Heller digitalt enn live

Med ei blanding av lågmåls stand-up og rapping underheldt Macklemore & Ryan Lewis øltørste studentar.

Publisert Sist oppdatert

Det var trass alt ein fyllefest utan sidestykke. Overstadig berusa ungdomar som ikkje fekk kome inn på området kunne observerast allereie i 19.30 tida. Her har det nok vore seriøse førespel rundt omkring. Festen starta for alvor då bandet endeleg entra scena rett før klokka slo 21.30.

Fakta

Macklemore & Ryan Lewis

  • Seattlebasert rap- og elektroduo
  • Slo fyrst gjennom med låta Thrift Shop
  • Møtte kvarandre på nettsamfunnet Myspace

Med Ten Thousand Hours vart showet opna, til stormande jubel frå eit beinklart publikum. Etter det gjekk snakketøyet til hovudpersonen i noko som verka som ti tusen timar. Det var alvorleg mykje prating mellom låtane gjennom heile konserten. Hadde den tida blitt slått saman kunne nok to-tre låtar ekstra blitt framført.

Egosentrisk

Det blei poengtert at det norske publikumet er det fullaste, galnaste dei nokon gong har opptredd for. Samstundes har nordmenn ekstremt god stil. Med desse kommentarane var det duka for hitlåta Thrift Shop . Wanz, mannen med den djupe stemma som bidrar på låta var også med.

Diverre fekk verken han eller Ray Dalton som også var til stades og som bidrar på Can’t Hold Us den merksemda dei fortener. Det fekk derimot resten av bandet. Før siste låt ut, som for øvrig var ein repetisjon av Can’t Hold Us , heldt Macklemore tidenes lengste introduksjon av bandet. Her var blant anna røvarhistorier om at Ryan Lewis vart fødd i Oslo.

Nei, i det heile, her var nedlatande prating om Mariah Carey og Snoop Dog. Eit slags alterego til Macklemore med namn Raven Bowie fekk vere med og framføre låta And We Danced , i ført parykk og glitrande kappe. Noko slikt høyrer ikkje heime på scena om ein er ein seriøs rappar, men kanskje Macklemore ikkje vil vere det? Ryan Lewis sine utrop innimellom som «Norway!» eller «Are you ready?» minnte mest om ein trasig trancekonsert.

Varm bodskap

Dei skal ha for låta Same Love med den utruleg flotte bodskapen. Verken staten, kyrkja, skulen, eller nokon andre kan bestemme kva hjarta våre skal føle. Me skal kunne forelske oss i kven me vil, om dei er av same kjønn eller ikkje. Slikt varmar våre hjarte. Og det har nok vore ein stor augneblink for han i publikum med pelsjakka som fint måtte bringe den fram til scena. Den ville Macklemore ha på seg då han framføre Thrift Shop. Ein kul gest.

Dei som kom for festen sin del fekk i både pose og sekk, og dei var det mange av. For resten held det med å lytte til Macklemore & Ryan Lewis digitalt heretter.

Powered by Labrador CMS