VANN 500 000 KRONER: Av dei fire nominerte som får lage kvar si utstilling på Trondheim kunstmuseum, får éin nominert vinnarpotten på 500 000 kroner.

Joar Nango er mottakar av Lorck Schive kunstpris 2023:

– Eg kom til Trondheim med to prosjekt og ein bil full av stæsj

Lørdag blei kunstnar og arkitekt Joar Nango annonsert som mottakar av Lorck Schive kunstpris 2023. Han fortel om studietida og utstillinga i Trondheim.

Publisert

– Eg er veldig glad i kollektiv, men ikkje i organiserte system, for eg blir svett av alt som luktar institusjon.

Nango studerte dei tre grunnåra i arkitekturstudiet på NTNU og reiste rundt dei to siste åra, før han kom tilbake til Trondheim for å levere diplomoppgåva si. Han budde i Båhus gate i kollektiv med tre andre studentar som var rockarar frå Bergen.

Lorck Schive kunstpris

  • Prisen er på 500 000 kroner. Kvar av dei fire nominerte kunstnarane mottar 150 000 kroner til produksjon av verk. Totalt er prisen på 1 100 000 kroner og en av Europas største.

  • Prisen og utstillinga er eit samarbeid mellom Christian Lorck Schive og hustrus legat og Trondheim kunstmuseum. Formålet med Lorck Schive Kunstpris er å skape debatt og interesse rundt samtidskunsten ved å heidre framifrå kunstnarar.

  • Prisutstillinga blir skjer ved Trondheim kunstmuseum annakvart år, og skjedde første gang i 2013.

– Som student i Trondheim lev ein veldig urbant. Det er fint at Gløshaugen og Samfundet er så nære kvarandre, og at dei er plassert så nære sentrum.

Løgn og læreplan

Etter at Nango var ferdig med utdanninga fekk han jobbe som vitskapleg assistent ved instituttet. Han fortel at det var som å vere i mellomlandet mellom å vere student og profesjonell.

– Du får ansvar og får vere med å forme undervisninga, og du ser at alt berre er ein stor løgn. Vi gir den berre vidare.

Kva meiner du med det?

– Vi er jo berre menneske, og kva som er rett og galt, og korleis ting skal vere er jo berre ein kollektiv konstruksjon, seier han.

Nango fortel vidare at det var interessant å vere med bak kulissene i ein undervisningsinstitusjon, og forstå at ein kan påverke. Han forklarar at det finst rom for å velje eigne retningar i slike system òg.

– Det er ikkje slik at det som står på læreplanen er hugga i stein av nokon som veit alt om alt.

LES OGSÅ: Lover den mest minneverdige Pride-feiringen noensinne

Metode og fiktive europeiske grenser

Som kunstnar jobbar Nango mykje med å skape plattformer og diskusjonar rundt arkitektur. Han jobbar med ulike plattformer kvar gang, og ofte kollektivt og over lang tid.

– Som diplomoppgåve her på NTNU lagde eg ein fanzine (journ.anm: ikkje-profesjonell utgiving produsert av entusiastar av eit særskild kulturelt fenomen) om samisk arkitektur kalla Huksendáidda.

Diplomoppgåva blei fort ein platform der andre kunstnarar kunne bidra med tekst og bilete, så allereie der blei ein metode født for Nango.

– Då eg blei invitert til å vere med på Lorck Schive, gjorde eg nokre utdrag frå mine tidlegare plattformer som eg sat saman til ein mangefasettert og stadsspesifikk installasjon.

Installasjonen på Trondheim kunstmuseum er ei samasetning av dei to prosjekta PCA-TV og European Everything. Post Capitalist Architecture TV, PCA-TV, er ein tv-serie som ligg online i seks episoder. Den eine episoden som handlar om materialflyt er er vist på skjerm i installasjonen.

Nango forklarar European Everything som eit nomadisk verk som er svært til stades i utstillinga:

– Verket er ei reise i Europa der eg undersøkjer randsonana av Europa og dei ulike minoritetane og folkeslaga i Europa.

Minoritetane passer ikkje naudsynt inn i korleis Europa er delt inn i nasjonalstatar med grenser og flagg.

– Nasjonalitetane som Europa marknadsførar seg gjennom er veldig fiktive, og eg som same har vekse opp med den forteljinga. Når eg skal besøke tanta mi køyrer eg gjennom Finland og Svergie, for det er den kortaste vegen, og på vegen har eg massevis av slekt.

Med European Everything var desse grensedragningane noko Nango undersøkte.

– Eg reiste rundt i min store raude bil og samla møte med folk, historier og materiale, og på vegen traff eg ein veldig kul romsk kopparsmed, Lajos Gabor. Han har eg jobba med sju gonger no.

GJENBRUK: Episoden frå PCA-TV som er vist i utstillinga handler om materialflyt, og gjenbrukte materialer er sentrale i utstillinga på TKM.

LES OGSÅ: Boka som beskriver det ubeskrivelige

Samarbeid

Du brukar ofte andre kunstnarar i verka dine?

– Ja, det gjer eg. No jobba eg med Lajos Gabor og Robert Julian Hvistendahl som er kunstnar i Tromsø. Dette verket er ein slags kollasj av dei to arbeidsplattformene European Everything og PCA-TV.

Dei køyrdei den raude bilen til Nango ned frå Tromsø, og hadde ikkje eigentleg noko klar idé om korleis utstillinga skulle bli.

– Eg kom til Trondheim med dei to prosjekta og ein bil full av stæsj. Så brukte vi dei to vekene vi hadde på oss til å bygge og lage det vi viser fram no.

I to veker jobba dei tre kunstnarane i lag, og Lajos Gabor fekk plutseleg ein idé Nango er særleg stolt av.

– Lajos tykte lampene vi hadde var kule, men han meinte at han kunne lage nye på null komma niks. Han stod og sveisa utanfor museet her, med Nidarosdomen som bakteppe i det fine aprilveret vi hadde.

Kopparsmeden Gabor hadde med seg lange lysestakar med slanger og krokkodillar på frå bestemora si, og sveisa det på lampene.

– Lampene er mykje meir frodige og kreative enn dei glatte «sleeke» skandinaviske designlampane som jo er fine. Eg er glad i ein form for maksimalisme; der eg kjem frå er det kreative ikkje så strigla, reint og forsiktig, det er meir ein energi som henter frå naturen.

Å hoppe fram og tilbake

Tar du med deg noko frå arkitekturstudiet i kunsten din?

– Det varierer, men eg er jævleg glad for at eg har fagleg kunnskap. Eg tenkjer på dei stakkars kunstnarane som går rundt og surrar i sitt eige hovud, dei går jo seg vill. Eller, ikkje alle då, seir han og ler.

Nango forklarer vidare at den fridomen ein får som kunstnar er krevjande, og at han som arkitekt har oppgåver og struktur.

– Som arkitekt kan du velje ein kreativ retning som eg har gjort, eller å jobbe med å bygge samfunnet og bygge veger og forholde seg til pragmatiske ting, og det elskar eg med faget.

FRAMTIDA: – Eg har ikkje vakse opp med samisk språk som morsmål, men det har ho, så vi snakkar på samisk i lag. Det er framtida!, seier Nango.

Sjølv likar han av og til å lene seg tilbake på det meir oppgåveorienterte, og seier at han beveger meg mellom dei to fagmiljøa.

– Eg blir ofte forvirra av kunstens meiningsløyse. Det kan vere godt å ha arkitekturen og sin pragmatikk å kvile seg på.

Denne dualiteten, forklarar Nango, er ein fordel for arbeidet og tilveret hans. Dualitet er eit nøkkelord i sjølvforståinga til Nango.

– Ja, eg er samisk, men eg er òg norsk. Eg er vaksen opp på Vestlandet, men med ein samisk identitet. For meg er det å vere begge deler det mest naturlege i verda. Det er berre resten av verda som prøver å seie at eg må vere det eine eller det andre heile tida.

Nago seier avslutnignsvis at han trur dei yngre i dag har forstått at dei må omfavne det komplekse og frigjerande ved å bestemme over eigen identitet.

– Eg trur at dei yngre i dag er smart på dei her tinga. Generasjonen min er ikkje vaksne opp slik. Eg er glad for at dei er mykje meir opne.

Dei tre andre nominerte til Lorck Schive kunstpris 2023 var Ahmed Umar, Anna Daniell og Ane Graff, og alle dei fire utstillingene er mogleg å sjå fram til 17. september på TKM Bispegata.

LES OGSÅ: Se bildene: Dette skjedde på Festningen i helga

Powered by Labrador CMS