
Musikalsk velbehag
Tellef Raabe - eit heitt namn som er kome for å bli.
Passande diskré var han kledd i heilsvart frå topp til tå, og saman med bandet entra Tellef Raabe scena på Søstrene Karlsen presist klokka 20.30 laurdagskveld. Fyrste låt ut var ein lystig sak, den heiter «Smithsfan» og skapa glade rytmer som breia seg om oss. I godt samspel med stemninga elles i rommet verka gutane på scena smilande blide.
Vedder møter Curtis
Dei fortset med låta «Colors» som Raabe sjølv skildra som kassegitarmetal. I denne kunne både dei nedstrippa akustisk gitar-lydane og dei markerte synthlinjene høyrast, noko som pregar lydbiletet til Raabe. Og stemma hans - ja den stemma. Ho gir assosiasjonar til både Eddie Vedder og Ian Curtis, samstundes som ho er noko heilt for seg sjølv. Balsam for både sjela og øyra.
Konserten blir driven vidare med ei rolegare låt, tittel ukjent. Med fraser som “We both know I grew up in the 50’s” vandrar tankane til Neil Young som ein veit Raabe er stor fan av og som er ei inspirasjonskjelde. Mon tru om han har eit hemmeleg ynskje om å vere ung på den tida. Måtte denne låta iallefall love om ei komande utgjeving frå guten frå Ålesund. Handfast materiale vil me ha snarast!
Storslagne harmoniar
Den altfor tidlege avslutninga kom med Urørtlåtene «Stranger Than The Rest» og «Kindred». Om Sigurd Julius gav Urørtdommar Tarjei Strøm 2014’s fyrste gåsehud under onsdagens finale, så gjorde Raabe det same for underteikna med «Stranger Than The Rest». Melodiøst vakker og samstundes støyande og utfordrande er dette ei fantastisk låt som var enda betre live. Det same gjeld «Kindred» - begge låtene bryt ut i storslagne elektroniske harmoniar.
Tellef Raabe gjorde ein vanvittig bra konsert under Trondheim Calling og han er eit namn me kjem til å høyre meir av i tida som kjem.