VARIASJON: Basseng, habilitet og idrettsbygg var berre
noko av det som vart diskutert på møtet
VARIASJON: Basseng, habilitet og idrettsbygg var berre noko av det som vart diskutert på møtet

–Habilitetsdiskusjonen er verd å taka

Det vart heftige diskusjonar kring habilitetsreglar på haustens fyrste velferdstingsmøte.

Publisert

På dagsordenen for Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (VT) sitt møte 1. september stod mellom anna handlingsplan for 2026–2027.

Velferdstinget vedtek ein handlingsplan som gjeld for valperioden sin, altså for eitt år om gongen. Denne legg overordna føringar for arbeidsutvalet sitt daglege arbeid og prioriteringar.

I årets handlingsplan vart det vedteke at dei skal sørgja for å planleggja eit nytt idrettsbygg for studentar i Trondheim. Oppfølging av Dødens dal er inkludert i handlingsplanen og eit tilleggsforslag om basseng på Moholt dukka opp.

– Det er få basseng per innbyggjar i Trondheim. Inkje anna idrettsprosjekt i byen er prioritert so høgt av Norsk idrettsforeining, uttalar forslagsstillar Alexey Koryachko Johansen i Velferdstinget.

Habilitetsreglar på tinget

I dag har ikkje Velferdstinget habilitetsreglar for representantane sine. Før sumaren var det ei stor mediestorm kring habilitet i Velferdstinget, som mellom anna Under Dusken skreiv om.

– Denne diskusjonen er verd å taka, for me kjem oss ikkje unna han. Me må handtere dette på best mogleg vis, legg representant Henrik Braathen til.

FYRSTE MØTE: Det vart fleire diskusjonar å taka for dei nye representantane denne dagen.

Arbeidsutvalet (AU), som er leiinga i VT, gjev alltid ei innstilling i saker som skal handsamast i tinget. Dette er ei tilråding til kva tinget skal vedtaka. I saka om handlingsplanen inkluderte denne innstillinga eit punkt om å utarbeida habilitetsreglar for representantar og verv som Velferdstinget innstiller til.

– Eg er personleg for habilitetsreglar, men eg lurer på korleis me skal utføra det i praksis, seier Johansen.

Han spør om dette kan avgrensa kor mange som stillar og kor mykje makt Velferdstinget har. Sjølv stilte han på bakgrunn av sitt engasjement for studentidretten, og han har i tillegg verv i NTNUI.

– Me forvaltar offentlege middel og har studentane si tillit. Det er eit stort problem om folk stiller til fordel for sin eigen organisasjon, meiner representant Felix Sämig Underland.

Han presiserer vidare at det er viktig at dei har ein diskusjon om dette, og at tre av Norges fem velferdsting har habilitetsreglar.

Olav Kvåle Gissinger ønskte å fjerna heile dette punktet og meiner dei heller lyt prioritere andre vedtak.

– Eg tykkjer det er bekymringsverdig å stryka dette punktet. Det gjev eit inntrykk av at me er redde for å røra tematikken, svara representant Marte Schjerven Rian.

Strykingsforslaget falt etter ei votering som enda med 1 for og 9 mot. Fem voterte avhaldande. Fleire endringar vart føreslegne for å presisera innhaldet i AU si innstilling, mellom anna frå Henrik Braathen:

«Utarbeide helhetlige habilitetsregler for representanter, arbeidsutvalget og verv som Velferdstinget velger eller innstiller til.»

Dette endringsforslaget vart vedteke, med 14 røyster for, ingen mot og 1 avhaldande. Til slutt vart handlingsplanen i heilskap vedteke einrøystes.

Felix Säming Underland er journalist i Under Dusken.

Powered by Labrador CMS