Lekkert halvakustisk

Rolegt og vakkert på Antikvariatet med Kari Harneshaug.

Publisert Sist oppdatert

Det var duka for ein nedstrippa og roleg start på laurdagskvelden på Antikvaritatet, med duoen Kari Harneshaug på vokal og Karl Gøsta Klaseie på gitar. Disse har samarbeida godt før. Det er blant anna Klaseie som har produsert andreplata til Harneshaug, 7th Day Saviour, som kom i november i fjor, og som skal produsere hennar komande album.

Ti over åtte stod dei klare i sjarmerande omgjevnadar i bokbaren på Antikvariatet. Me blei servert ein lekker samling av Harneshaug sitt eige materiale, både gamalt og nytt, i tillegg til ei Bob Dylan-coverlåt. Harneshaug favnar om singer-songwriter sjangeren. Samstundes kan ho vere svært rocka. Det syner lekre skildringar som «Trondheims PJ Harvey». Denne sida fekk me diverre ikkje oppleve denne kvelden, då må me vente enda nokre veker.

Stemma til Harneshaug er behageleg å lytte til. Denne kvelden eksperimenterte og leika ho litt med den også, spesielt under andre låt ut, den nye og vakre «The Signs Have Been Telling Me». Med Klaseie sine stødige gitarferdigheiter blei dette ein beroligande og kanskje litt søvndyssande affære. For dei som skulle vidare på fest etterpå var det nok ingen genistrek og ta fyrste øla her. Nettopp difor gler me oss stort til å sjå Harneshaug på Familien den 12. september. Då stiller ho nemleg med fullt band, og me vil nok få sjå denne talentfull dama bevege seg innan eit breiare spekter og ho vil få vist enda betre kva ho er god for.

Turen gjekk vidare innom «Sand and Stones» frå andreplata. Ei nydeleg låt som sendte varme bølgjer gjennom heile kroppen. Dei avslutta med det Harneshaug skildra som ei av dei finaste låtene ho visste om. Den hadde ho ikkje skrive sjølv då, la ho til. Publikum humra, og det var klart for «Not Dark Yet» av Bob Dylan. Det kom klart fram at Harneshaug har sterke kjensler for denne låta. Kjenslene smitta over på oss. For ein lett rørt person kunne dette brakt fram tårer, så utruleg vakkert var det. Og om det var litt søvndyssande, så blei me iallefall sendt glade og nøgde ut i Trondheimsnatta. Me gler oss til neste møte med Harneshaug.

Powered by Labrador CMS