Prisen for ATB sin periodebillett vert redusert atter ein gong.

Etter revidert statsbudsjett kjem ein periodebillett til å koste 265 kroner i månaden frå og med 1. september.

Publisert



I statsbudsjettet for 2026 vart det bestemt at periodebillett for 30 dager  for kollektivtransport skulle reduserast med dryge 100 kroner over heile landet. Dette førte til ei prisnedsetjing av ATB sin periodebillett på 150 kroner frå 1. mai, grunna ekstra middel frå Trøndelag fylkeskommune.

I det reviderte statsbudsjettet vart det vedteke å redusere prisen ytterlegare med 160 kroner over heile landet. No, frå 1. september, kjem periodebilletten difor kun til å koste 265 kroner for studentar som reiser innanfor ei sone i Trøndelag. 

Det noverande vedtaket kan sørgje for reduserte prisar fram til 30. april 2027.

Har vore eit spørsmål om pris

ATB har lenge auka rekkjevidda på sonar, lagt inn tilbod som bysykkel og leige av bil, men det er mange som heller er opptekne av den endelege prislappen ein må betale kvar månad.

Silje Nordskog, Carina Pettersen og Sanna Lewin går fjerde året på energi og miljø. Alle tre har inntil vidare unngått å kjøpe periodebillett.

– Det har vore for dyrt, seier studentane på rekkje.

Lewin bur sentralt og har difor valt å ikkje kjøpe periodebillett før. Ho er blant dei som kanskje endar opp med å take buss oftare etter endringa.

– Eg vil kanskje take bussen meir, i alle fall om det er dårleg vêr, fortel Lewin.

Alle tre trur at dei kjem til å kjøpe periodebillett framover på grunn av prisnedsetsjinga.

Miljø eller privatøkonomi

Dei to viktigaste argumenta for reduserte prisar for offentleg transport er trafikkutslepp og privatøkonomien til dei som nyttar seg av tilbodet. Tidlegare forsøk på å redusere pris for kollektivtilbod har i liten grad fått personar til å la bilnøklane liggje heime.

Studentane er likevel ikkje overbeviste om at dette kjem til å redusere trafikkutsleppa.

SKAL FØLGJE NØYE MED: Torhild Aabergsbotten, leiar for mobilitetsseksjonen i Trøndelag fylkeskommune, ser lyst på prisnedsetjinga, men meddelar at prisendringa kan ha mange følgjer.

– Det spørst om det kjem til å få bilar av vegane, seier Pettersen.

Torhild Aabergsbotten, leiar for mobilitetsseksjonen i Trøndelag fylkeskommune, fortel at prisreduksjon i offentleg sektor tidligare kun har ført til at personar som allereie går og syklar tek kollektivtransport i staden. 

– Teori og praksis viser til at reduserte prisar ikkje bidreg til å redusere bilbruk, fortel Aabergsbotten.

Ho peiker på at prøveordninga med gratis kollektivtransport i Stavanger berre leia til minimalt redusert biltrafikk.

– Tilbodet, altså kapasiteten og frekvensen av offentleg transport, er langt viktigare, påpeiker Aabergsbotten.

Sjølv om ho i stor grad er positiv til prisnedsetjinga, er ho usikker på om det kjem til å ha positiv effekt på trafikkutsleppa i regionen.

Enkeltbilletten står støtt

Prisen på enkeltbilletten kjem til å halde seg lik etter priskuttet, då statsbudsjettet har presisert kutt i kun periodebilletten. Dette kan bety at studentar som sjeldan tek buss, no i staden vel å kjøpe periodebillett. 

Sjølv om den reduserte prisen kan auke salet av periodebilletten, er det usikkert om dette er økonomisk gunstig for ATB og fylkeskommunen, då enkeltbillettar gir større inntening enn periodekort. 

Av fylkeskommunen sine tal for perioden etter det første priskuttet kjem det fram at salet av periodebillettar har auka med nesten 50 prosent. Samtidig har salet av enkeltbillettar vorte redusert med dryge ni prosent.

– Det står att å sjå; sumarmånadane er spesielle då studentane dreg heim, så me skal følgje nøye med framover, seier Aabergsbotten.

Sniking på buss

I diskusjonen om kollektivtransport kjem ein seg ikkje unna spørsmål om snikarar, altså dei som vel å ikkje kjøpe billett, men framleis vel å take i bruk kollektivtransporten.

– Eg har blitt fortalt at det er dei som har høyrt frå andre at dei no ville slutte å snike, no når prisen har vorte redusert, fortel Aarbergsbotten. 

Ho har på den andre sida ikkje lyst å gjeve nokon prediksjon på om dette kjem til å redusere sniking på buss.

TOMMEL OPP: Silje Nordskog, Carina Pettersen og Sanna Lewin meiner prisnedsetjinga er eit godt tiltak.

Nordskog, Pettersen og Lewin kjenner godt til fenomenet. Dei veit om fleire som no vel å snike på bussane på grunn av pris. Dei trur priskuttet kan redusere mengden studentar som snik på bussen.

– Eg trur fleire som no vel å snike, kjem til å kjøpe billett, fortel Nordskog.

Det vil altså frå 1. september verte billigare å bruke buss jamleg, noko som kan hjelpe studentar med økonomien og redusere talet på sniking. 

Men dei sarte sjeler som treng ein enkeltbillett heim ein tysdag kveld etter atter eit mislykka forsøk på å finne kjærleiken, vil måtte betale same pris eller ty til radikalisme.

Powered by Labrador CMS