Draumen

High Priest Of Saturn spelte seg inn i hjartet til alle.

Publisert Sist oppdatert

Alle elskar doom. Denne sjangeren der tempoa er seine og dryge, mens instrumenta er mørke og fuzza og heile er stemninga er dekt av eit mystisk røykteppe. Men der alle elskar doom, elskar eg doom. Noko som kjem godt fram i radioprogrammet mitt.

Fakta

Trondheim Calling (31.01-1.02)

Festivalen for midtnorsk musikk er i gang på 10 scener, og dusken.no følger festivalen fortløpende. Trykk her for å komme til oversikten.

postBluesKollektivet tar for seg og spiller den gode rockemusikken, hver mandag fra 16-17. Følg oss på Facebook.

Derfor er det gledeleg å sjå eit band som meistrar sjangeren, spel den knakande bra og attpåtil er frå Trondheim. High Priest of Saturn viste seg på Blæst-konserten i går å vera akkurat eit slikt band.

Frå fyrste strøket av strengar tok bandet oss i publikum med på ei reise. Ei reise som byrja i tradisjonell-doom-land, for så å nærme seg meir og meir klimaks i ei sky av psykedelika og okkultisme.

Bass og gitar i vakker symfoni, ein gitar på vandring mellom magiske riff og enorme psych soloar utgjorde eit lydbilde, som saman med eit evig søkande orgel kasta det halvfulle lokale vegg i mellom gjennom heile konserten. Kvinneleg vokal og dei okkulte vibba orgelet førte med seg var heller ikkje så dumt.

Sjølv om ikkje lokalet var stappfullt makta bandet å få med seg dei aller fleste på si reise, og eg må si at eg kan neste ikkje vente til neste gong eg får høyre dei. For dette var verkeleg draumen.

Powered by Labrador CMS