Pstereo 2014

Årets Pstereofestival byr på mange godbiter, og desse konsertane bør du absolutt få med deg.

Publisert Sist oppdatert

Warpaint, 15. august, Kanonscenen

Me børstar av den raude løparen for Los Angeles-kvartetten Warpaint. Debutalbumet The Fool frå 2010 hausta god kritikk og damene synte sitt talent for uegoistisk interaksjon med kvarandre på scena. Enda betre har samspelet blitt med den sjølvtitulerte skiva Warpaint frå januar i fjor. Ha ei iskald ei klar i neven og forbered deg på ein konsert med mørke gitarriff og generell råskap.

Rytmeklubben, 15. august, Basstionen

Denne gjengen har herja rundt i Trondheim i lang tid allereie. Dei spreidde elektronikaglede på Pstereo i fjor. Gå ikkje glipp av dei i år heller. Kom deg av garde til Basstionen på fredagskveld, og gje slepp på alle hemmingar. Her skal det ristast laus til deilege rytmer av ei gruppe som kan bere namnet sitt med den største stoltheit.

MØ, 16. august, Basstionen

Når inspirasjonen blir henta frå blant anna Spice Girls, noko av det beste 90-talet kom med, så må det berre bli bra. Danmark si heitaste elektropopdronning, Mø, står klar på Basstionen laurdagskveld. Ta på deg danseskoene og varm opp med hitsingelen «Don’t Wanna Dance». Dette blir ein fest

Tungtvann, 16. august, Kanonscenen

Tungtvannkonserten kjem til å bli legendarisk. Ikkje sidan Jørg-1 og Poppa Lars bestemte seg for å legge inn årene i 2010 har vi høyrt noko særleg til desse breikjefta nordlendingene. Vi forventer derfor stor gjensynsglede og nordnorske ordspill frå himmelen når dei går på scena.

Woodland, 16. august, Urørt-scenen

Woodland på Urørtscenen bør du få med deg viss du vil sjekke ut det beste av det nyaste! Woodlands debutalbum som kom i vår, viste at denne hårete gjengen så definitivt har noko på Trondheims musikkscene å gjere. Med sin miks av rock, blues og den råaste vokalen vi har høyrt på lenge, kjem Woodland til å trollbinde publikum.

Les fjorårets intervju med avtroppede festivalsjef Frode Halvorsen som var med på å starte Pstereo.

– Festivalar er som folk, alle har sin personlegdom med gode og dårlege side, skriver vår musikkjournalist som mener at Pstereofestivalen har blitt stadig smalere.

Du kan også lese om festivalgjengernes opplevelse av vegetarmattilbudet under fjorårets Pstereo.

Powered by Labrador CMS