FILO: Deigen er vanleg i det greske kjøken, og mange av varene deira er lagt mellom lag av filo.

Filo: Kjærleik, kompis og deig

I desember stengde pizzeriaen Ankomst på Folkebiblioteket på Moholt ned. Den gongen kalte Sit seg “håpefulle” for at eit nytt konsept skulle fylla tomrommet. 11. august i år opna Filo opp i same lokale.

Publisert

På Filo står den 21 år gamle daglege leiaren Alexander Iversen Douvros, og sel både kaffe, bakst og pai. Han kjem rett frå militæret, og kjende at han var klar for ei ny utfordring.

OPTIMIST: Douvros ser for seg en økning av utvalet, ikke minsking

– Det var eg, faren min og bror min som såg at lokalet låg ute på Finn, og bestemte oss for at dette var ein god mogleik.

Den unge daglege leiaren fortel at faren er gresk og er utdanna kokk. Difor ynskte dei å laga eit gresk konsept. Serveringa er autentisk og med sterk tilknytning til det greske kjøkenet.

– Me er greskbaserte, men prøvar å ha eit utval som treff dei fleste. For barnefamiliar og born er det ikkje alltid eit fullt middagsmåltid som er fremst på ynskjelista når ein går på kafè.

Ser optimistisk på fremtida

Ankomst la i si tid ned etter å ha slete med underskot. Til trass for dette utvidar Filo både utval og opningstider på den vesle cafèen.

– Økonomien er sjølvsagt ein faktor når ein opnar noko slik. Me gjer ting litt annleis i forhald til Ankomst. Tidlegare vart det berre servert pizza og drikke. Me prøvar å nå mange fleire kundar ved å selja andre ting, til dømes dei som berre vil ha ein kanelknute eller ein croissant med ein kaffe.

Og opningstidene er utvida.

– Me har ope frå 10 til 17 i staden for 10 til 15.30, slik dei hadde før oss. På laurdagar har me ope frå 11 til 19. Det er den dagen me får flest gjestar etterfylgd av fredag og torsdag.

Leiaren ser altso optimistisk på framtida, og seier at kundane kan forventa at dei held på breidda i utvalet.

– Me har lyst til å prøva ut nokre rettar som me ikkje har laga før for å sjå kva for respons me vil få. Me har dessutan plan om å tilby ein “vekas rett” med studentrabatt på sikt.

LES OGSÅ:  Populær studentkafé nedlagt

Salat, gyros, pai, focaccia, kaffe, kanelknutar, croissant

Filo sitt greske tilbod har noko utradisjonelt utval i forhald til andre kaféar, og dei merkar at det har vore eit populært tilbod.

– I vekedagane har me påsmurt foccacia, gresk salat og greske ostepaiar. På helg serverer me middagar, som gyros.

Det er stor breidd i kundane. Dei har heilt andre kundar måndag morgon enn fredag ettermiddag. 

– Me lyt prøva å finna ut kva for profil me vil ha og kven me vil retta oss mot. Me slær både to og tre floger i ein smekk her; for studentane, bibliotekskundane og for dei som bur i nærområdet som har sakna eit kafétilbod. Det er ikkje berre ein kort spasertur til kaféane på Valentinlyst.

Kjært barn har mange namn 

I tråd med deira greske konsept ynskte dei å ha eit namn som passa til både staden og maten.

– Filo er eit ord som har fleire ulike tydingar. Frå gamalt av handlar filo om kjærleik for kunnskap, bøker og skrift. Ettersom me er på biblioteket er jo filosofi og filologi veldig relevant. 

På moderne gresk tydar filo «kompis». I tillegg er filo eit bakverk. Ei av merkevarene deira er paiane deira, som dei brukar filodeig til.

FILOSOFEN: Filo har mange tydingar, som i “filosofi”.

I episenteret av Moholt

Douvros har inntrykk av at ein stor del av gjestane har vore studentar so langt.

– Berre frå me opna til no har me merka ei auking. Me prøvar å tilpassa oss, og om ein har eit godt tilbod og låge prisar, so vil jo studentane koma. Dessutan er det høg konsentrasjon av studentar her på Moholt.

Sjølvsagt prøvar kafèen midt i studentbyen å leggja seg på godsida med studentane.

– Me har 15 prosent studentrabatt på alt anna enn alkohol.

Det er studentsamskipnaden som eig lokalet, og Douvros leiger frå dei.

– Premisset for at me fekk lov til å driva her var at me kunne ha eit levedyktig tilbod til bibliotekgjestar og studentar. Mange av kundane kjem når dei uansett er på biblioteket. Det tykkjer me er positivt både for oss og for biblioteket.

Lisbeth Glørstad Aspås er bustaddirektør i Sit og har tru på konseptet.

– Me trur at dette er eit godt tilskot til dei som bur hjå oss på Moholt Studentby, for gjestar på biblioteket og for andre vitjande i området.

LES OGSÅ:  Helt på bærtur

Powered by Labrador CMS