Filmmelding:

Ein heilt unødvendig oppfølgar

Det er lite nytt å hente når Neo vaknar opp frå Matrisa nok ein gong.

Publisert

Tittel: The Matrix Resurrections

Regi: Lana Wachowski

Spilletid: 2t og 28min

Kvifor Hollywood-gigantane absolutt skal lage såkalla reboots og spin offs av gamle suksessar, er blitt eit banalt spørsmål. Sjølvsagt handlar det om pengar. For det ikoniske Matrix-universet sin del var det berre eit spørsmål om kva tid Warner Bros skulle børste støv av Neo, Trinity og Morpheus.

At det er pengar å tene for produksjonsselskapet, er det liten tvil om. Om produktet dei sel har nokon som helst annan verdi, er noko heilt anna.

Sparkar oppover

The Matrix Resurrections tar opp tråden 60 år etter Thomas Anderson/ Neo (Keanu Reeves) si oppvakning frå datasimulasjonen The Matrix og den påfølgande fridomskampen mot maskinane. Det viser seg at det heile visst berre var eit dataspel, utvikla av Anderson sjølv.

Men verkelegheita er sjølvsagt ikkje slik ho ser ut. Snart innser Neo at psykosane han medisinerer seg mot, ikkje er psykosar, men verda som slår sprekkar.

Resurrections startar friskt i det sjølvrefererande hjørnet. Dataspelselskapet som hovudpersonen starta, har fått beskjed frå høgste hald, eigarane Warner Bros: The Matrix -spela skal få ein oppfølgar i profittens namn.

Kritikken mot den sjellause kapitalismen frå første Matrix-film får ei fin oppdatering her. Og sjølvsagt er detmorosamt med nokre velretta spark mot dei evinnelege nyproduksjonane av gamle storfilmar og mot sitt eige produksjonsselskap.

Les også: Stemningsrapport fra høymesse i Nidarosdomen

Preglaust og føreseieleg

Den humoristiske verknaden fislar likevel ut i møte med ein sørgeleg ironi: The Matrix Resurrections representerer i høgste grad nettopp det han så spedt prøver å kritisere.

Det blir nemleg fort klart at dette er ein film som ikkje har noko nytt å kome med. Historia, som etter kvart tar form som eit heist-plott à la Ocean’s Eleven, er uengasjerande og føreseieleg. Trass i dei gjentatte referansane til moder- trilogien sin hjernespreningskapasitet er problematiseringa av den frie viljen berre ein bleik kopi i oppfølgaren.

Rett nok var verken film nummer to eller tre i serien særleg gode filmar. Filmskapar Lana Wachowski skal ha for å kutte i dei velkoreograferte, men vanvettig langtrukne kung fu- og skytescenane denne gongen.

Men det opphavelege Matrix-universet var trass alt sexy, med all sin svette tekno og testopumpa lærklede. I Resurrections er det estetiske uttrykket ganske preglaust. Til og med søte, storøygde fantasidyr, som no synest obligatoriske i sci fi -franchisane, har fått innpass.

Les også: Anna lever i bobla bare trondheimsstudenter forstår

Gjensyn på godt og vondt

Det store trekkplasteret, gjensyna med dei gamle rollefigurane, er også den største styrken. Skodespelarane Keanu Reeves og Carrie -Anne Moss gjenopplivar den gamle kjærleiken mellom Neo og Trinity med kledeleg modenskap. Også Jada Pinkett Smith er fin som den no eldgamle Kaptein Niobe.

Dei nye rollefigurane blir på si side aldri meir enn kulissar. Regissør og medforfattar Wachowski synest ikkje å vere interessert karakterane, utover at Neo treng nokon å snakke med og grisebanke.

Den nye versjonen av skurken Smith (Jonathan Groff) er ei særs forglemmeleg blanding av finansklyse og Sherlocks Moriarty. Og der Laurence Fishburne kring årtusenskiftet gestalta Morpheus med stilfull karisma, mister 2021-versjonen (Yahya Abdul-Mateen II) raskt all funksjon i handlinga. I andre halvdel av filmen har han knapt ein einaste replikk.

I staden fyller Morpheus rolla som fjollete moromann mellom slaga, som er standard i ein superheltfilm, men heilt overflødig her. Men å hente fram gamle rollefigurar er blitt daglegdags i reboot-bransjen. Det er berre synd når resultata er så dølle.

Det er neppe frykta for å brenne inne med ei god historie som har fått Lana Wachowski til å børste støv av The Matrix. Å vise til at desse filmane var nyskapande då dei kom ut for 20 år sidan, er sjølvsagt ikkje nok til å gi The Matrix Resurrections ein tilsvarande relevans.

Powered by Labrador CMS