Naborevyen, overspæll
KOSAR SEG: Det er god kjemi blant skodespelarane i årets Naborevy.

Revyanmeldelse

Humring og hygge på Naborevyen

Tre linjeforeiningar speler på lag under premiereførestillinga OVERSPÆLL

Publisert

Det er premierekveld på Naborevyen i Verkstadhallen. Salen er fullsett, og publikum frå tre forskjellige linjeforeiningar har tatt turen. Sidan 2015 har Naborevyen vore eit samarbeid mellom linjeforeiningane Timini og Spanskrøret, og i år har dei også opna dørene og inkludert linjeforeininga Ægir, som også har blitt naboen deira.

Årets førestilling har fått namnet «Overspæll», og spel er eit gjennomgåande tema for sketsjane. Me blir kjende med ein familie på fem, beståande av ei entusiastisk mor, ein far som er oppteken av at han er krigsveteran, ein oppgitt son, ei nysgjerrig dotter og ei bestemor som kan breakdance. Desse blir me kjend med gjennom ei rekke nummer der dei får prøve seg på alt frå Minecraft og paintball, til gameshow laga av dottera sjølv.

Salen humrar under heile førestillinga, og særleg godt motteke var nummeret om den evige student. Sketsjen viser ein student som ikkje heilt greier å bestemme seg for kva for studie han vil gå for. Han startar optimistisk på nanoteknologi og blir ein del av Timini, før han hoppar til å bli ein del av Spanskrøret og deretter blir Ægir hans nye fellesskap, berre for å seinare ende opp på Dragvoll for å bli god på kviss. Både publikum og underteikna sette pris på dette nummeret. Kva er vel ein revy utan litt obligatorisk dragvolldiss?

Som revyar hør og bør inneheldt OVERSPÆLL song- og dansenummer òg. Fleire av desse imponerte og begeistra publikum, og det var ofte etter desse framføringane at applausen var kraftigast. Her var det attkjennelege situasjonar, som seine helgemøter med øvingar, akkompagnert av forførande song og dans, samt meir dramatiske framføringar, som i «Tillit til tillitsvalgt» og «En Incels Lamento». Sistnemnde var for øvrig eit strålande avslutningsnummer før pausen og forsongaren skal ha skryt for god songstemme.

Les anmeldelsen av fjorårets Naborevy:  – Liker å danse og synge, men suger til det?

Etter første akt sit latteren lausare hjå publikum og bandet får stadig heider. Musikarane gjer ein solid jobb, sjølv om musikken i nokre tilfelle overdøyver stemmene på scenen. Blant dei kortare sketsjane er det verdt å trekke fram «Ansvarsfull dyrepass», der me får eit herleg gjensyn med spelet Tamagotchi, det virtuelle kjæledyret som alltid treng mat.

Det er gjennomgåande god stemning under heile revyen og skodespelarane har god kontakt med publikum. Manusforfattarane har skrive fram gode, velformulerte sketsjar. Eg opplevde at sketsjane i nokre tilfelle mangla litt snert, noko som er synd, sidan fleire av dei verka å ha potensiale for både gapskratting og latterbrøl. Revyen skal òg ha skryt for å oppretthalde speletemaet ved å flette inn spelreferansar i dei fleste nummera, og likevel ha ei breidde av ulike sketsjar.

Alt i alt er årets Naborevy ei hyggeleg oppleving. Dei involverte verkar å ha hatt det moro med å lage revy, og ein merkar at det er god kjemi mellom skodespelarane på scenen. Dette smittar over på publikum, og samtlege ser ut til å kose seg denne fredagskvelden.

LES OGSÅ: MAKAN! til revy har jeg aldri sett før

Powered by Labrador CMS