Russisk lykke
Our Thickness
STUDENTRADIOALBUMET
Dei færraste blir sjokkerte når dei får vite at vekas studentradioalbum kan plasserast i indiepop-sjangeren. Det er ein flott sjanger for ein radiokanal som vil vere litt alternativ og samstundes lyttarvennleg.
Det sentrale er likevel at musikken er god, for då vert sjangeren mindre viktig.
Fint då, at Studentradion ikkje har leita opp ein obskur kanadisk artist som lagar musikk på soverommet sitt, berre fordi dei er sikre på at ingen har høyrt om han før.
Matthew Hart, også kjend som The Russian Futurists, har nemleg med _Our Thickness_gitt ut ein fin langspelar.
Plata inneheld førti minutt popmusikk. Hart er ikkje like kompromisslaus som andre i indie-sjangeren. Han krydrar ikkje popmusikken sin med støyelement som skremmer bort gjennomsnittslyttaren.
Vegen til P3-lista vert lang for The Russian Futurists fordi melodiane er gøymt under overdådige arrangement. Dermed vert ikkje sangane umiddelbare nok til at dei får speletid på mainstream radio. Det burde dei.
For når ein etter eit par gjennomlyttingar finn fram til melodiane, openberrer dei seg som både enkle, flotte og fengande.
Hart unngår òg ei av dei vanlegaste fellene innan den såkalla indie-popen. Han lét vere å drøsse på med eksperimentelle lydar og effekter som kjem i vegen for musikken.
Ved å avgrense dette til eit minimum, klarer han noko som er mykje vanskelegare, å la eksperimenta styrke musikken – og ikkje omvendt.
Med langspelaren Our Thickness vis er The Russian Futurists at det ikkje berre er kikkarar som treng å interessere seg for kva som skjer på kanadiske soverom. Tilhengarar av eksperimentell pop bør sjekke denne plata.