Sveitte og faenskap

Rask, energisk surf-punk-rock fylte Knaus under Short Skirts sin fyrste offisielle konsert nokon gong.

Publisert Sist oppdatert

Ropt fram av ein dedikert fanskare entra bandet scena ganske nøyaktig 23:59 og starta showet. Ikkje lenge etter følgde vokalist Espen Ruttenborg Svendsen og Short Skirts såg dagens (offisielle) scenelys for fyrste gong.

Det blei ein dryg halvtime me seint vil gløyme. Knaus var fyllt til randen med forventningsfulle og øltørste studentar. Tempoet var enormt raskt frå fyrste tone. Den elleville dansen til publikum rett framføre scena tok nesten merksemda frå bandet, men stemninga var høg, ho stod i taket med ein gong og kom aldri ned att. Eit lite unntak var under “Den mystiske roliglåta” som enno ikkje har fått eit namn i følgje vokalisten sjølv. Omtrent halvvegs i konserten var det då var rom for dempa head shakes og for å finne fram snus, anten du var publikumar eller stod på scena.

Det heile starta med Urørtlåta ’I Like It Short’ og bandet overbeviste oss om nettopp det. Surf-riff med den same intensiteten til Iggy and the Stooges rulla ut i rommet, og ja, me likar korte skjørt. Jo kortare jo betre. Ruttenborg Svendsen hadde observert fleire slike i løpet av kvelden og det var ”jævlig koselig”.

Lydmiksen var svært god på Knaus denne seine fredag den trettandekvelden. Heile bandet kom godt med i lydbildet og fandenivoldske surf-punk-rock tonar nådde ut til det gjengse publikum. Det blei spøkt med jomfrudomar som vart mista på nettopp ein fredag den trettande kveld nokre år tilbake. Stemninga var i det heile svært god og publikum fekk i både pose og sekk. Under “Some People Light Fires”, siste låt ut, gav Ruttenborg Svendsen beskjed om at no skulle han freiste å ta heilt av. Som sagt så gjort, han heiv seg ut blant publikum og nærkontakt av god sort var til stades. Det var sveitte og faenskap frå ende til annan, ein eksplosjon av ein konsert og den trongaste i Knaus sitt minne. Vel blåse, Short Skirts, Måtte me få høyre meir av dykk i framtida.

Powered by Labrador CMS