
Ósk erklærer Pstereo 2013 for opna
ANMELDELSE: Ósk tok publikum inn i varmen, og gav Pstereofestivalen ein triveleg opning.
Med litt overtaling klarar kveldens vert å lokke ihvertfall noko av den spreidde folkemengda nærare scena. «Trondheeeeim!» Den elles så avdempa vokalisten har entra scena, og opnar Pstereofestivalen 2013 ved å skrike etter merksemda, og får den.
Den tyrkisk/norske låtskrivaren Oskar Yazan Mellemsether, har gjort seg opp eit stort namn i Trondheim og omegn dei siste åra, og har vore å sjå på mellom anna Isak, Trondheim Calling, by:larm, og på ein rekke andre konsertscener rundt om i landet. I dag skal han sette startskotet for Pstereofestivalen, Trondheims stolthet.
Talenter i ein dårleg miks
Har du ikkje kjennskap til Ósk og Oskar, er Thomas Dybdahl ein sentral referanse, både i forhold til utsjånad (dei er faktisk skremmande like) og musikkmessig. Bandet han har samla består av kjende andlet for dei som har fulgt med i Trondheim sitt musikkliv dei siste åra, og besetninga er slik vi kjenner den; trommer, piano, tuba, trompet og hovudpersonene sjølv på gitar og vokal. Dette kler vise/folk-låtane godt. Singer/songwriter-talentet kjem fram både i tekst og melodi, og med eit dyktig band i ryggen blir musikken krydra med fine fraser og rytmer, og får eit særeigent preg.
Dessverre forsvinn mange av instrumentalstemmene inn i ein ullen, grautete lyd, særleg tubaen og pianoet får svi for den dårlege miksen. Justeringar skjer undervegs, kanskje noko brått, som då lydmannen plutseleg fann vokalklangknappen, men lydopplevinga bedrast heldigvis utover i konserten. Vokalharmoniane derimot kjem til sin rett på denne intime scena. Dei kling klokkereint, og á capella-delane minner til tider om «Hide and seek»-versjonen til Imogen Heap.
Intimt, kosleg og avslørande
Når dagslyset skin på både publikum og scena og avstanden mellom dei er kort, blir sjølv den minste gest synleg. Medan hovudpersonen heldt eit stødig blikk mot publikum, må nokre av bandets medlemmar ta skuld i at konserten framstår litt meir anspent og nervøst enn tidlegare. Blikk blir sendt i retning av den vikarierande trommeslagaren, som for publikum gjer inntrykk av å gjere ein god jobb, men som av nokre av bandets medlemmar får litt for tydelege instruksjonar og rettingar.
Men la oss ikkje dvele ved det negative, fordi dette var ein fin start på festivalen. «I´m singing this song to keep me warm» fortel teksten, men dei flotte låtane varmar fleire enn vokalisten sjølv. Stemninga er god, og Oskar sine joviale og trondheimspatriotiske replikkar mellom låtane blir svært godt tatt imot. Den nye musikkvideoen til låta «The Gesture I Just Made Means I Love You» er absolutt verdt å sjekke ut, og er i fredagens setliste ei frisk viseperle.
Eg håpar Oskar Yazan Mellemsether sitt utspel om pause i forholdet ikkje betyr at han skal legge musikken på hylla, for dette er eit spanande prosjekt med dyktige musikarar som eg vil høyre mykje meir om framover!