Brukt og dumpa:

elsparkesyklar i Nidelva

Dryg eit snes elsparkesyklar har dei siste vekene vorte funne i Nidelva langs Gangbrua: protest, forsøpling eller berre veldig dårlig parkering?

Publisert Sist oppdatert

Frå den leigde elsparkesykkelen si spede byrjing sumaren 2019 har dei metalliske hestane møtt motstand og kontroversar. No flørtar Oslo kommune med å forby elsparkesyklar på fortau. På same tid finn me fleire og fleire elsparkesyklar vandalisert i Nidelva. 

Vandalisme av elsparkesyklar er ikkje nytt. Liknande eskapader har vorte sett tidlegare i Sandvika, i Gandsfjorden og i Oslo der fleire elsparkesyklar anten vart tagga, sabotert eller kasta i Akerselva.

Det er på den andre sida usikkert om det denne gongen er eit resultat av forsøpling for moro skyld eller protest mot utleigarselskapa. 

Eit gjentakande problem

INGA OPPGÅVE FOR STOR: myndigheitskontakt i Ryde Ole August Kjærvik meinar det å hente sparkesyklar opp frå vatn er ein av dei faste arbeidsoppgåvene.
FORSØPLING: Politioverbetjent Mona Gikling påpeikar at det berre kan handterast som forsøpling inntil vidare.

Myndigheitskontakt i Ryde Ole August Kjærvik synest det er leit at enkelte velgjar å behandle sparkesyklane på denne måten. 

– Når en sparkesykkel vert kasta i vannet, rammar det ikkje berre oss som selskap, men også bymiljøet, legg Kjærvik til.

Politioverbetjent Mona Gikling seier det er eit gjentakande problem, men svarar at ingen av sparkesykkelselskapa involvert har politianmeldt saka. 

– Det er å sjå på som forsøpling og selskapene må følgje opp om dei ynskjer, svarar Gikling.

Kjærvik svarar at dei tek situasjonen på alvor og vil anmelde saka om dei identifiserar dei ansvarlege.

Vandalisme eller protest?

Leige av elsparkesyklar har mange stadar vore møtt med sterk motstand. Blant anna store protestar i Los Angeles der sparkesyklar vart kasta utfor Santa Monica-pir som førte til at selskapa trekte seg ut av byen. Er det det same som skjer i Trondheim?

UAKSEPTABELT: Finansbyråd Kjetil Reinskou tenkjer forsøpling er problematisk.

Politiet er usikre kva motivet for den pågåande vandalismen er. Finansbyråd Kjetil Reinskou syntest uansett at det er uakseptabelt.

– Det er forbode, det er herverk og det er vandalisme, ytrar Reinskou.

Han peiker på at eit fleirtal har stemt for å beholde utleige av elsparkesyklar i Trondheim kommune. 

– Det er mot demokratiske prinsipp. Slik vandalisme burde ikkje nå frem til selskapene som den eventuelt er retta mot, svarar Reinskou på spørsmål om det kunne ansjåast som protest.

 LES OGSÅ:  – Regjeringen gravlegger heltidsstudenten

Opprydding: sirkelgjenvinning eller sirkelansvar?

Det er usikkert kven som har ansvar for å rydde opp dei motoriserte fartøya. Politioverbetjent Gikling meinar at Trondheim bydrift har ansvar for å rydde opp syklane. Reinskou meinar selskapa skal ha hovudansvar.

– Primær ansvaret burde ligge hos leverandørane, konstanterer Reinskou.

Kjærvik påpeikar at Ryde allereie har system for opprydding. Noko som kanskje er synleg då den gjenkjenlege grøne fargen til Ryde utgjer eit fåtal av syklane i elva.

– Det er ein del av det vanlege arbeidsområdet å rydde opp feilplasserte sparkesyklar, også når dei endar opp i vatn, fortel Kjærvik.

Han nemnar ikkje direkte om oppryddinga også omhandlar øydelagte syklar, men legg til at skader på fartøya skapar ekstra kostnadar for selskapet. Dei andre leverandørane har valt å ikkje svare på henvending frå Under Dusken. 

REGNBOGE: elsparkesyklar gjev farge til Nidelva.

Trondheim er ikkje Oslo

Sikkerheit er og har vore punktet som har skapt mest konflikt. I forrige rapport frå Transportøkonomisk institutt rekna dei hospitalisering til å vera mellom ti til seksti gonger høgare enn for dei som brukar elsparkesyklar i forhold til konvensjonelle syklar.

I tråd med dette har rekelverket vorte strama inn år etter år. Noreg er eit av få land der det framleis er lov for elsparkesyklar å kjøre på fortauet, men kommunar som Oslo stiller spørsmål også ved dette. Sånn er ikkje situasjon her i Trondheim.

– Elsparkesyklar er ein del av mobiliteten i byen, fortel Reinskou.

Han peikar på at sikkerheiten vert betre og betre med nye teknologiar, som fartsgrenser for ulike soner og automatisk registrering av ulykker.

– Elsparkesyklane har kome for å bli, seier Reinskou.

I all sannsynlegheit kjem me til å sjå dei blå, raude og grøne syklane i lang tid framover. Jern-pegasusen si tid er ikkje over.

UTRYGT: Elsparkesyklar burde ikkje gå heim åleine.

 LES OGSÅ:  – Det er viktig å finne noen som brenner for det samme som deg

Powered by Labrador CMS