Ein elektronisk storkveld

Elektronika du kunne danse deg sveitt til, beats og synth i ypperleg kombinasjon fylte Blæst fredagskveld.

Publisert Sist oppdatert

Diskokuler i ulike storleikar var på plass. Ballongar og vidopne ølkraner var eit faktum. Hipsteranda låg tjukt i lufta med kvite bukseselar og huer som sat så høgt på hovudet at misjonen ikkje kan ha vore å varme øyra. Det var duka for Rytmeklubben og Lemâitre på eit utselt Blæst. Det vart spådd ein over gjennomsnittet sveitt kveld på dansegolvet. Spådomen vart røynda.

Vel ein time etter skjema inntok endeleg Rytmeklubben scena og umiddelbart spreidde deilege elektronikatonar seg i lokalet. Rytmeklubben er sett saman av fem gutar som på lang veg viser at å spele elektronisk musikk er mykje meir enn å berre trykke på ’play’. Her var risting av shakearar, trommer og bassgitar på høgt nivå. Bandmedlem Ole Torjus har tidlegare uttalt at dei strevar etter å sjå så livlege ut som mogleg på scena. Det klarte dei med glans denne fredagskvelden. Energien og stemninga nådde taket og vel så det.

Med stor variasjon i lydbiletet sitt spelar Rytmeklubben innovativ beatmusikk av ypperleg kvalitet. Og dei passa godt inn på ei scene som Blæst. Heller det enn i dagslys på TEMPOcamp under Pstereo, der dei sist var å sjå i Trondheim. Trykkande luft i eit nokså mørkt lokale kledde dei.

Rytmeklubben sette ein høg standard og varma godt opp for kveldens store høgdepunkt, elektronikaduoen frå Oslo – Lemâitre.

Etter ein liten pause med rom for toalettbesøk samt påfyll i ølglaset stod Lemâitre klare på scena. Publikum var spente og det rykka nok litt ekstra i dansefoten til dei fleste.

Lemâitre serverte oss vakre indie-elektroniske lydar i skjønn kombinasjon med heite diskobeats og sterk vokal. I likskap med Rytmeklubben var det mykje giv og liv. Elektronisk musikk live er alt anna enn kjedeleg! Under P3-hitane ”Strobes Pt. 2” og ”Continuum” løfta Lemâitre denne fredagskvelden til nye høgder og publikum var i ekstase.

Sistnemnde kom ut på EP’en Relativity 3 i mars og har jamnt over ein sommarleg sound. Den står i kontrast til mørketida me går i møte, men kontrastar er bra og Relativity 3 vil varme opp kalde haustkveldar for mange.

Når det er sagt så uteblir variasjonen i lydbildet til Lemâitre. Det er ikkje til stades på same måte som hjå Rytmeklubben. To låter som ”Contiuum” og ”Iron Pyrite” låter forskjellig – den eine med søte synthfrasar, den andre med kul gitar. Men det var stort sett desse to momenta det gjekk i og til tider verka det som dei spelte ei einaste lang låt.

Trass i dette var stemninga topp. Lemâitre leverte det publikum ville ha, ein storkveld med deileg eketronisk musikk og nok av diskobeats og cathcy melodiar å danse seg sliten til. Fleire gjekk heim nokre desiliter sveitte lettare denne kvelden.

Powered by Labrador CMS