UTLADA: Programtillitsvald for europastudier Casper David Ottesen Hjelvik meiner at eksamen i januar stoppar studentar for å møte neste semester med fullada batteri.

Eksamen i januar: 

– Eg vil ikkje teke konsekvensen av NTNU sin dårlege planlegging

Haust-semesteret er offisielt utvida til januar. Studentar er misnøgde, medan NTNU-styret synst løysinga er rettferdiggjort.

Publisert

Olivia Harms studerer matvitskap på andre året ved NTNU. Ho har eksamen 9. januar, saman med 760 andre studentar. 

– Det er kjipt å tenkje på at jula går til å øva til eksamen, ytrar Harms.

For matvitskapsstudentane er det ikkje berre demotiverande, men ei praktisk utfordring å ha eksamen i januar. Harms fortel at det rammar studentar som går ut i praksis etter jul ekstra hardt. 

KASTA UNDER BUSSEN: Matvitskapsstudent Olivia Harms informerer om at praksis og eksamen i januar ikkje fungerer i praksis.

– Det kan hende at eg ikkje får møtt eksamen i det heile teke fordi eg har fyrste praksisdag 11. januar i København. Då må eg vera i Trondheim heilt til dagen før eg byrjar.

Ho er ikkje åleine om å starte praksis 11. januar; dei fleste av medstudentane hennar gjer det same. Etter studentane meldte inn dette som eit problem skal rettleiaren deira ha funne ei løysing som NTNU har godkjent. 

Dei har vorte fortalte at dei får lov til å unnlate å møte på eksamen, men likevel får dei lov å konte i august som om det skulle vera deiras fyrste forsøk. 

– Dei oppfordrar oss nesten til å teke konteeksamen i august i staden, men eg ynsker ikkje å øve gjennom sumarferien heller. 

Harms fortel at ho likevel er usikker på korleis løysinga fungerer. Ho tykkjer at kommunikasjonen har vore litt uklar frå NTNU.

Ein kabal som går utover dei små studia

Harms reagerer på at matvitskapstudenta sjølv måtte rapportere om at eksamensdatoen i det obligatoriske emnet hamna berre to dagar før praksisstart.



– Emnet vart berre servert oss, og så skjønnte me sjølve at det ikkje gjekk, seier Harms.

Ho understrekar at ho skjønnar at dei er eit lite studie med berre tjuefem stykk, og at det er mange kabalar som skal gå opp. Likevel uttrykker ho at dei kjenner seg oversett. 

– Det kjennast ut som at universitetet berre kan gjera kva dei vil og så må me fylgje det, uttalar Harms. 

Frå papireksamen til januareksamen

Borge Garman Roti er fakultetstillitsvalg på fakultetet for ingeniørvitskap (IV). Han er bekymra for at det utvida semesteret vil påverke motivasjonen til studentane.

EI JULEFORTELJING: Fakultetstillitsvald Borge Garman Roti, fakultetstillitsvald ved IV jobbar for at studentane skal kunne teke skikkeleg fri i juleferien.

– Det at ein kontinuerleg må jobbe med studiene i eksamensperioden, prøve å teke juleferie utan å kunne teke heilt fri også deretter jobbe vidare er veldig ugunstig. Som student treng du dei pausane.

Dette vert underbygga i ei undersøking dei fakultetstillitsvalde sendte ut til ingenørvitskapsstudentar i forrige semester. Der svara 873 av 905 studentar at det ville påverka motivasjonen deira negativt å ha eksamen i januar.

Roti fortel at det har vore ei endring i korleis type eksamenar NTNU har gjennomført etter korona-tida.

– Før var det vanleg med papireksamen, og under korona vart det meire vanleg med digitale eksamenar og heimeeksamen. Etterpå gjekk me ikkje attende til skriftleg papireksamen, forklarar han.

Roti meiner at denne overgangen frå skriftleg skuleeksamen til digital skuleeksamen er grunnen til at NTNU av skyvd semesteret inn i januar.

– Det er ei lettvindt løysing for NTNU

Roti har saman med andre fakultetstillitsvalde på IV lagt fram eit endringsforslag for Studenttinget. Dei vil prioritere å ha fleire skriftlege skuleeksamenar på papir i desember, slik at studentane slepp å møte opp til eksamen i januar. 

– Me har allereie foreslått dette, men prodekanen for utdanning ved IV-fakultetet svarar at det er eit kapasitetsspørsmål og at dei ikkje kan gjera noko med det. 

Under Dusken har kontakta, Ole Andre Øiseth, prodekan for utdanning, men har vorte sendt vidare til øvrige ved NTNU.

Roti og dei fakultetstillitsvalde har forståing for at det er eit kapasitetsproblem, likevel ynsker dei at NTNU skal sjå på alternative løysingar. 

–  NTNU har nok prøvd å løyse det best mogleg, utan å høyre nok på studentane. Det er ei lettvindt løysing for NTNU å berre utsetje eksamenar til nyåret. Me ynsker heller at dei vurderer tiltak som forhindrar at eksamenar vert sett til januar.

IKKJE-DIGITAL EKSAMEN: Tidlegare har det vore vanleg å gjennomføra eksamen på papir i saler som denne.

Dei fakultetstillitsvalde prøver å finne dei beste løysingane for både universitetet og studentane saman med NTNU. Likevel ytrar Roti at denne løysinga er for dårleg.

– NTNU er veldig opptekne av å halde studentinitiativet og motivasjonen til studentane oppe, og så gjer dei grep som fører til det motsette.

Mangel på kapasitet og løysing

Direktør Audun Grøm ved avdeling for utdanning seier at han forstår at eksamen i januar kan vera belastande for studentane det gjeld. Han fortel på den andre sida at det er fagmiljøa sjølve som vel kva for ein vurderingsform dei meiner at passar emnet sitt best. 

GODT NYTT ÅR: Direktør Audun Grøm ved avdeling for utdanning svarar at studentar ikkje lenger vil måtte teke eksamen i januar når kapasiteten er på plass.

– Det er mange fagmiljø som har vald å halde skriftleg vurdering med tilsyn, og etter me fekk oversikt over omfanget, vart det klart at kapasiteten før jul ikkje var tilstrekkelig, seier Grøm.

Han fortel at dei forsøk å tilpasse eksamensplanen opp mot kapasiteten så godt dei kan, men at enkelte eksamener difor må leggjast til januar.

Han legg til at papireksamen kan brukast der det er faglig begrunna, men at det ikkje åleine løysar utfordringane deira med lokalar, bemanning og tilrettelegging. 

– Så snart kapasiteten tillet det vil me slutte å bruke januar til skriftlig skuleeksamen med tilsyn, seier Grøm.

Digitale problem og digitale løysingar

STEIN, DIGITAL, PAPIR: Prorektor for utdanning Geir Egil Dahle Øien meiner at digital eksamensform som hovudregel slår penn og papir.

Prorektor for utdanning Geir Egil Dahle Øien legg til at det har vore fleire utfordringar som har ført dei til beslutninga om å utvide semesteret til januar. 

Aukande tal av studentar, men ikkje minst utviklinga innan generativ kunsteg intelligens har auka behovet for det Øien kallar «kontrollerte vurderingsformar».

– Skriftleg eksamen med penn og papir er eitt av fleire eksempel på dette, seier Øien.

Han fortel på den andre sida at ved val av vurderingsformar er dei lovpålagte å gjere vurderingane tilgjengelege, samt sørgje for universell utforming og likeverdige eksamensvilkår. 

– Digitale eksamensløysingar i hovudregel gjev betre moglegheit for tilgjengelegheit og universell utforming enn tradisjonelle papireksamen, fortel Øien.

Han meiner at langsvaroppgåver på penn og papir kan vere til bryderi for studentar i dag, som ikkje lengre skriv ofte nok med penn og papir. Han svarar imidlertid ikkje på forslag om at kortare skriftlege eksamenar, til dømes innan matematikk og statistikk, som allereie skrivast for hand, vert flytta til analoge eksamenslokaler

Bytta emne grunna utvida semester

Programtillitsvald for europastudier Casper David Ottesen Hjelvik fortel at han før sumaren hadde planlagt å teke emnet «Amerika i verden» no til hausten. Planane vart diverre endra då han såg eksamensdatoen.

DÅRLEG LØYST: Programtillitsvald for europastudier Casper David Ottesen Hjelvik meiner ingen studentar vil ha eksamen i januar.

– Med dei faga eg hadde planlagt å teke, ville eg ha enda opp med 22.5 studiepoeng verd av eksamen i januar, fortel Hjelvik.

Hjelvik meiner at NTNU kunne ha spådd at KI kom til å verte eit problem. 

– KI kom ikkje i går, akkurat; eg vil ikkje teke konsekvensen på grunn av dårleg planlegging frå NTNU si side, seier han.

Hjelvik meiner også at det er rart at utvidinga av semesteret ikkje har vorte betre formidla.

– Eg fann først ut at eg skulle ha eksamen i januar når eg satt inne på Studentweb og valde fag i sumar, seier han.

Powered by Labrador CMS