
Fem feite
Lyst på meir spanning i kvardagen? Her er fem album du bør få med deg.
Svensk 70-talsinspirert rock'n'roll har eksplodert dei siste åra. Band som Graveyard, Witchcraft og Dead Man starta ein trend av band med forkjærlighet for harde riff og stor vokal, som regel spelt inn analogt av gutar med langt hår og denimklær.
Witchcraft - Firewood
Magnus Pelanders Witchcraft blei starta for å lage ein EP som tribute til Roky Erickson og Pentagrams Bobby Liebling. I ettertid har dei sleppt fire sjangerdefinerande album, og skal saman med Graveyard ha mykje av æra for at vårt naboland spyr ut band etter band og skive på skive i akkurat denne sjangeren.
Firewood er Witchcrafts andre album og kom i 2004. Låter som If Wishes Were Horses og Chylde of Fire er eksempel på frontmann Pelanders poetiske, men ofte veldig psykedeliske tekster og 70-talsinspirerte rockemusikk.
Graveyard - Lights Out
Bandet som spelte på Pstereo og skal spele på Byscenen i november, er også frå Ørebro og to av medlemmane spelte saman med tidlegare nemnte Magnus Pelander i bandet Norssken fram til 2000. Utan å spekulere alt for mykje kan ein nok si at det er desse to banda som har stått fremst innan denne sjangeren. Lights Out er det tredje album deira, og med Joakim Nilssons sterke stemme og bandets energidrevne rocknroll er dette eit sjølskrive album i denne lista. Høgdepunkt: Slow Motion Countdown, Goliath.
Skogen Brinner - 1st
Nykommarens debutalbum kom ut i byrjinga av 2013 og er mellom dei i dette landskapet som har treft meg hardast. Bandet syng på svensk, og musikken er akkurat slik det burde vere i denne sjangeren, med masse fuzz og riffing som kan få alle og einkvan til å riste på hovudet. Dessutan ser plateomslaget til vinylen utruleg feit ut. Høgdepunkt: Skogen Brinner (The Forest Burns).
Horisont - Second Assault
Horisonts andre album er meir blues- og boogieinspirert enn dei andre, og dei sparar ikkje på rompesparkande gitarsoloar og enorme vokalparti. Horisont syng også nesten halvparten av låtene sine på svensk, noko som gjer seg særs godt i denne sjangaren. Horisont sleppte sitt nye album Time Warriors den 27. september, og albumet kan kjøpast på vinyl frå den 18. oktober. Da står det berre att å finne ut om den kan måle seg med den utrulege Second Assault. Høgdepunkt: On the Run.
Troubled Horse - Step Inside
Hittil den einaste plata frå John Hoyles, brødrane Ola og Jens Henriksson, alle tidlegare Witchcraft medlem, samt frontmann Mark Heppich. Ei særs gjennomført plate, delvis inspirert av 60-tallets garage og 70-tallets psych-doom. Bandet spelte saman i 10 år før albumet kom ut i 2012, og ein høyrer godt at dette er eit veldig gjennomført album. Som dei fleste andre platene på denne lista står vokalen og ein enorm mengde riffing sentralt i lydbildet, mens ein leikande bass og dansande trommar dannar ein særs imponerande rytmeseksjon. Høgdepunkt: Bring My Horses Home og One Step Closer to your Grave.
Bonus: Spirits of the Dead - Rumours of a Presence
Som ein liten bonus legg eg ved albumet Rumors of a Presence frå dei norske gutane i Spirits of the Dead. Bandet skal varme opp for Graveyard i November, og er definitivt verdt å merke seg om denne lista fall i smak.
Vi kan berre spørje oss sjølv om kva dei puttar i vatnet hjå våre naboar i øst. Feit musikk er det iallefall ikkje mangel på. Og om dette er nye band for deg som leser dette håpar eg at dei kan lysna opp dagen din like mykje som dei har lysna opp eit utal dagar for meg dei siste åra.