OMN TIL KOS: Kollektivet til Sofie Muren brukar vedomnen ofte, men berre til kos

Kunsten å vedfyre

Med vedomn i hus er ein rusta for kalde vintrar og dyr straum. I eit studentkollektiv på Nardo fyrer dei med gratis ved for å halde trivselen varm.

Publisert Sist oppdatert

– Eg trur sånn «24-hour fireplace» var på topplista på Netflix ei god stund i desember, så det er noko med det, seier arkitekturstudent Ingrid Gravdal. 

Ho siktar til at ein i eksamensperioden ofte kan sjå studentar i grupperom med opptak av vedomn på storskjerm i bakgrunnen. 

Heller vedomn enn TV 

Gravdal bur med tre andre studentar i eit romsleg kollektiv på Nardo og har vedomn i stova. I tillegg til ho består kollektivet av psykologistudent Sofie Muren, Judith Andrea Aanestad, som studerer medisinsk og biologisk kjemi, og Hannah Sagdahl, som studerer grunnskulelærar. Dei fortel at  vedomnen gjer noko med trivselen i studentheimen. 

– Det er fint å ha ein vedomn i staden for tv i stova her nede. Det gjer noko med stemninga, seier Aanestad.

Når dei fyrer i omnen, er det som oftast av andre grunnar enn berre for å varme seg.

 – Vi brukar mest elektriske omnar til oppvarming; vedomn er mest kos, seier Gravdal. 

I desember i fjor gjekk vedforbruket i kollektivet opp. 

– Det var koseleg å fyre i eksamensperioden. No som vi ikkje er så mykje heime på dagtid, er det ikkje like mykje vits i å fyre opp, seier Aanestad. 

Veden har dei ikkje betalt for sjølv. Den har Gravdal skaffa gjennom studiet sitt. 

– Eg går jo arkitekturstudiet og har fått rester av byggeprosjektet vårt med heim. Vi fylte opp ein bil med ved, men eg trur den brenn opp fortare enn vanleg, forklarar ho. 

HUSVARME: I kollektivet til psykologistudent Sofie Muren, arkitekturstudent Ingrid Gravdal, Judith Andrea Aanestad, som studerer medisinsk og biologisk kjemi, og Hannah Sagdahl, som studerer grunnskulelærar, har dei vedomn i stova.

Eksperten får fyr 

I ei triveleg stove på Lilleby bur doktorgradsstipendiat Sofie Eiksund Sødal på industriell økologi på NTNU. Doktorgraden hennar handlar om vedfyring, og ho viser korleis ein på  best mogleg vis skal fyre opp i ein vedomn: 

Ho legg to vedkubbar inn i omnen og nokre kveikslar til opptenning. 

– Trikset er å fyre opp ovanfrå og ned. Det er litt mot intuisjonen, men målet er å få eit lite varmt bål på toppen som er varmt nok i seg sjølv til å utvikle god flamme. Så spreier han seg og set fyr på både veden og gassane som veden slipp ut. 

Vedeksperten tenner på ein liten kvit opptenningspose. 

–Ja, eg brukar sånn juksepose. Det er mykje lettare å få fyr då, seier ho. 

Sødal forklarar at det skjer meir inni omnane enn det ein ser med det blotte auge. 

– Vi fyrer veden i seg sjølv, men han frigjer òg masse gassar som då vert brende på nytt. Då får ein frigitt endå meir energi, seier ho. 

Ho set omnsdøra på gløtt, og så er opptenninga ferdig. 

– Ein kan ha døra på gløtt ei god stund, for det lønner seg med ekstra trekk i starten. Når flammen har spreitt seg godt, kan ein lukke att. 

LOV MED JUKSEPOSE: Doktorgradsstipendiat Sofie Eiksund Sødal seier at det er lettare å få start på vedfyringa med opptenningsposar
OPP I RØYK: I kollektivet på Nardo fyrer dei med avkapp frå arkitekturstudentane sitt byggeprosjekt.

Ikkje naudsynt kostnadseffektivt 

Fordi kollektivet på Nardo fyrer for trivselen, sparar dei heller ikkje så mykje pengar på det. 

– Vedfyringa er nok ikkje kostnadseffektiv, men det hadde ho kanskje vore om vi balanserte meir mellom elektrisk omn og fyring, seier Aanestad. 

Dessutan trur ikkje kollektivet at vedomnen er ein bra nok varmekjelde. 

–Eg trur ikkje vedomnen varmar opp alle romma godt nok, Då må ein fyre kontinuerleg, seier Gravdal. 

Doktorgradsstipendiat Sødal stadfestar at det som regel er billigast å bruke straum til oppvarming. 

– Vedfyring kan vere kostnadseffektivt i kombinasjon med straum. Sidan 2010 har vedforbruket gått ned kvart år, men etter 2019 har forbruket byrja vakse. Vedfyringa har auka fordi vi i det siste har hatt ein veldig ustabil straumpris,  forklarar ho vidare. 

Ho trekk fram at vedomnen kan vere nyttig fordi det er fleire i landet som opplever straumbrot. 

– Det er fint å ha ei sekundær oppvarmingskjelde tilgjengeleg i eit langstrakt land som Noreg, og det er bra å kunne avlaste straumnettet. 

Kollektivet på Nardo diskuterer uvêret som var på sørlandet etter nyttår, og at vedomnen kan vere nyttig i slike tilfelle. 

– Vi har hovudlykt og vedomn, så vi hadde klart oss, seier Muren. 

 Les også:  Rett opp ryggen, Barth Eide!

Zalo + ved = sant 

Fyringseksperten Sødal forklarar at ein kan fyre med all slags ved, så lenge han er tørr. 

– Forskjellig type ved har ulik tyngde, altså vekt per volum. Ein kjøper ofte sekker på førti liter, og der er bjørk tyngre enn furu og gran. Bjørk har høgare brennverdi enn furu og gran, altså meir energi per volum. Andre tresortar kan ha endå høgare brennverdi. 

God ved har under 20 prosent fuktinnhald, og Sødal viser fram korleis ein enkelt kan teste kor tørr veden er utan fuktmålar. 

– Eg dryp nokre dropar Zalo på enden av vedkubben. Så snur eg kubben og bles på enden utan Zalo. Lufta frå munnen bles gjennom dei gangane i vedkubba som det låg vatn i før, så vi veit at veden er tørr når lufta går gjennom dei uttørka kanalane i vedkubben og lagar bobler i Zaloen på andre sida. 

Problemet med fuktinnhald i veden er i hovudsak at mykje av energien i omnen blir brukt til å fordampe vatnet i staden for å varme rommet, og ein får mykje utslepp, forklarar ho.

– Ein får heller ikkje gjort omnen rein like godt. Det vedfyrande kollektivet fyrer med tørr avkapp frå byggeprosjektet så langt det rekk.

Dei tykkjer vedprisane er for høge til kosefyring. 

– Eg veit ikkje om vi kjem til å fortsette å fyre når vi er tomme for det vi har. Kanskje vi får snike oss ned til campus neste år når dei nye arkitektstudentane har sine byggeprosjekt og hente meir, seier Gravdal. 

VEDTESTEN: For å sjekke om veden er bra nok, kan ein bruke Zalo til å blåse boblar gjennom vedkubba
BOBLAR: Ein veit at veden er tørr når lufta går gjennom dei uttørka kanalane i vedkubben og lagar bobler i Zaloen på andre sida.

Kan gi dårleg luftkvalitet 

Eit vanleg argument mot vedfyring er at det fører til dårleg luftkvalitet. Sødal fortel at utsleppa frå vedomnane varierer etter kor gamle dei er. 

– Viss du har ein omn frå før 1998, er det anna teknologi enn den som er i bruk i dag. Er du veldig dårleg på å fyre opp i en gammal vedomn, kan han ha ti gongar høgare utslepp enn om du fyrer opp i ein ny omn på riktig måte. 

Ho forklarar at dette er fordi dei nyare omnane har to luftkjelder. 

– Primærlufta er brukt til opptenning, og forvarma sekundærluft bidrar til å forbrenne gassane før dei kjem ut pipa. Dette gir lågare utslepp og høgare effektivitet enn i gamle omnar. 

Vanlegvis tenkjer ein at vedfyring inngår i eit naturleg kretsløp. Sødal forklarar at ein i forskinga skil mellom utslepp som kjem frå biologisk materiala og utslepp frå fossilt materiale. 

– Fossilt materiale har vore ute av kretsløpet og nedgrave i bakken. Når vi brenn det, blir det endå meir CO2 i omløp. Når vi fyrer med ved, så er det fyring av tre som allereie har vore ein aktiv del av systemet og tatt opp CO2, så då reknar ein med at CO2-en som kjem av brenninga blir teke opp att av nye tre. 

Ho legg til at skogen i Noreg har vakse med 42 prosent dei siste 20 åra. Ein reknar altså med at CO2-en blir tatt opp att, og ein seier at det går i null, forklarar ho. Det er likevel andre utslepp frå vedfyringa som ikkje blir tatt opp. 

–Eit døme er sot som kjem frå vedfyring. Det er ikkje gass, men partiklar som er svarte. Når sola treff partiklane, er dei med på å varme atmosfæren direkte, fordi dei absorberer varmen. 

Ho forklarar vidare at sotet til dømes kan legge seg på snøen, og då vil meir stråling bli absorbert og snøen smeltar lettare. 

– Vi tel altså ikkje CO2-utlepp frå vedfyring, men heller dei andre gassane og utsleppa, seier ho. 

 Les også:  Vil kutte i antall institutter ved Fakultet for naturvitenskap

Litt pyroman 

Det er nettopp desse andre utsleppa prosjektet Sødal er med på, undersøkjer. 

– Eg er med på prosjektet som heiter Sus Wood Stoves, og her jobbar vi med å gjere vedomnar meir effektive og reintbrennande. Prosjektet er eit  samarbeid mellom NTNU, Sintef energi og industripartnarar, Vi forskar på korleis vedfyring kan gi mindre utslepp og korleis ein kan integrere vedfyring i oppvarming av bustad på ein meir moderne måte. 

Sjølv ser Sødal på effekten vedfyring har på klima og helse. Ho meiner det er viktig å forske på dette, fordi ein veit at vedfyring i større byar bidrar til luftforureining. På eit personleg plan beskriv ho seg sjølv som over gjennomsnitttet glad i vedfyring.

– Er du eit bålmenneske? Litt pyroman? 

– Ja. Det er mykje hyggelegare å sitte og sjå på ein vedomn enn å sitte og sjå på varmepumpa. 

Ho fortel at flammer fell inn i same kategori som bølger og nordlys. 

– Det er naturlege ting som er deilig å sjå på. Det er meditativt. Å sitte og sjå på bølger på stranda eller flammer i omnen er veldig behageleg.

VARMEGARANTI: Doktorgradsstipendiat Sofie Eiksund Sødal forklarar at vedfyring kan vere viktig ved straumbrot og for å avlaste straumnettet.

Vedfyringstips frå Sofie Eiksund Sødal

  • Fyr frå toppen

  • Bruk tørr ved  
  • Sjekk brukstilvisninga til omnen din på nett. Der står det kor mykje ved du treng. Du får lettare fyr, meir varme ut av veden, og det blir mindre forureining. 
  • Zalo-triks (sjå bilete) 
  • Viss glaset i vedomnen er svart av sot, er det et teikn på at du kan gjere fyringsteknikken betre
Powered by Labrador CMS