Eit studiepoeng: 60 timar eller 60 minutt

På Gløshaugen sit Lars Kristian Nybo og studerer over ti timar i veka for 7,5 studiepoeng. Emma Hegge Sørensen fekk dobbelt så mange studiepoeng på to helger.

Publisert Sist oppdatert

Eit studiepoeng ved NTNU er bunde til ein internasjonal standard, forkorta ECTS (European credit transfer and accumulation system). 

I brukarrettleiinga står det at det skal brukast 1500 og 1800 timar på eit studieår med 60 poeng. Dette blir igjen omsett til ein stad mellom 25 og 30 timar per studiepoeng. 

Vidare er det 187,5 til 225 timar per emne med 7,5 studiepoeng og 375 til 450 timar per emne med 15 studiepoeng. Dette er likevel ikkje slik det ofte er i praksis.

– Helvetessemester

Student Lars Kristian Nybo studerer til bachelor i biologi på Gløshaugen. Semesteret han nettopp er ferdig med, fortel Nybo at har fått eit rykte blant biologistudentar som eit «helvetessemester».

INTERESSERT: Lars Kristian Nybo tykkjer det går fint å jobbe ekstra om 60 TIMAR fagstoffet er interessant.

I tillegg til exphil og matte har Nybo hatt to tunge biologiemne. Det verste av dei to, er emnet «Plantens struktur og funksjon», også kjend som «plantefys».

– Det var mykje jobb, godt over ti timar i veka. Eg er ein av dei som jobbar under gjennomsnittleg mykje, så mange jobba betrakteleg meir enn det, seier Nybo.

Kurset består av alt ein skulle vente – forelesingar, gruppearbeid, lab og labrapportar. Det meste av dette er i tillegg obligatorisk. Problemet oppstår når summen av arbeidet overgår kor mykje det er meininga at ein skal jobbe per veke.

Ikkje berre eit studiepoeng

Nybo tykkjer at emnet truleg burde ha gitt fleire studiepoeng om innsatsen hans skulle bli rettvis utbetalt. Han meiner eit studiepoeng burde vere meir standardisert frå emne til emne.

– Emneansvarlege burde kanskje ha ein litt lik idé. Eit studiepoeng er liksom ikkje eit studiepoeng.

Til tross for ei stor arbeidsmengd er Nybo glad i biologistudiet. Han har ingenting mot å jobbe meir enn andre studentar, men påpeiker at kva du lærer og kor lang tid du må bruke, ikkje alltid heng saman.

– Det er truleg noko reint praktisk som kan gjerast slik at det blir opplevd som mindre arbeid, utan at det skal vere noko mindre læringsutbytte.

 LES OGSÅ:  Her er de nye studentene i Sits styre

15 studiepoeng på 2 helger 

Student Emma Hegge Sørensen studerer til bachelor i drama og teater ved NTNU. Førre semester tok ho eit emne som gjekk over eit par helger, med ein påfølgande heimeeksamen.

DRAMASTUDENT: Emma Sørensen er ikkje på NTNU naudsynt for å jobbe 9-3, men heller for å lære seg drama og teater.

For denne innsatsen fekk Sørensen 15 studiepoeng. Emnet er «Dans, bevegelse og helse». Det går ut på korleis ein kan anvende rørsle på ein helsefremmande måte. Sørensen meiner dette er et godt og viktig emne:

– Eg trur det blir ekstremt relevant framover. Det er veldig dagsaktuelt å bruke rørsle og musikk for å hjelpe folk.

Emnet hadde obligatorisk oppmøte i dei to helgene. I tillegg var det nokre få digitale forelesingar, men desse var ikkje obligatoriske. Sørensen deler at det ikkje var noko særleg godt oppmøte da.

– Eg var nesten åleine i eit par forelesingar, men eg trur dei vil bli obligatoriske neste år.

– Gløsingar hadde det vanskelegast

Emnet hadde ei sluttvurdering i form av ei oppgåve på om lag 5000 ord. Dei fleste som tok emnet, fekk anten A eller B. Emne var ope for alle, og det var ikkje berre folk frå drama.

– Det var folk som allereie var fysioterapeutar, folk frå drama og attpåtil nokon frå Gløshaugen. Dei frå Gløshaugen hadde det nok vanskelegast med framføringa i emnet.

Sørensen tykkjer at ho som student på Dragvoll ikkje naudsynt er her for å ha ein vanleg arbeidsdag, men heller for å lære seg teater – noko ein gjer i praksis.

– Hadde studiet handla om å sitte frå klokka 9 til 15 kvar dag, hadde eg ikkje vore her. Når vi derimot set opp skodespel og eg må jobbe frå 9 til 21, så er det heilt greitt.

Sjølv om arbeidsmengda i emnet ikkje samsvarar til akkurat det det er meininga at 15 studiepoeng skal vere, tykkjer Sørensen at læringsutbytte frå emnet var verdt minst dei femten poenga ho fekk.

 LES OGSÅ:  KI-ekspert Inga Strümke: Drit i karriereplanlegging

36 prosent jobbar meir enn dei i arbeidslivet

I studiebarometeret blei det undersøkt kor mykje tid studentane brukte på studia sine. Blant dei 200 studieretningane ved NTNU som var med i undersøkinga, låg heile 36 prosent over tidsbruken i ei normal arbeidsveke altså 37,5 timar.

Studentane ved NTNU jobbar gjennomsnittleg 35 timar i veka. Med ei grov sortering av lista*, kan me sjå at studentar på Dragvoll i snitt jobbar 30 timar i veka, mens dei på Gløshaugen jobbar 40 timar i veka.

Anerkjenner skilnadar

Prorektor for utdanning, Marit Reitan anerkjenner skilnadane mellom emner ved NTNU. Reitan peiker på fleire undersøkingar som har vist dette.

– Vi veit at i dei aller fleste undersøkingane ligg HF-fag lågare enn til dømes teknologifaga på kor mange timar studentane rapporterer at dei jobbar.

ANERKJENNER FORSKJELLANE: Prorektor for utdanning, Marit Reitan anerkjenner at det er ein skilnad i arbeidsmengd mellom emner ved NTNU.

Denne forskjellen finnast ikkje berre på tvers av fagfelt, men også blant dei, påpeiker Reitan.

– Dei fleste som har tatt studiar over nokon år, vil også oppleve at ulike emner i same fag kan opplevast ulike i arbeidsmengd.

Vidare påpeiker Reitan at emner ved NTNU planleggjast ut frå læringsutbyte, samt studentanes venta gjennomsnittlege innsats, noko Reitan påpeiker er subjektivt.

– Det er viktig at det er snakk om eit gjennomsnitt. Studentane er veldig forskjellige i korleis dei opplever og rapporterer arbeidsmengd.

Avslutningsvis poengterer Reitan at ulike emner har ulike føresetnader. Ho peike mellom anna til forskjellar i finansieringskategori, som igjen gjer utslag for kva typar undervisningsformer som vert brukt.

* Datasettet blei grovsortert for hand. Ta kontakt med Jakob Selfors ved mail: selfors@studentmediene.no for info om databehandlinga.

 LES OGSÅ:  Ledervalget: Dette er de forhåndsmeldte kandidatene

Powered by Labrador CMS