BOIKOTT: Studentar for Palestina og Akademisk nettverk for Palestina har stilt fire krav til NTNU-styret.

Teltaksjonen på Gløshaugen fortset: – Me blir ikkje tatt seriøst

Over heile verda har me dei siste vekene sett pro-palestinske demonstrasjonar slå leir på universiteta.

Publisert Sist oppdatert

Fredag 10. mai kom aksjonen til Gløshaugen. Studentar for Palestina og Akademisk nettverk for Palestina krev akademisk boikott av Israel.

Dette er krava som kom fram i brevet til Styret og rektor ved NTNU:

- NTNU frys samarbeidet med Kongsberg gruppen, fram til Kongsberg gruppen sluttar å selje våpen og våpendelar til Israel, enten direkte eller via tredjeland.

- NTNU skal ikkje inngå nye forskingsprosjekt med israelske statlege institusjonar og bedrifter som bidreg til okkupasjonen av Palestina, via rammeavtala til Horisont Europa.

- NTNU kjem med ei uttale som fordømmer Israels angrep på sivile og på utdanningsinstitusjonane i Gaza.

- NTNU bidreg til gjenoppbygginga av Gazas utdanningsinstitusjonar. Me ber om at Styret ved NTNU tek opp krava våre på sitt neste styremøte den 15. mai, eller ved et ekstraordinært styremøte senest 1. juni.

Ved byrjinga av styremøtet til NTNU onsdag morgon stod fleire titals studentar og tilsette ved NTNU i trappene til hovudbyggsaulaen på Gløshaugen. Dei håpa at krava til Studentar for Palestina skulle bli behandla på møtet som hadde rektortilsetting som hovudpunkt på agendaen. 

Då Styret skulle diskutere krava under møtet var det einigheit om å fordømme dei israelske angrepa på sivile og utdanningsinstitusjonar i Gaza, og å unngå nye institusjonelle samarbeid med Israel.

Forsamlinga var derimot meir splitta i saka om å stoppe samarbeidet med våpenselskapet Kongsberg gruppen og å innføre akademisk boikott ved å bryte samarbeidet med Horisont Europa.

Krev tydelegare standpunkt

Leiar Magnus Barka Hjelle ved Studentar for Palesting var ikkje fornøgd med behandlinga av krava deira.

– Styret tek ikkje saka seriøst. 

Meir positiv var han til studentane som møtte opp på demonstrasjonen både før og etter styremøtet.

– Krava er fortsatt dei same, og me held fortsatt 1. juni som frist for NTNU-styret å sette opp ekstraordinært møte til å vurdere dei.

Hjelle ser det sannsynleg at krava om å ikkje inngå nye institusjonelle samarbeid med Israel og fordømme angrepa deira på sivile og utdanningsinstitusjonar i Gaza blir vedtatt ved neste styremøte. Likevel er det dei to siste krava han anser som viktigast.

– Eg trur ikkje rektor har noko meining om saka, utanom presset han får frå ulike hald. Så får me sjå om me klarar å vera mektigare enn Kongsberg gruppen.

Han meiner haldninga til leiinga er for passiv og stiller spørsmål ved uavhengigheita. 

– Ein ny rektor som berre følger næringslivet er ikkje veldig bra for NTNU. Me såg kva som skjedde med forrige rektor, minnar han om.

Under styremøtet kom det fram at NTNU sine standpunkt først og fremst har vore i tråd med kva andre universitet har gjort.

– NTNU skal vera leiande innanfor teknologi, men ikkje noko anna. Det er frustrerande at dei ikkje tør å ta det første steget.

UTOLMODIG: Leiar Magnus Barka Hjelle ved Studentar for Palestina krev at NTNU-styret sett opp ekstraordinært møte med vedtakssak på agendaen.

Den akademiske friheita under trussel?

Hovudargumentet mot ein akademisk boikott, som kom fram både under styremøtet og debatten elles, har vore at det kan krenke den akademiske friheita. Likevel står dei enkelte akademikarane fritt til å samarbeide med kven dei vil dersom ein bryt samarbeidet med Horisont Europa.

– Kravet som blir stilt er også knytt til forskar-til-forskar-samarbeid som blir finansiert gjennom Horisont Europa. Viss me hindrar det frå institusjonens side vil det vera inngripande for den akademiske friheita, meiner Hjelle.

NTNU har ingen institusjonelle samarbeid med Israel per i dag, seier rektor ved universitetet Tor Grande.

– Men Noreg har ei rammeavtale med EU som tillet oss å gjere forskningsprosjekt som israelske forskarar potensielt kan vera involvert i.

– Er ikkje dette snakk om institusjonelt samarbeid?

– Nei, det er først og fremst forskar-til-forskar-samarbeid.

Hjelle meiner det ikkje stemmer at ein stopp av samarbeid med Horisont Europa vil hindre forskar-til-forskar-samarbeid.

– Me har gjort det tydeleg i fleire debattinnlegg at dette handlar om å stoppe institusjonelle samarbeid, ikkje samarbeid mellom enkeltindivid.

Høyrt, men ignorert

Emma Ramsli studerer forkurs til ingeniør og var på teltaksjonen til Universitetet i Oslo i helga. Det engasjementet smitta.

KLAR TALE: Medlem Conor Kelly i Akademisk nettverk for Palestina ropte høgt til NTNU-styret då demonstrantane krevde handling.

– Eg har sett på krava Studentar for Palestina stiller NTNU og følger med på når det er demonstrasjonar. Eg vil prøve å spreie ordet. 

Geografistudent Eskil Roos Mangrud vart òg inspirert av oslostudentane som var først ute med å ta den akademiske teltaksjonen til Noreg. Han har sove ei natt i leiren og ynskjer å involvere seg meir framover.

– Dette viser eit veldig tydeleg signal. Jo lenger tida går, jo klarare blir det at studentane ikkje gir seg.

– Uansett kor mykje studentane gjer blir det berre prat. Det er litt frustrerande at me får lov til å studere ved universitetet, men når me meiner noko, blir me ikkje høyrt, svarar Ramsli.

Ho ynskjer å tru på at når studentane samlast og demonstrerar, vil det til slutt føre til handling. 

– Det er studentane som er NTNU, så då burde me ha noko å seie i saka. Forhåpentlegvis legg dette eit press på Styret.

Mangrud var skuffa over at fleire i Styret unngikk demonstrantane då dei gjekk inn til styremøtet onsdag morgon.

– Det at nokon kom og helste på oss medan andre tok seg inn bakdøra tyder på at me har blitt høyrt, men ignorert. Det synes eg er feigt.

HÅPAR PÅ HANDLING: Studentane Lina Storsæter, Eskil Roos Mangrud, Isak Evensen og Emma Ramsli ynskjer å ta eit tydeleg standpunkt til samarbeid med Israel.
Powered by Labrador CMS