Ein kavalkade for kvartlivskrisa

Velkomen til dei glade (les: harde) tjueåra. Her er sju film- og serietips som på ulike måtar kan gje trøyst og støtte.

Publisert

Du er i din beste alder og på topp både fysisk og sosialt. Livet står for di dør. Du har hatt eit hav av moglegheiter, og jamaldrande ser ut til å ha landa med kontroll. Sjølv revurderer du studievalet for tredje gong og lurar på om du kan koke egg i vasskokaren. Du har heile verda for dine føter. Viss du føkkar det til, burde du ha visst betre. Velkomen til kvartlivskrisa. 

Hobbiten/Lord of The Rings/ Harry Potter

Av og til er det einaste som hjelper, ei skikkeleg verkelegheitsflukt til eit univers ein kjenner betre enn sitt eige kollektiv. Ein film der helten kjempar dramatisk for å redde verda og får det til. Det at du kjenner karakterane, historia, replikkane – og kanskje til og med litt ekstra trivia – gjer at eit gjensyn med desse filmane er litt som å kome heim og få servert livretten sin. I tillegg gir underdogens seier eit slags håp om at ein faktisk vil greie å kome seg gjennom det ein slit med. 

Fleabag 

Har du følt deg som eit ubrukeleg menneske? Har du oppført deg irrasjonelt, vore mindre hyggeleg mot nokon du eigentleg er glad i eller gjort noko skikkeleg, skikkeleg dumt? Ein kan ikkje alltid vere på sitt beste, og nokre gonger skrantar folkeskikken som følgje av eige indre kaos. Då kan det vere lettande å vite at du alltid har ei overkvinne, som får di store utblåsing til å likne ein bris i forhold. Du kan umogleg vere verre enn hovudpersonen i Fleabag. Denne kritikarroste miniserien med to sesongar kan du sluke på éin dag. Mykje gjer vondt, men det er stort sett ikkje på din kostnad, og alltid med ein god dose humor og glimt i auget. Det er umogleg å ikkje setje pris på denne, og du vil garantert føle deg betre etter å ha fullført han. 

Frances Ha 

Relasjonar kan vere vanskeleg. Særleg ved store livsendringar der alle vennene dine meistrar livet, kjem i seriøse forhold, etablerer seg og skaffar seg draumejobben, medan du sjølv står fast i same sporet. I kunstnarisk svart-kvittformat synleggjer Francis Ha, spelt av Greta Gerwig (regissøren av Barbie), at kvardagslivet ikkje er så glamorøst og framoverlent som alle alltid skal få det til å verke. Når ein ikkje veit kva ein burde gjere eller ikkje veit korleis ein skal få gjort det ein vil, er det støttande å sjå at også andre slit. Filmen viser korleis sjølv den mest optimistiske og glade kan ha vanskar med å realisere draumane sine, og at dette er vanskeleg å snakke om, sjølv til sine næraste vener. 

Into the wild 

Du sit kanskje med ei kjensle av å berre gjere det mest fornuftige. Av å alltid ta dei rasjonelle vala og aldri det du eigentleg drøymer om. Kor fantastisk hadde det ikkje vore å berre stikke av frå alle forventningar, prestasjonspress og vanskelege relasjonar, og heller leve som ein landstrykar på konstant eventyr? Dei første timane kan verke inspirerande, men det er kanskje ikkje like fantastisk som ein tenkjer. Det sistnemnde kan vere fint å bli minna på. 

LES OGSÅ: Fusk er kanskje lov om du er statsråd 

The Office / Parks and Recreation 

Slit du med å sjå viktigheita av den jobben du gjer, og tenkjer du at det du brukar åtte timar på kvar dag eigentleg ikkje har noko meining? Då kan desse to seriane hjelpe deg å setje det heile i perspektiv. Arbeidet treng ikkje nødvendigvis vere ditt livsverk, så lenge du sit i eit kontorlandskap med artige, snodige og samansette menneske. Seriane minner deg på å gjere det beste ut av kvardagen, og at kollegiet kan ha meir å seie enn sjølve arbeidet. Kva er viktigast for deg? OBS! Ha is i magen under første sesong; dette er seriar som treng åtte episodar med oppvarming. 

Verdens verste menneske 

Det er vel ikkje til å unngå når ein snakkar om kvartlivskrise å nemne denne norske Cannes-favoritten. Filmen er relaterbar frå første sekund og viser godt korleis livet ikkje er straumlinjeforma, slik ein har illusjon om som liten. Det er lov å tvile på eigne val, ombestemme seg og fylgje impulsive tankar. Dessutan er det ganske tilfredsstillande med alle dei fine Oslo-motiva, og at alt endar relativt godt. 

Unge lovende 

Du hadde kanskje gløymt denne serien. Unge lovende fylgjer fire unge og lovande kvinner som går hardt ut i livet, med store ambisjonar, og blir skuffa. Livet blir ikkje slik dei hadde tenkt seg, og det er ikkje alltid like lett å handtere. Det gjer ekstra vondt å kjenne seg att i nokon som snakkar norsk. Serien er full av både humor og alvor, og viser fram det kvardagslege på ein lite sjølvhøgtideleg måte. Dumt at NRK har fjerna dei første sesongane frå nettsidene sine.

LES OGSÅ: Trondheim med i storslått EU-satsing

Powered by Labrador CMS