
Dette meinar NTNU studentar om nye reglar for søk av høgare utdanning
Det har vorte vedteke nye reglar for tilleggspoeng, som senker den maksimale mengda poeng frå 14 til 4, og fjernar poeng frå alder, kjønn og folkehøgskule. Studentar ved NTNU tenkjer det nye regelverket er eit steg i rett retning.
Kunnskapsdepartementet vedtok torsdag 11. september endringar til søk av høgare utdanning. I dette regelverket har den maksimale mengda tilleggspoeng vorte redusert frå 14 til 4 poeng.
Dette betyr at tilleggspoeng frå folkehøgskule, framandspråk og alderspoeng vert avvikla, og poeng frå realfag og verneplikt vert halvert.
Samt med denne endringa kan søkarar no bruka førstegangsvitnemål fram til dei er 23 år, opp frå 21 år. Delen av plassar for førstegangssøkarar har vorte auka til 65%, opp frå 50%.
Dette regelverket gjelder først for søkarar til utdanningsåret 2028-29.
Ville ikkje søke folkehøgskule om det ikkje gav tilleggspoeng
Kamilla Snekkestad og Selma Jåsund Kvinnesland er studenter ved institutt for bygg og miljøteknikk. Snekkestad har to tilleggspoeng frå folkehøgskule; ho ville søke før det nye regelverket vart iverksett.
– Eg har opparbeida meg poeng frå folkehøgskule og alderspoeng, så no hasta det å søke, seier Snekkestad.
Snekkestad seier at ho sjølv nok ikkje ville valt å gå på folkehøgskule om ein ikkje fekk tilleggspoeng, og ho meiner det er synd at det skal vera mindre insentiv for å gå på folkehøgskule.
– Eg trur det å gå på folkehøgskule er nyttig – du utviklar deg mykje det året, seier Snekkestad.
Ein seier for dei yngre, eit nederlag for dei grå.
Kvinnesland tenkjer det nye regelverket kan senke terskelen for nye søkarar.
– Då eg såg poengkrav for ordinært opptak, tenkte eg: «sjekk den lista!», seiar Kvinnesland.
Internasjonale studentar ved NTNU er ikkje alle klare over det norske tilleggspoengsystemet. Damiano Leonari og Tommaso Paoli, som kjem frå Italia og studerar ved NTNU, påpeikar at dei ikkje har alderspoeng i Italia.
– I Italia burde ein søkje tidleg, så det kan vera vanskelegare for eldre søkarar, uttrykkjer Leonori.
Kjønnspoeng går ut
Spesielt kjønnspoeng var nytt for italienarane, og både Leonori og Paoli tenkjer at endringa er eit steg i rett retning.
– Kjønnspoeng gjev ikkje meining, ein burde komme inn basert på kvalifikasjonar, seiar Paoli.
Snekkestad og Kvinnesland tenker det er bra å prøve å få kjønnsfordelinga jamna ut, men er usikre på om kjønnspoeng er den rette løysinga.
– Om kjønnsfordelinga er veldig skeiv, er det mogleg at det skapar eit mangel på perspektiv, uttrykk Kvinnesland.

Dei påpeiker særs at kjønnspoeng kan gjere at nokre studentar følar seg utanfor.
– På linar der kvinnelege søkarar får kjønnspoeng kan det kanskje følast som om folk trur: «Åh, du kom berre inn fordi du er jente», sjølv om ein har meir enn godt nok snitt utanom, seiar Snekkestad.
LES OGSÅ: Politikk er et hinder for kjærligheten