue i DN. Ho kritiserer mellom anna ordbruken deira.

  • I ettertid viser det seg at Borg samtidig heldt tett dialog med konstituert direktør Knut Sunde i Norsk Industri, kor han kommenterer mediestrategien.

  • Diverse styremedlemmar ved NTNU, professorar og politikarar kritiserer innblandinga til Borg, mendan ho sjølv meiner innlegget skulle støtte opp under meir ytring og debatt.

  • 7. desember publiserer Universitetsavisa sms-utvekslinga mellom Sunde, Borg og NHOs nestkommanderande Anniken Hauglie: https://www.universitetsavisa.no/akademisk-ytringsfrihet-anne-borg/direktor-i-norsk-industri-fikk-lese-gjennom-borgs-ytring-for-den-gikk-til-dn/393916

  • Meldingutvekslinga  vekker reaksjonar. Fleire meiner rektoren bør gå av.

  • 8. desember legg Borg seg flat. Saka eskalerer og det blir kalla inn til ekstraordinært styremøte 15. desember.

  • 15. desember går Borg av, og Tor Grande blir konstituert rektor.

  • Debatt om ny rektor veks fram. Skal ein bestemme ny rektor ved val, eller skal ein fortsette som før?

NTNU-styret skal måndag 22. januar diskutere om den nye rektoren skal peikast ut ved val eller ved ein tilsettingsprosess.

– Per i dag har eg ikkje sterke meiningar for eller mot nokre av alternativa, seier styremedlem Bjørn Helge Skallerud.

Han forklarar vidare at ny rektor vil kome tidleg neste haust, fordi Grande ikkje kan sitte konstituert meir enn seks månadar.

Styremedlem Nicolai Winter-Hjelm seier at ein overgang til rektorval vil ha konsekvensar for strukturen i leiinga og driften av universitetet. Likevel ynskjer han debatten velkommen.

– For min del er det viktig å få inngåande oversikt og klarheit før eg tar endeleg standpunkt i saka.

Styremedlem Aksel Tjora meiner det er ein svakheit at tilsettingsprosessen er ei personalsak som er unntatt offentlegheita.

– Søkarlista til stillinga, som i alle andre statlege stillingar, er offentleg i all hovudsak. Vurderinga av søkarane er ei personalsak som betyr at den er lite gjennomsiktig for studentar og tilsette ved NTNU, seier han.

Tjora tar til orde for rektorval, og forklarar at det vil gi det store demokratiet internt i organisasjonen moglegheit til å velje rektor og rektor sitt team.

– Viss ein har ein valt rektor, vil det vere ein form for valkamp mellom dei kandidatane som melder seg. Valt rektor har ein i dag ved UiB og UiO. 

Han forklarar vidare at valkampen ikkje berre vil handle om at nokon stiller til val som individ, men òg som eit team med folk kandidaten har alliert seg med.

Studentane kan bestemme

Tjora meiner at ein vald rektor vil kunne symbolisere ein uavhengig institusjon. 

– Rektoren vil vere valt nedanfrå av organisasjonen, altså av studentar og tilsette og kan i utgangspunktet vere friare frå departement eller universitetsstyret, seier han.

Han meiner òg at rektorval er den einaste moglegheita for at studentane kan ha noko å seie om kven som blir rektor.

VIL HA REKTORVAL: NTNU-styremedlem Aksel Tjora ynskjer at Anne Borg sin arvtakar skal veljast av studentar og tilsette ved NTNU

Viss rektorval blir ein realitet, vil likevel ikkje studentane sine røyster telle like mykje som dei tilsette sine. 

– Summen av studentrøystene tel 25 eller 30 prosent, og dei tilsette sine røyster vil telle 70 til 75 prosent. Det er styret som bestemmer den fordelinga, seier Tjora.

Tjora oppfordrar studentar til å kome på banen og ytre at dei har lyst til å vere med å bestemme kven rektor skal vere, for då bør styret og ikkje minst studentmedlemma i styret lytte til dette.

– Når ein er mest opptatt av å halde tritt med studieprogrammet sitt kjenner ein kanskje ikkje at det er så relevant kven som er rektor, eg har forståing for det. Men kanskje kan eit rektorval sparke liv i eit halvdaudt studentdemokrati, seier han. 

NØYTRALE: Leiar i Studenttinget Didrik Nohre Løvik seier at dei ikkje har tatt stilling til spørsmålet om rektorval.

Leiar i Studenttinget, Didrik Nohre Løvik kjenner ikkje att det studentdemokratiet Tjora omtalar som halvdaudt. Han forklarar korleis studentar er med på å påverke kven som blir rektor.

– Ein student deltar i innstillingsutvalet, som legg fram innstilling til styret om kven som skal tilsettast som rektor. Dessuten har vi to studentar i NTNU-styret, som tilset rektor, seier han.

Løvik veit ikkje om vald rektor aukar oppsluttinga om studentdemokratiet.

– Vi har ikkje tatt stilling til spørsmålet om rektorval i Studenttinget.

Dømmekraft og lojalitet

Styremedlem Skallerud trekk fram at ulike løysingar på spørsmålet om ny rektor kan handle om lojalitet.

– Viss det å ha ein tilsett rektor er ein mekanisme som gjer at rektor har meir lojalitet oppover, har vi eit problem. Vi må ha ein leiar som har lojalitet til dei tilsette, seier han.

OPEN: NTNU-styremedlem Bjørn Helge Skallerud har førebels ingen sterke meiningar om rektordebatten.

Vil innføring av rektorval gjere noko med den problematikken vi har sett i det siste med NTNU og næringslivet?

– Når ein rektor er valt, vil lojaliteten til rektor og grunnlaget for at rektor framleis kan sitte, vere bestemt av dei som har delteke i valet, altså studentar og tilsette. Heile organisasjonen vil overvåke relasjonar og kommunikasjon, og det kan moglegvis påverke den problematikken vi har sett utspele seg i det siste, svarar Tjora.

FOR TIDLEG: Styremedlem Nicolai Winter-Hjelm ynskjer seg meir oversikt før han kan ta standpunkt i debatten om korleis ein skal bestemme ny rektor

Skallerud trur at det er avhengig av kva for rektor som veljast eller tilsettast. 

– Dårleg dømmekraft kan òg utøvast av ein valt rektor, svarar Skallerud.

LES OGSÅFornya samarbeidsavtale mellom NHO og NTNU:– Skal hjelpa bedriftene å kopla seg tettare på akademia

Powered by Labrador CMS