HANDLAR IKKJE PÅ BLACK FRIDAY: Malin Rød Tandberg er skeptisk til konseptet.

– Ein kapitalistisk, amerikansk tradisjon.

Prisane aukar, men studentane er skeptiske til tilbod

Publisert Sist oppdatert

Denne veka er det « Black Week », og « Black Friday » og tilbod i dei fleste butikkar. Men til trass for høge prisar, inflasjon og trong studentøkonomi, ser studentane svart på dette amerikanske påfunnet.

Det prakkast på ein

PRAKTISKE: Klassekameratane, Henrik Engen Ødegård og Andreas Aasebø, kjøper berre det dei treng.

Andreas Aasebø, som studerer økonomi og administrasjon, får masse reklame frå alle kantar no for tida, men han tykkjer ikkje at det påverkar kva han kjøper.

– Det er sjeldan at det er tilbodet som er utslagsgivande. Men eg slår jo sjølvsagt til viss eg tenkjer at det er for dumt å ikkje slå til på den prisen.

Spesielt når han skal gjera store kjøp, kan det henda at han ventar til november.

–Viss eg finn ut at eg treng ein PC-skjerm, so kjøper eg han sjølvsagt heller på tilbod enn til full pris.

Men han tykkjer at det har utvikla seg over stokk og stein.

–Før var det berre ein fredag. So vart det ei veke, og no ser ein av og til Black Month. Då tykkjer eg at det sporar litt av, men eg skal ikkje klaga på rabatt.

Klassekameraten Henrik Engen Ødegård tykkjer at det hausast frykteleg opp, og at reklamen prakkast på ein, men han trur ikkje han påverkast særleg av den grunn.

–Eg har tenkt ei stund på å kjøpa ny telefon, so det kan henda at eg slår til på det viss eg finn eit godt tilbod.

Båe trur at Black Friday gjer at folk kjøper ting dei ikkje elles ville kjøpt.

–Sal stimulerer sjølvsagt til kjøp, og sånn er det berre, seier Andreas.

Henrik er einig, og trur at spesielt klessalet går opp.

-Det er lettare å slå til på sånne småting som du tenkjer at du uansett skal ha.

 LES OGSÅ:  Kjøpte studentboligene Sit ikke ville ha

– Fretex burde hatt Black Friday

POSITIV TIL TILBOD: Didrik Opsahl ventar heller på romjulssalet.

Energi- og miljø-studenten Didrik Opsahl tykkjer at det er fint at butikkane har tilbod, men plar ikkje handla på Black Friday sjølv.

–Eg kjem nok ikkje til å kjøpa noko i år heller. Ein får sjå om der dukkar opp nokre relevante rabattar.

Han har fått fleire SMS-ar og e-postar med rabattar og reklame.

–Eg sjekkar den reklamen eg får, men eg kjem ikkje til å reisa ned til byen eller oppsøkja tilbod på anna vis.

Han tykkjer at det er noko veldig amerikansk over konseptet, og trur ikkje at det er eit konsept som er funne på for forbrukaren sin del.

–Varer setjast jo på tilbod for å auka salet.

Han seier at han har vorte meir kritisk til heile Black Friday det siste året.

–Media har dei siste åra vist at butikkane sett opp prisane ei stund før Black Friday, for so å setja dei ned og kalla det tilbod.

Helst skulle han sett at ein kunne handla brukt billegare denne veka.

– Finn har jo billegare frakt, men det utgjer ikkje so mykje av prisen til slutt. Men Fretex kunne jo køyrt Black Week.

Tilbod skapar overforbruk

Masterstudent i arkitektur, Malin Rød Tandberg, fortel at ho aldri har handla på Black Friday, og det kjem ho nok ikkje til å gjera i år heller. Ho skjønar at tilboda kan koma godt med for enkelte, men ho let seg ikkje påverka sjølv.

– For dei som har dårleg råd kan det vera greitt å kunna handla inn til låge prisar og spara litt på det, men tilbod skapar overforbruk.

Ho tykkjer at det er ein kapitalistisk, amerikansk tradisjon.

– Det er eit ganske nytt fenomen i Noreg. Der var ei tid utan masse rabattar i november, og me klarte oss godt då og.

Dessutan trur ho at butikkane sett opp prisane fyrst, for so å setja dei ned.

– So det er jo opplagt ikkje eit fenomen som er skapt for dei som slit økonomisk. Heile poenget er at butikkane skal ha meir profitt.

Ho tykkjer at det er eit kynisk konsept, men at det kan vera fornuftig å nytta tilboda viss du skal handla likevel. Sjølv påverkast ho lite av tilbod generelt.

-Men når det er rabatt på bøker, kan det henda eg kikar innom for å sjå om eg finn noko eg har lyst på.

 LES OGSÅ:  Har tastaturet kua pennen?

Powered by Labrador CMS