
Deileg dansk duo
Rangleklods gav alt under sin fyrste kveld som UKAs artist. Ein kan kalle det elektropop på sitt beste.
”Pang!” sa det inni oss og Rangleklods var i gang. Den vibrerande bassen kunne kjennast omtrent frå panna og ned til knea. Deilege elektroniske indie-pop lydar breia seg over heile Klubben.
Esben Nørskov Andersen er mannen bak dette geniale oppsettet. På scena står han saman med Pernille Smith-Sivertsen, og tysdagskveld gav dei alt. Energi kan ikkje vere mangelvare hjå duoen då dette berre var byrjinga. Dei er ein av dei tre UKE-artistane som skal spele tre kveldar på rad.
Hiten «Young and Dumb» fekk det til å rykke i trampefoten til mange. Som tittelen kan avsløre omhandlar den tema som dei fleste kan kjenne seg att i. Ung, komplisert kjærleik, feile val, flukt. Dette saman med utruleg kule beats blir til ei megabra låt som det er kjekt å røre seg til. «Clouds», ein anna hit, er av det litt rolegare slaget. Den fekk publikum til å danse synkront i behagelege gyngande røyrsler. Her var det fritt fram for å senke skuldrene, ta ein slurk av øla og berre nyte.
Sidan debutalbumet Beekeeper kom i mars i fjor har dei vore på ein nesten konstant Europaturné. Travle dagar med mykje reising og speling er difor ikkje framand for danskane. Med blant anna Roskildefestivalen på merittlista veit dei kva dei driv med, og dei gjer det svært vel.
Så mykje som mogleg blir gjort live under konsertane til Rangleklods og gårsdagen var ikkje noko unntak. Dei syng og spelar instrument som trommer og tamburin. Stemma til Andersen blir spesielt godt lagt merke til. Med si karakteristiske djupe og intense klang vil ikkje den bli gløymt med det fyrste.
Audmjukheita deira var også svært sjarmerande. Takknemlege frasar på forståeleg dansk kom jamnt og trutt mellom låtane. Alt saman til glede for publikum og stor applaus i gjengjeld.
Heilskapen med eit solid lysshow og god lyd i øyrene gjorde dette til ei vellukka framsyning. Dei sette ein høg standard for det som vil bli ein fin liten Rangleklodsfestival.