Studentersamfundet held delar av huset stengde
I samband med at Kong Harald V gjekk bort i dag, held Studentersamfundet festfaktoren låg fredag kveld.
Fredag 28. august kom meldinga om at Kong Harald V hadde gått bort. I laupet av dagen vart det klart at fleire kulturaktørar markerer bortgongen på ulike vis. Det gjeld òg Studentersamfundet i Trondhjem.
— I kveld går konsertane som planlagt, men med eitt minutts stille i starten, informerer samfundsleiar Ulik Dager Sneve i ein e-post.
På Samfundet si nettside er det lagt ut melding om at Klubben, Strossa, Vollan og Bodegaen er stengt på fredag, men at planen er normal opning att frå laurdag 29. august.
— Me har snakka med andre i bransjen og funne ut at løysninga vår er i tråd med det andre kulturarenaer i landet gjer, fortel Sneve vidare.
I tillegg til det normale programmet vert det òg minnemarkering for den avlidne kongen på laurdag.
— Det vert felles minnestund frå Samfundet frå klokka 16:30, og denne vil inkludera nedlegging av blomar på Stiftsgården samt song av nasjonalsongen, skriv Sneve i e-posten.
På Samfundet sine nettsider kan ein lesa at markeringa startar med oppmøte i Edgar, før ein går samla til Stiftsgården for å leggja ned blomar. Etter dette går turen attende til Samfundet, der det vil vera ei minnestund i Storsalen frå kring 17:15 til 18:00.