
Eg døyr!
Det byrja med eit smil. Etterkvart gjekk hovuda fram og attende. Så sto heile Klubben på hovudet i vill dans, i perfekt respons til galskapen Death By Unga Bunga brakte med seg inn i Klubben denne kvelden.
Stemninga var god, Klubben var halvfull med halvfulle studentar som sto å venta i spenningsfylte gruppar for å sjå mosserockarane i Death by Unga Bunga. Så byrja musikken, ein sprø, fengande synthmelodi introduserte bandet, før frontmann Sebastian Ulstad Olsen kom hoppande inn gjennom folkemengda. Ei øl i kvar hand, og klar for å gje Trondheim sin fyrste DBUB-konsert sidan 2010.
Introen, eller Stare at the Sun som den heiter, er fyrste låta på deira nye album, You’re the Animal, som forøvrig vart slept same dag som konserten frå Jansen Plateproduksjon. Låta sette stemninga og etter to nummer introduserte Ulstad Olsen bandet med dei velvalgte orda; “Motherfuckeeers, vi er Death by Unga Bunga og i kveld skal jeg ha sex med meg selv.”, raskt etterfulgt av “Og dere er alle invitert!” til jubel og skål frå publikum. Stemninga var satt.
Det er lett å høyre at musikken bandet spel er inspirert av 60-, 70-tallet, og utseendemessig er gjengen som spytta ut frå diverse subkulturar frå den tida. Og fikk vi eit innblikk i kor ville konsertane på denne tida var? For etterkvart som vi kom lengre ut i konserten blei låtane kasta ut med ein råskap som låg langt unna det polerte lydbildet på platane. Ein råskap som smitta over på publikum og den siste halvtimen var det ikkje ein person som ikkje kasta på hovudet, dansa som ein gal eller berre såg på med vantro smil. Det siste spesielt når vokalist Ulstad Olsen bevega seg ut i publikum, dansa på baren bak i lokalet, eller med gitarist Stian Gulbrandsen solospelande på skuldra under encoret.
Låtane dei spelte var ei salig blanding frå den nye skiva, i tillegg til dei største låtane frå tidlegare album. Hits som I Wanna Go Wild, The Kids are up to no Good og Out of My Mynde blei slengt ut med tidlegare nemte råskapen. Og det var nok då fyrstnemnte I Wanna Go Wild at konserten verkeleg tok av. I tillegg fekk vi også ei ukjent låt frå deira 7” EP som ikkje låg ute noko anna sted, før konserten blei avslutta med encoret Abba frå den nye skiva.
Retrorockerane frå Moss gav Klubben og dets besøkande eit show som dei fleste kjem til å hugse, og eg trur vi i publikum gav bandet ein flott start på deira release-turnè for deira nye album. Ein konsert som passa meget godt inn i Klubbens noverande image. Den går rett inn i tradisjonen med utrulege konsertar rundt omkring i det røde runde, huset vi er så glad i; Studentersamfundet. Vi ønskar dei velkomne tilbake og lykke til vidare på turnèen.
I går døyde eg, og det var Unga Bunga som var drapsvåpenet.