Trondheims svar på Kardemomme by: – Litt venstreradikale anarkistvibbar

OPPVAKSEN PÅ SVARTLAMON: Masterstudent i kunsthistorie, Colin Bojer, har vakse opp på Svartlamon.

På Svartlamon finst ein gjeng på litt over 200 folk som er leie av å betala dyrt for det mest grunnleggjande i livet: ein stad å bu.

Publisert Sist oppdatert

To av desse er studentane og kollektivbuarane Sebastian Togstad og Maria Holm Thomsen. Sebastian kan fortelje at miljøet på Svartlamon er særleg sosialt.

– Eg plar å seia at viss eg skal heim frå bokkaféen, lyt eg alltid rekna fem minutt ekstra, for ein møter alltid nokon ein kjem til å stoppa og snakka med, seier Sebastian Togstad.

I dette nabolaget aust i Trondheim spring høner ikring medan nokon står og lukar i bedet sitt. Boligstiftelsen Svartlamon omtalar det sjølv som «Noregs fyrste byøkologiske forsøksområde». Sidan 80-talet har dei bygd opp ein frodig, økologisk bydel som slår i hop det urbane kulturlivet i byen med det varme samhaldet på bygda.

Til dufta av nybryggja kaffi forklarar Sebastian at bydelen med om lag 240 innbyggjarar er ein del av den tredje bustadsektoren. Det vil seia korkje privat eller offentleg, men driven av ei ikkje kommersiell stifting.

– Det gir ei ganske billig husleige, som gjer at folk kan leva med litt lågare inntekt og framleis ha det relativt ok, forklarar Sebastian.

Eit nettverk utanfor studentmiljøet

Sebastian og Maria tek høvesvis årsstudium i kunsthistorie og bachelor i biletkunst. Dei fortel til at det er mange kunstnarar, musikarar og aktivistar som bur her. Når dei blir konfrontert med valprogrammet til Norges kommunistiske parti (NKP) som ligg på asfalten på veg inn i nabolaget, ler Sebastian.

– NKP er ikkje heilt oss, seier dei.

Maria stadfestar at valprogrammet nok ligg igjen frå då NKP dreiv valkamp for nokre veker sidan og ikkje er heilt representativt for Svartlamon.

– Men litt venstreradikale anarkistvibbar er det, legg Sebastian til.

KARDEMOMMELOVA: Eit viktig prinsipp på Svartlamon.

Å bu der er litt som å bu i Kardemomme by.

– Alle skal hjelpa kvarandre der det trengst, og me fylgjer Kardemommelova. Ein vaknar om morgonen, går ut og helsar på dei ein møter på. Viss ein har eit problem eller manglar noko, er det berre å spørja nokon.

Her bur folk i alt frå typiske gamle, trønderske arbeidarhus til flyttbare mikrohus. Nokre bur åleine, andre bur saman med familien og somme i kollektiv.

Det høge trehuset som Sebastian og Maria bur i, er eit av dei nyare i området og husar både studentar og andre borgarar.

– Det er eit heilt unikt miljø her. Det er godt at ikkje det einaste nettverket ein har i byen, er knytt til studiet, seier Sebastian.

Maria fortel at det var eit godt miljø å koma inn i for ho som har flytta til Trondheim frå Danmark.

– Etter ei stund i vanleg studentbustad var det deileg å koma til ein plass som kjennest meir som heime.

LES OGSÅ: Dette er vinneren av NTNUs litteraturpris 2023.

Bebuarmøte og dugnad

På Svartlamon vert ein kjende på anten dugnadar, arrangement eller dei månadlege bebuarmøta. Her vert ein einige om kva som skal gjerast når og kven som skal gjera det. Ein pratar om kva folk treng og kva slags aktivitetar og arrangement ein skal ha.

– Me vel ein leiar for kvart enkelt møte, og elles er det flat struktur.

Sebastian innrømmer at flat struktur med 240 møtedeltakarar kan vera litt kaotisk til tider, men at alle greier å vera strenge med seg sjølv, og at dei kjem i mål.

– Dessutan er kaoset noko av sjarmen. Ting vert i alle fall gjorde, og då er det på eige initiativ.

På nettsida til Svartlamon skriv dei nemleg at viss du vil ha noko gjort, so gjer det sjølv! Eitt av grunnprinsippa her er at alle tek initiativ, at alle bidreg med noko, og at ein sjølv fiksar ting. Dette held leiga nede og livet i gang. Sjølv er Sebastian aktiv i Ivar Matlaus bokkafé og Maria i Galleri blunk.

HEIMEKOSELEG: Dei som bur på Svartlamon kan i stor grad gjere husa og leilegheitane til sine eigne. Her i stova hjå Sebastian og Maria.

– Viss du bur her, ver ein del av Svartlamon, ikkje berre eksister her, oppfordrar Maria.

Samtidig seier dei at Svartlamon ikkje er eksklusivt for dei som bur her. Du kan vera del av Svartlamon, vera friviljug her og delta, sjølv om du bur andre stadar. Det var slik dei båe tok dei fyrste stega inn i miljøet.

Bydelen med hagescener og veggmåleri

Her – i eit lappeteppe av hus og hagar, drivhus og verkstad, leikeplassar og heimesnekra hagescener – finn både barnefestival og Eat the Rich stad årleg.

Nokre stadar er husa moderne eller bygde av gjenvunne materiale. I ei anna gate er husa gamle arbeidarbustadar i tre, typiske for Trondheim. Sebastian fortel at desse hadde vore forlatne lenge då dei fyrste okkupantane kom på 80-tallet.

I den same gata finn me ein husvegg med eit gigantisk veggmåleri signert av Håkon Bleken og Håkon Gullvåg.

Sebastian fortel at måleriet frå 1996 har vorte viktig i kampen for å verna Svartlamon.

– Bleken og Gullvåg skjenkte måleriet som gåve til Trondheim sine innbyggjarar. På den måten er kvar og ein av alle Trondheims innbyggjarar nøydd til å gjeva sitt samtykke før dette huset kan rivast.

Å veksa opp på Svartlamon

Me går vidare forbi ein barnehage, ein gratisbutikk og eit spiseri før me kjem til Ivar Matlaus bokkafé. Mellom bøker og brosjyrar sit Colin Bojer, som studerer master i kunsthistorie. Colin har budd på Svartlamon sidan 1997 – det vil seia mesteparten av livet. Foreldra var sjølve studentar då dei flytta hit.

– Det er som å veksa opp i en bydel med bydgestemning. Alle kjende alle, og ein kunne leika fritt og trygt ute i gata. Det var alltid augo som fylgde med og passa på.

No som hen har vakse opp og sjølv er student, set Colin pris på at leiga på Svartlamon tillèt hen å leva på studentbudsjett. Hen er òg takksam for at ein kan ta eigarskap til bustaden, hengja opp ting på veggane – gjera huset til ein heim.

SKEIVT: Colin Bojer kallar miljøet på Svartlamon veldig trygt og gir den skeive rørsla litt av fortenesta.

– Og det er eit veldig trygt miljø – kan henda fordi det òg er veldig skeivt. Det er ein plass der mange rett og slett kjenner seg meir heime.

Kampen for tilværet

Ute kan ein sjå ein plakat som oppfordrar til å stoppa Bane Nor si planlagde riving av bygget som bokkaféen, Galleri blunk og fleire andre friviljuge organisasjonar held til i. Dette for å byggja ut togsporet nokre meter unna til eit dobbeltspor.

– På alle kantar er det utbyggingsprosjekt som har lyst på ein bit av Svartlamon, fortel Maria.

Ho forklarar at du er nøydd til å vera interessert i byutviklingspolitikken i Trondheim for å bu her.

– Svartlamon er ein viktig bydel! Spesielt for kunst- og musikkmiljøet, som har sterk tilknyting her.

Sjølv om Svartlamon sikra seg ein 35 år lang leigekontrakt med kommunen i fjor, har historia til bydelen vore prega av kampen for å få vera der. Den kampen held fram, ifylgje Maria.

– Det er viktig for oss som bur her å taka vare på Svartlamon.

Det som kjem etter revolusjonen

På spørsmål om dei har høyrt om nokon liknande plassar, svarar Sebastian at Svartlamon er unikt i Noreg.

– Christiania i København liknar litt, men det er jo hakket meir ekstremt der.

Ein likskap er endå at båe er bygde på anarkisme, forklarar Sebastian.

Ikkje den ekstreme varianten med molotovgranatar, men det idylliske som kjem etter revolusjonen: eit samfunn der folk bryr seg om kvarandre og bidreg.

Som for å understreka poenget stoppar kollektivbuarane ei vaksen dame som går forbi. Dei har høyrt at ho treng folk til ei arbeidsgruppe og melder seg til å hjelpa til.

LES OGSÅ: Ingen sure miner på surdeigsbrødbaking.

Powered by Labrador CMS