Palantir + Trondheim = sant?
SfP kritiserer selskapet for å bidra til folkemord, kommunikasjonsansvarleg for Palantir anser kritikk som antisemetisk, medan NTNU legg vekt på akademisk fridom.
Palantir er eit amerikansk teknologiselskap som i all hovudsak er kjend for å produsere KI for datainnsamling og overvaking. Denne teknologien vert delt med ei enorm klientliste som går frå amerikanske statsapparat, som FBI, CIA og Ice, til britiske helsevesen og bankar, til militærar.
30. september holdt Palantir eit event for studentar ved NTNU. Her inviterte dei enkelte studentar privat gjennom sms. Om det ikkje var for varsling av Studenter for Palestina (SfP) ville eventet nok vorte gjennomført i løynd.
Same dag som eventet føregjekk, holdt SfP demonstrasjonar mot selskapet, både på Gløshaugen og utanfor sjølve eventet som føregjekk på Work-work.
– Overvaking og folkemord i Vestbreidda
Joel Ramin Neuhaus-Khatami, aksjonsleiar i SfP, seier Palantir prøvar å få fotfeste i byen og har heldt eventet lukka for å unngå kontroversar.
– Dei veit sjølv at selskapet vekkar kjenslar blant folk, fortel han.
Neuhaus-Khatami fortel at grunnen til at SfP er kritiske ovanfor selskapet i stor grad handlar om klientellet deira.
– Teknologien til Palantir vert brukt til overvaking og folkemord i Vestbreidda gjennom avtalar med det israelske militæret.
Han meiner selskapet er bevisste over konsekvensane skapt av teknologien deira. Her referer han til grunnleggjar Peter Thiel sitt nølande svar om menneskeætta burde halde fram med å eksistere.
Administrerande direktør i Palantir Alex Karp har tidlegare sagt i media at teknologien deira vert i nokon tilfeller brukt til mord.
– Alex Karp har sagt at han likar å prate med nazistar og at kvinner i akademia er eit samfunnsproblem, seier Neuhaus-Khatami.
Eit spørsmål som kjem opp er om desse utsagna er brukt for å skape reaksjon eller om dei er reelle meiningar. Magnus de Besche, leiar av SfP, seier i ein tale at denne typen retorikk ofte går att blant studentar som møter opp på slike event, blant anna Your extreme, som er arrangert av Kongsberggruppa.
– Me høyrar utsagn som «Eg likar folkemord», seier han.
Han legg vekt på at sjølv om dette kanskje er eit forsøk på grov humor, er det også dei same studentane som kjem til å produsere den neste M72 modellen.
M72 er eit panservåpen produsert av Kongsberggruppa som tidlegare Statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet, har sagt kan ha hamna i det Israelske militæret.
Kritikk og antisemitisme
Nikolaj Gammeltoft, kommunikasjonsansvarleg i Palantir, avviser kritikken retta mot selskapet.
– Studentane som har kritisert oss har retten til å halde kva synspunkt dei ynskjer, om det stemmer med verkelegheita eller ikkje. I dette tilfellet stemmer det ikkje, skriv Gammeltoft i svar.
Kritikken handlar mellom anna om Palantir si involvering med det israelske militæret, som ifølgje organisasjonene FN og Amnesty begår eit aktivt folkemord. Gammeltoft svarer i ei presissering til kritikken med ei avhandling om korleis antisemitisme er utbreitt i vesten.
– Antisemitisme er ein sjukdom som har heimsøkt Europa i århundrer. Alle europeiske land inkludert Norge har ein komplisert historie når det gjeld dette. Folk har gjennom vår historie trudd at dei har den moralske retten til å terrorisere og forstyrre jødar.
Han argumenterer for eit generelt jødehat i vesten, samt at dette ikkje ekskluderar akademikarar, og viser til 7. oktober, Reinhard Heydrich, Knut Hamsun og George Steiner sitt «brutale paradoks» i den vestlege verda.
Gammeltoft har ikkje svart på vidare spørsmål, eller om dette er personlege meiningar eller holdninga til selskapet.
Ansvar om informasjon og teknologi
Joel Ramin Neuhaus-Khatami, aksjonsleiar i SfP, fortel at NTNU sitt namn vart brukt i invitasjonen til eventet. Han kritiserer at selskap som Palantir og Kongsberggruppa har hatt open tilgang til NTNU sine campus.
– Me har hatt ein langvarig kamp med NTNU utan mykje handling frå deira side, seier Neuhaus-Khatami.
Monica Rolfsen, prorektor ved NTNU, seier at initiativet og gjennomføringa har vore i privat regi av Palantir, men at det er vanskeleg å vete om nokon tilknytta universitet har vorte kontakta i høve planleggjing.
Ho legg vekt på den akademiske fridomen til å gjere opp eigne meiningar rundt kontroveriselle selskap, som Palantir.
– Nokon vil syntest dei er fagleg interessante arbeidsgivarar, medan andre studentar vil vera meir kritiske, fortel ho.
Rolfsen meiner at det å ha ulike meiningar er viktig i samfunnsdebatten.
– Ved NTNU ligg det i kjerneoppdraget vårt å utdanne studentar som er sjølvstendige, reflekterte, løysingsorienterte og drivne på kritisk tenkning, fortel ho.
Å kjempe mot Goliat
Joel Ramin Neuhaus-Khatami fortel at det er ei lita gruppe som både vert invitert til denne typen event som også er i mot til å gjeve informasjon. Dette gjer det vanskeleg å få informasjon om Palantir sine planar vidare.
Han legg til at sjølv om mange studentar støttar SfP, så er det få som gjev opp tida si til å stå opp for sakane deira.
– Me står ovanfor ein Goliat. Me står ovanfor ein militær overvakingsstat. Om me ikkje kjemper imot vil framtida vere den selskap som Palantir vil at den skal vere.