Kommentar

Er du stum eller dum?

Jo, du får deg framleis jobb etter å ha ytra deg i avisa.

Publisert

Generasjonen vår har blitt for sjølvbevisst. Genuine haldningar er erstatta av høgrøysta folk på Tiktok som krympar saman av å bli siterte i avisa og eit miljø der den vanlege studenten helst ikkje skal meine noko som helst.

Når eg intervjuar studentar på campus, har dei fleste tilsynelatande ingen meiningar. Ikkje ein gong dei som er politisk korrekte.

Det er ein markant forskjell på å avsløre seg som klimafornektar og å svare på kva for klede du likar å gå i.

Eg nektar å tru at det er tyst når dei same temaa kjem opp i veneflokken.

Medietilsynet melder at berre éin av ti mellom 16 og 24 år les innhald produsert av eit mediehus kvar dag. Redaktørstyrte medium har dermed blitt eit framandord for unge. Det kan derfor sjå ut til at mange ikkje ser viktigheita av å ytre seg i avisa.

Eit mediehus utan innspel frå unge vaksne kan ikkje bli den nye normalen.

Då eg skreiv ein nyheitsreportasje om den nye abortloven, rann det inn e-postar frå intervjuvillige abortmotstandarar. Retten til sjølvbestemt abort er lovfesta i Norge. Dermed er det meir ytterleggåande å vere mot abort enn for. Samstundes var det ikkje ei einaste pro-abortstemme å oppdrive blant studentane.

Media skal informere og belyse, og det er ein vesentleg forskjell på ein artikkel om abortloven og ein om abortmotstand.

Derfor er det viktig å få med alle sider og samfunnslag. Studentmassen kan ikkje forsvinne frå mediebildet grunna eksponeringsangst.

Vi må alle bli flinkare til å framsnakke dei som ropar høgt og deler av seg sjølv. Eg oppfordrar nettopp deg til å applaudere openheit og gjere det mindre skummelt å snakke.

Det er det ingen som bryr seg, eller tør eller vil seie noko om. Så skjerp deg, og snakk med meg

For det du dessverre ikkje kan lese om her i Dusken, er kva medstudentane dine syntest om at Jens Stoltenberg var tilbake, kor dei kjøper kleda sine eller om abort bør vere lov.

Om du er redd for å bli fordømt av ein framtidig arbeidsgjevar fordi meininga di kjem opp når vedkommande søker på namnet ditt, kan du legge det frå deg med éin gong. Arbeidsgjevaren kjem garantert til å prise engasjement og initiativ.

 LES OGSÅ:  Ja, studenter bryr seg fortsatt.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS